Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Anbefalte innlegg

Skrevet

17 av 25 egg må jo være bra!!! Er det best å dyrke egga i flere dager? Hva håper og tror du selv? 

Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)
2 timer siden, Susa skrev:

17 av 25 egg må jo være bra!!! Er det best å dyrke egga i flere dager? Hva håper og tror du selv? 

Ja, 17 befrukta egg av 25, er kjempebra! :) Problemet er berre at forrige gang så falt nesten alle egga frå i løpet av dei første dagane. Og det er vel også litt av grunnen til at egga vanligvis berre blir dyrka til dag 3 før innsett, sånn at ein skal vera ganske sikker på at det faktisk blir eit egg igjen å setja inn, og at ikkje alle egga går til grunne før innsett.

Fordelen med å dyrka egga lenger, er at jo fleire dagar eit egg klarar seg, jo bedre kvalitet er det sannsynligvis på egget. Problemet er at fleire egg då vil falle frå før innsett, og ein sit igjen med færre egg. Men dei egga som har gått til grunne før den tid, var kanskje uansett for dårlige til at dei ville ha blitt noko av dei? :vetikke:

Grunnen til at dei vurderer å dyrka egga mine ein dag ekstra denne gangen, er fordi eg har så mange egg å ta av. Og då er det ikkje krise om nokon fleire egg fell frå før innsett, for eg vil mest sannsynlig ha ein del egg igjen likevel. Men sånt kan ein jo aldri vita sikkert på forhånd, så legane vurderer underveis kor lenge egga skal dyrkast, etter kvar som dei ser korleis egga utviklar seg. Derfor får eg ikkje svar før i morgon på om det blir innsett då, eller først på torsdag. 

På klinikken me brukar, fryser dei kun ned blastocystar, som er egg som har utvikla seg til det som blir kalla blastocyststadiet. Forrige gang hadde eg også egguttak på ein mandag, som no. Då fekk eg sett inn eit 3-dagars egg. Så var det 3 egg som vart dyrka vidare heilt til lørdagen. Lørdagen var det kun eitt av egga som hadde utvikla seg til blastocyst, og som var bra nok til nedfrysing.

Eg er veldig  glad for super befruktning, men samtidig er eg litt redd for at nesten alle egga skal gå til grunne til slutt, som sist. :forvirret: Eg har litt fleire egg å ta av denne gangen, enn det eg hadde forrige gang. Men eg har høyrt at mange egg kan gi dårligare kvalitet på egga, så det er nødvendigvis ikkje berre positivt med så mange egg heller. :roll:

I morgon blir iallfall ein spennande og skummelt dag, det er det ingen tvil om! :bond:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Ingen telefon frå klinikken i dag tidlig, så då er eg litt redd for at det er mange egg som har falt frå allerede. :unsure:

Då blir det iallfall innsett i dag, reknar eg med. 

Skrevet
10 minutter siden, Mirabella76 skrev:

Ingen telefon frå klinikken i dag tidlig, så då er eg litt redd for at det er mange egg som har falt frå allerede. :unsure:

Då blir det iallfall innsett i dag, reknar eg med. 

Lykke til! :klem:

Skrevet

Lykke til uansett! Når har du innsett?

Skrevet

Håper det gikk bra i dag! Mvh snikleser :) 

Skrevet
11 timer siden, Kokos skrev:

Lykke til! :klem:

 

10 timer siden, Harlekin skrev:

Lykke til uansett! Når har du innsett?

 

1 time siden, Porcelain skrev:

Håper det gikk bra i dag! Mvh snikleser :) 

Takk for det, alle saman! :) Og velkommen til deg, Porcelain! :klem:

Skrevet (endret)

Då har eg blitt rugar igjen! toff.gif

Eg fekk ingen telefon i dag tidlig, sånn som eg hadde håpa på. Viss det var mange egg som hadde overlevd til i dag, så ville dei dyrka egga ein dag til før innsett. Men det vart det dessverre ikkje noko av. Så eg møtte opp til den avtalte timen i formiddag.

Kom først inn til legen, som sa at eg hadde eit perfekt firedelt egg, som eg kunne få sett inn i dag. smil.gif Men han sa samtidig at eggstokkane mine var store, så det var ein sjanse for overstimulering viss eg vart gravid. Alternativet var å frysa ned egga, og ikkje setja inn noko egg i dag. Eg spurte kva han anbefalte. Legen sa at han anbefalte å setja inn eit egg i dag, for det var ikkje sikkert at eg vart overstimulert. Men viss eg ville vera 100% sikker på å ikkje bli overstimulert, så kunne eg ikkje setja inn egg. Det vart til at eg sa ja til å setja inn eit egg i dag, sidan legen anbefalte det. Så får eg berre håpa at det går fint!

Eg spurte også legen kom mange av dei 17 befrukta egga mine som hadde overlevd til i dag. Han sa først at det var 4 firedelte egg til, som dei ville sjå an vidare. Men då eg skulle få sett inn egget, spurte legen sjukepleiaren som var der, kor mange egg dei skulle dyrka vidare. Ho sa då at det var 7 egg dei skulle sjå an vidare! Legen sa så til meg at ok, men det er ikkje alle dei 7 egga som er av like god kvalitet. Så eg veit ikkje heilt om det kanskje betyr at 4 av egga var av god kvalitet, mens kvaliteten på dei 3 andre var dårligare? confuse2.gif

Legen sa også at alle egga som hadde overlevd, hadde blitt befrukta naturlig, med IVF. Ingen av egga som hadde blitt befrukta ved hjelp av ICSI, hadde klart seg. Så då var det egentlig bortkasta pengar å bruka nesten 3000 kr ekstra, på at dei skulle bruka ICSI på halvparten av egga. :forvirret:

Innsettet gjekk veldig fint, og eg fekk sjå det firedelte egget på skjermen. smil.gif Det var forresten den samme legen eg hadde både på uttak og innsett denne gangen.

Etterpå snakka eg med ein av sjukepleiarane. Ho sa til meg at eg skulle begynna på Klexane (blodfortynnande). Eg spurte kva som var grunnen til det, og fekk til svar at det var fordi eggstokkane mine var store. Det kunne visst også hjelpa egget til å festa seg. Eg trudde det var tablettar eg skulle ta. Men så skjønte eg at det var sprøyter det var snakk om. deppa.gif Så no må eg setja ei sprøyte kvar dag fram til testdagen. Og viss eg blir gravid, så må eg fortsetja med sprøytene heilt fram til veke 7! urk.gif

Eg som trudde at eg var ferdig med sprøytene for denne gang, men dengang ei. deppa.gif Akkurat no ser eg litt mørkt på akkurat det, og føler kanskje at det er litt unødvendig. sparke.gif Men eg får vel berre halda ut, og håpa på at det blir baby av det! smil.gif

No er eg iallfall rugar igjen, så det blir spennande dagar framover! kryss.gif

Endret av Mirabella76
Skrevet

Ruger! Tipper det er en spesiell følelse. Og så kult! Litt kjedelig med sprøyter kanskje, men tenk på hva du kan få igjen av dette :biggrin: Spesielt når det øker sjansen også! 

Når er testdagen? 

 

Skrevet

Kjipt med sprøyter, absolutt! Man føler liksom at man er ferdig med sprøyter ved egguttak. Uansett, kjempeflott at du er ruger! Jeg har har at hvis man er lett overstimulert, er det lettere å bli gravid. Jeg var lett overstimulert på aller første forsøk, da jeg ble gravid med datteren min. Så krysser fingrene! Når får du vite hvordan det går med de andre eggene dine?

Skrevet

Krysser alt jeg har og fortsetter å heie fram til testdagen! :duskedame: 

Kjipt med sprøytene, men hvis det kan være med på å øke sjansene så er det tross alt en kort periode i det store og det hele. Og om ikke annet så har du god trening fra før.. ;)

Skrevet (endret)
13 timer siden, Weebs skrev:

Ruger! Tipper det er en spesiell følelse. Og så kult! Litt kjedelig med sprøyter kanskje, men tenk på hva du kan få igjen av dette :biggrin: Spesielt når det øker sjansen også! 

Når er testdagen? 

 

Ja, det er ein ganske spesiell følelse! ;) Og typisk meg, så begynnar eg allerede å stressa litt, fordi eg ikkje har kjent nokon symptom enda. :sjenert: Veit jo at egget ikkje festar seg så tidlig, så eg bør vel slappa heilt av foreløpig. Men det klarar eg altså ikkje! :klaske:

Får virkelig håpa at eg får noko positivt igjen for alt dette sprøytestyret, ellers blir det mykje stikking til ingen nytte.  :forvirret:

Testdag er 15. mars! :)

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)
11 timer siden, Harlekin skrev:

Kjipt med sprøyter, absolutt! Man føler liksom at man er ferdig med sprøyter ved egguttak. Uansett, kjempeflott at du er ruger! Jeg har har at hvis man er lett overstimulert, er det lettere å bli gravid. Jeg var lett overstimulert på aller første forsøk, da jeg ble gravid med datteren min. Så krysser fingrene! Når får du vite hvordan det går med de andre eggene dine?

Ja, det var akkurat det eg tenkte då eg tok den siste sprøyta før egguttak, at no var eg endelig ferdig med sprøytene for denne gang (og forhåpentligvis for alltid)! Så for å vera heilt ærlig, så vart eg skikkelig skuffa og lei, då eg skjønte at eg måtte begynna med sprøyter igjen. :( Men no går det litt bedre, og eg prøver å tenka på at sprøytene gir oss litt bedre sjanse til å lykkast. :)

Eg har også høyrt at det er lettare å bli gravid, når ein er overstimulert. Artig at du faktisk har opplevd at det stemmer. ;) Håpar eg er like heldig! 

Då eg hadde innsett i går, snakka eg med ein sjukepleiar etterpå. Ho sa at dei skulle sjå an dei 7 egga vidare. Og viss det vart nokon egg på frys, så ringte dei meg. Eg rekna med at dei kom til å ringa meg lørdagen, som sist. Då hadde eg også egguttak ein mandag, og då dyrka dei 3 egg vidare, og eg fekk telefon lørdagen. Då var det eitt av egga som hadde overlevd til lørdagen, og utvikla seg til blastocyst. Dette egget vart då fryst ned. 

Derfor vart eg veldig overraska når eg såg at dei hadde ringt meg i dag, mens eg var på jobb. Prøvde å ringa tilbake, men då var telefontida over. :( Så eg får ikkje ringt tilbake før i morgon. No er eg litt redd for at alle egga mine har gått til grunne allerede, sidan dei ringte frå klinikken alt i dag. :unsure: Håpar jo ikkje det då. Men det kan vel ikkje vera meininga at dei skal frysa ned egga allerede i dag? :vetikke:

Endret av Mirabella76
Skrevet
11 timer siden, Kokos skrev:

Krysser alt jeg har og fortsetter å heie fram til testdagen! :duskedame: 

Kjipt med sprøytene, men hvis det kan være med på å øke sjansene så er det tross alt en kort periode i det store og det hele. Og om ikke annet så har du god trening fra før.. ;)

Takk for det! :klem:

Ja, eg prøver å tenka at sprøytene er for noko positivt, så får eg berre kryssa fingrane for at det ikkje endar med negativ test likevel!

Skrevet (endret)

I dag tidlig ringte eg tilbake til klinikken, sidan dei hadde ringt meg i går. Det var heldigvis ikkje dårlige nyhetar dei hadde til meg, men gode nyhetar! :) Av dei 7 egga som dei skulle dyrka vidare, var det 3 egg som hadde klart seg, og som hadde blitt fryst ned i går (torsdag). Egga såg visst veldig fine ut, så sykepleiaren eg snakka med i telefonen, meinte at eg måtte vera veldig fornøyd. ;)

Og eg er absolutt kjempefornøyd med 3 egg på frys denne gangen! :smilbla: Forrige gang fekk eg jo berre eitt egg på frys. Det einaste eg synst er litt dumt, er at eg ikkje fekk blastocyst på frys denne gangen, sånn som eg fekk sist. For blastocystar har jo større sjanse for å overleva opptining.

Eg hadde eggutak ein mandag begge gangane. Denne gangen vart egga berre dyrka til torsdagen, før dei vart fryst ned. Forrige gang dyrka dei egga heilt til lørdagen, før nedfrysing.

Eg spurte kvifor dei ikkje hadde dyrka egga i fleire dagar denne gangen, sånn som sist. Sykepleiaren svarte at det var sånn dei såg an og vurderte etter kvart. Egg som såg veldig bra ut, vart fryst ned på eit tidligare tidspunkt, enn egg dei var usikre på. 

Det er sjølvsagt positivit at egga mine såg så fine ut, at dei meinte det ikkje var nødvendig å dyrka dei vidare. Men samtidig tenker eg på det med opptininga, og at egga no har mindre sjanse for å overleva, enn om dei hadde blitt dyrka vidare til blastocystar før nedfrysing. 

Uansett, eg er veldig glad for at eg har fått 3 egg på frys denne gangen! :hoppe:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Stol på ekspertisen! Fantastisk med 3 flotte egg på frys! :strix:

Skrevet
2 timer siden, Kokos skrev:

Stol på ekspertisen! Fantastisk med 3 flotte egg på frys! :strix:

Ja, 3 fine egg på frys, får eg vera fornøyd med! :)

Eg får prøva å stola på ekspertisen. ;)

Skrevet

Så bra at du har fått 3 egg på frys! Det er et flott resultat, det fikk jeg også :) Teoretisk sett kan det blir 2 barn ut av de 4 eggene (1 i magen, 3 på frys) ... ;)

Skrevet (endret)
1 time siden, Harlekin skrev:

Så bra at du har fått 3 egg på frys! Det er et flott resultat, det fikk jeg også :) Teoretisk sett kan det blir 2 barn ut av de 4 eggene (1 i magen, 3 på frys) ... ;)

Ja, teoretisk sett kan det faktisk det! ;)

Men eg har dessverre ingen god følelse for dette forsøket heller. :sjenert: Eg er 5 dpo i dag, og har ingen som helst graviditetssymptom :( Eg føler meg heilt som vanlig. Når eg har vore grravid før, har eg på dette tidspunktet så vidt kjent litt stikking/murring/ ømhet i magen. No er det absolutt ingenting å kjenna, samme kor godt eg kjenner etter.

Eg veit at det er tidlig enda, men eg har ein sterk følelse av at også dette forsøket kjem til å enda negativt. :sukk: Så eg er ikkje akkurat optimistisk for øyeblikket, for å vera heilt ærlig. 

Endret av Mirabella76
Skrevet

Husk at det var ikke jeg heller! Jeg kjente ingenting, og var overbevist om at det ikke gikk veien. Men der tok jeg altså feil. Krysser fingrene for at det er det samme hos deg!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...