Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Anbefalte innlegg

Skrevet
På 3.2.2017 den 20.46, Mirabella76 skrev:

Eg er ikkje plaga med vatn i kroppen, men ei nerve i klem kan jo kanskje vera ei mulig forklaring på prikkinga? Men det eg synst var så ekkelt, var at prikkinga kom så mange plassar samtidig. Og det at magesmertene kom rett etterpå, gjer at eg føler at prikkinga og magesmertene hadde ein samanheng med kvarandre. Eg synst heller ikkje magesmertene kjentest ut som ligamentsmerter. Det var skikkelig verking, som kunne minna litt om menssmerter. Men det var kun på høgre side av magen. 

Eg fekk nesten mareritt om at prikkinga kom først, fordi navlestrengen vart tetta igjen av ein blodpropp eller noko. Og så kom magesmertene kort tid etterpå, fordi fosteret ikkje lenger fekk næring, og døde. :( Kanskje dumt av meg å tenka sånn, men ein veit jo aldri kva som kan skje. Eg merkar iallfall at eg ikkje klarar å slappa av no, så eg er nødt til å ta ein tur innom legekontoret på mandag. 

Eg har vurdert å kjøpa meg doppler tidlegare. Men når eg ikkje har gjort det før, så giddar eg ikkje å bruka pengar på det no. Eg er 15 veker på vei, og eg reknar med at eg begynnar å kjenna liv om berre få veker, viss alt er som det skal vera. Dette er også første gangen sidan eg var på fosterdiagnostikk i veke 12, at eg har kjent noko som har gjort meg bekymra for babyen i magen. Men hadde eg hatt ein doppler, så hadde eg sjølvsagt tatt den fram no!

Huff og huff! Sånn må du ikke tenke! Jeg har ikke tenkt tanken at det kan skje engang, så du setter griller i hodet på meg også nå! :klem: 

Ja, doppler kan vel skape like mye bekymring dersom en plutselig ikke hører hjertelyden. Og samme med spark og liv, om babyen plutselig er rolig en dag. 

Håper resten av helgen var bedre og at du får noen gode svar hos legen i dag. 

Videoannonse
Annonse
Skrevet
På 5.2.2017 den 7.54, QBee skrev:

Gratulerer så mye med graviditet (godt på vei til og med) Mirabella! Så deilig at dere klarte det på det siste forsøket! 

Tusen takk, QBee! :klem: Ja, tenk at me var så heldige, og fekk klaff på siste forsøk! :)

Skrevet (endret)
2 timer siden, Jill skrev:

Huff og huff! Sånn må du ikke tenke! Jeg har ikke tenkt tanken at det kan skje engang, så du setter griller i hodet på meg også nå! :klem: 

Ja, doppler kan vel skape like mye bekymring dersom en plutselig ikke hører hjertelyden. Og samme med spark og liv, om babyen plutselig er rolig en dag. 

Håper resten av helgen var bedre og at du får noen gode svar hos legen i dag. 

No er eg så utrulig glad og letta! :nordvesta: Eg gjekk innom legekontoret i dag tidlig, og fortalte at eg var bekymra pga prikking i kroppen og magesmerter før helga. Det var heldigvis jordmor på legekontoret i dag, så eg fekk time hos jordmor ein time seinare. Så då var eg innom butikken og handla litt, mens eg venta. 

Eg var så utrulig nervøs når eg kom opp på legekontoret igjen, og sette meg på venterommet. Eg såg for meg det verste, og tenkte at eg aldri kjem til å koma over det viss jordmora ikkje finner hjertelyden. Eg tenkte på minstejenta mi på 4, som snakka om babyen frå ho åpna augene i dag tidlig, og fram til eg leverte henne i barnehagen. Og kva i all verden eg skulle seia til jentene mine som gledar seg sånn til babyen kjem, viss det ikkje er liv lenger? :( Eg sat der med tårer i augene, og hjertet dunka hardt og fort.

Eg hadde ikkje venta lenge før jordmora stod i døra, og ropte opp navnet mitt. Det var ei anna jordmor enn ho eg var hos sist. Då eg kom inn, fortalte eg om prikkinga, magesmertene og kor bekymra eg hadde vore i helga. Jordmora sa at ho ikkje hadde noko forklaring på kva det kunne vera, men at det var bra at eg kom inn for ein sjekk. Eg synst jordmora såg litt bekymra ut, så eg fekk inntrykk av at ho tenkte at det kunne vera noko gale. Så eg klarte absolutt ikkje slappa av når ho målte blodtrykket, eg kjente at hjertet slo fort. Derfor vart blodtrykket litt høgare enn sist, men likevel innanfor normalen.

Så kom det aller skumlaste! Eg måtte leggja meg på benken, og jordmora begynte å leita etter fosterlyden. Først høyrte eg hjerteslag, men eg trur det var mine eigne hjerteslag, for hjertelyden var ikkje rask nok. Så eg låg der og var livredd! Plutselig høyrte eg den mest fantastiske lyden i verden - eit lite hjerte som dunka raskt og fint! :hjerte: Gledestårene kom, og eg såg at jordmora smilte. Kjente med ein gang at eg slappa av i kroppen, og angsten inni meg slapp taket. Så fantastisk det var, og så utrulig glad eg er no! :strix: Fosterlyden var på 146 slag i minuttet i dag. 

Beklagar at eg gjorde deg bekymra med tankane mine, Jill. :klemmer: Det var absolutt ikkje meininga! Men no når alt var bra med den lille i magen min, så håpar eg at du klarar å slappa av - for alt er heilt sikkert bra med magebuaren din og! :)

Både doppler og uregelmessige spark kan nok skapa bekymring, ja. No ventar eg spent på å kjenna bevegelsar frå den lille! :) Eg er akkurat 16 veker i dag, men har ikkje kjent noko liv frå babyen i magen enda. 

Eg har heldigvis hatt ei fin helg, til tross for bekymringane mine. Det var planleggingsdag i barnehage og skule på fredag, så me har hatt langhelg. Eg og jentene mine har vore hos mine foreldre heile helga, og det var heilt supert! Søndag reiste me vidare i bursdagsbesøk til det eine tantebarnet mitt, og var då saman med heile mi side av familien. Veldig koselig! :) Så på dagtid har eg heldigvis hatt mykje anna å tenka på og vera opptatt med i helga, og det er eg glad for. Om kveldane har det vore ein del tankar og bekymringar - men no håpar eg at eg kan leggja dei vekk, og berre gleda meg desse siste vekene fram mot ordinær ultralyd! :jepp:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Åå, så godt å høre @Mirabella76:ninuskapus: Etter det legen kunne se sto alt bra til her også. Tok en hcg-prøve for sikkerhetsskyld. :) 

Skrevet
5 timer siden, Jill skrev:

Åå, så godt å høre @Mirabella76:ninuskapus: Etter det legen kunne se sto alt bra til her også. Tok en hcg-prøve for sikkerhetsskyld. :) 

Så bra! :) Kor langt er du på vei no?

Skrevet
55 minutter siden, Mirabella76 skrev:

Så bra! :) Kor langt er du på vei no?

Er 6+1 i dag, så ikke veldig langt. Har bare lyst å hoppe frem til uke 12. :)

Skrevet (endret)
2 timer siden, Jill skrev:

Er 6+1 i dag, så ikke veldig langt. Har bare lyst å hoppe frem til uke 12. :)

Ja, vekene fram til veke 12 følest alltid ekstra lange. Kryssar fingrane for at alt går fint for deg og denne gangen! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Gjest Blondie65
Skrevet

Kjempeglad for å høre at alt står bra til med lille mageboer. :)

Skrevet
Akkurat nå, Blondie65 skrev:

Kjempeglad for å høre at alt står bra til med lille mageboer. :)

Ja, dette vart heldigvis ein god dag, etter ei helg med mange bekymringar! :)

  • 2 uker senere...
Skrevet

I dag er eg 18+0! :nordvesta: Eg synst vekene har gått fort - tenk, no er eg snart halvveis i svangerskapet! :ohmy:

Og om berre 3 dagar er det tid for ordinær UL! :hjerte: Eg både gledar og gruar meg. Gruar meg, i tilfelle det skulle visa seg at noko er gale. Og gledar meg til å få sjå babyen og forhåpentligvis få vita kjønn, viss alt er bra. 

Eg begynnar no å bli ekstremt utålmodig etter å kjenna liv! Siste veka, altså mellom veke 17 og 18, har eg lurt på om eg innimellom kjenner bittesmå bevegelsar. Men det kan gå fleire dagar mellom kvar gang eg kjenner noko. Og det er så lite og kortvarig, at eg ikkje er sikker på om det faktisk er babyen eg kjenner. Den einaste gangen eg kjenner noko som kanskje kan vera babybevegelsar, er når eg ligg på rygg i senga, og held hendene mine flatt med litt trykk over nederste del av magen. Men det har berre skjedd nokon få gangar, dei fleste gangane eg ligg sånn og kjenner etter, merkar eg ingenting. Skulle berre ønska eg var sikker på at det er babyen eg har kjent, men det er eg altså ikkje. :sukk:

Akkurat det gjer nok at eg er litt ekstra nervøs no rett før OUL. Eg hadde nok klart å slappa meir av, viss eg hadde kjent tydelig liv frå den lille i magen. Forhåpentligvis er jo alt bra likevel! Eg har aldri kjent liv veldig tidlig før heller. Kjente liv i veke 19 med førstemann, og i veke 18 med nr. 2. Hadde håpa eg skulle kjenna bevegelsar enda litt tidligare denne gangen, men det kjem forhåpentligvis veldig snart! :jepp:

Skrevet

Jeg tror de fleste kjenner på den følelsen når det nærmer seg oul :) Du har hatt noen ultralyder tidligere så alt er nok helt i orden! Dere vil vite kjønn eller?

 

Skrevet (endret)
7 timer siden, QBee skrev:

Jeg tror de fleste kjenner på den følelsen når det nærmer seg oul :) Du har hatt noen ultralyder tidligere så alt er nok helt i orden! Dere vil vite kjønn eller?

Ja, eg har hatt nokon ultralydar tidligare dette svangerskapet, så forhåpentligvis er alt bra fortsatt. Men eg stressar litt med at eg ikkje kjenner liv enda. Det gjer meg meir nervøs enn eg ellers ville ha vore. No er det også mange dagar sidan eg kjente noko som muligens kan ha vore babybevegelsar. Dei siste dagane har eg kjent etter både morgon og kveld når eg ligg på rygg senga, men eg kjenner absolutt ingenting. :sukk: Så eg føler meg langt frå trygg, sjølv om eg eg ikkje har hatt verken magesmerter eller blødningar. 

Eg er kjempenysgjerrig på om det et gutt eller jente denne gangen, så eg vil heilt klart vita kjønn! :jepp: Det viktigaste er sjølvsagt at alt er bra med babyen i magen min. Og viss alt ser fint ut, så er det å få vita kjønn heilt klart eit stort ønske! Føler at eg blir litt meir kjent med babyen i magen, når eg veit om det er jente eller gutt. :)

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)
1 minutt siden, Mirabella76 skrev:

---

 

Endret av Mirabella76
Skrevet

Brukt hele kvelden på å lese igjennom dagboka di, Mirabella:) Og for en lykkelig slutt du fikk etter alt for mange nedturer!:hjerte: Utrolig glad på dine vegne og venter spent på å høre om det er en liten gutt eller jente:rolleyes: Sender en klem!!

Skrevet

Det må være gutt. :P

Er det torsdag du skal inn? Så spennende. Jeg er bombesikker på at du får beskjed om at det står til liv og alt er bra. Jeg sleit også med å kjenne noe ordentlig denne gangen før etter uke 19,  og det stresset meg siden jeg var annengangs og visste fra privat ultralyd at morkaken lå bakover. Men alt var fint og bevegelser og "spark" kom uken etter OUL på daglig basis. 

Krysser fingrene for at alt ser fantastisk ut under hele diagnoseringen :)

Skrevet

Hurra for 18 uker!:hoppendeglad:
Det blir utrolig spennende med ultralyd. Har full forståelse for at du er nervøs, men mest sannsynlig står alt bra til med den lille. Jeg var også så nervøs at jeg var helt utav meg den siste dagen før UL, men gikk heldigvis fint. Jeg er også veldig nysgjerrig på hvilket kjønn som gjemmer seg i magen din :)

Skrevet

Oi, uke 18 allerede! Synes også det har gått fort. :) Lykke til på OUL i morgen! Sikker på alt står bra til og at bevegelsene kommer snart. :hug:

Skrevet (endret)
21 timer siden, sandnezz skrev:

Brukt hele kvelden på å lese igjennom dagboka di, Mirabella:) Og for en lykkelig slutt du fikk etter alt for mange nedturer!:hjerte: Utrolig glad på dine vegne og venter spent på å høre om det er en liten gutt eller jente:rolleyes: Sender en klem!!

Velkommen hit, sandnezz! :klemmer: Imponerande at du har orka å lesa gjennom heile dagboka mi på ein kveld! :tommel: Ja, eg håpar virkelig denne dagboka endelig får ein lykkelig slutt. :) Men eg har fortsatt ikkje vore på OUL, og meir enn halve svangerskapet gjenstår. Så eg føler meg langt frå trygg enda. :sjenert: Men så langt ser heldigvis alt bra ut, så får me berre håpa at det fortset slik! :jepp:

Eg er veldig spent på UL i morgon, og om det gøymer seg ein gutt eller ei jente i magen min denne gangen! ;) Eg var heilt sikker på gutt i starten, fordi kvalmen aldri kom. Men hjertelyden har alltid vore mellom 140 og 160 slag i minuttet, så det kan tyda på jente. Så no veit eg ikkje heilt kva eg trur lenger. ;)

Endret av Mirabella76
Skrevet
20 timer siden, Havrekjeksen skrev:

Det må være gutt. :P

Er det torsdag du skal inn? Så spennende. Jeg er bombesikker på at du får beskjed om at det står til liv og alt er bra. Jeg sleit også med å kjenne noe ordentlig denne gangen før etter uke 19,  og det stresset meg siden jeg var annengangs og visste fra privat ultralyd at morkaken lå bakover. Men alt var fint og bevegelser og "spark" kom uken etter OUL på daglig basis. 

Krysser fingrene for at alt ser fantastisk ut under hele diagnoseringen :)

Me får sjå. :) Eg var som sagt heilt sikker på gutt i starten, men no er eg veldig usikker, og tenker at det er like stor sjanse for gutt som for jente. ;)

Ja, det er i morgon (torsdag) eg har time til OUL! :) Det blir både spennande og skummelt. Betryggande å høyra at du ikkje kjente liv før veka etter OUL, sjølv om du ikkje er førstegangsgravid du heller, og hadde morkaka på bakveggen akkurat som meg. Håpar eg er like heldig, og at alt ser fint ut med babyen i magen min og. :jepp:

Takk for fingerkryssing! :klem:

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...