Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Minus 500 gram denne veka, er godt fornøgd med det :) Håper det kan fortsette å gå rette vegen..

Har ete kromtablettar denne veka, og uansett om dei funkar eller berre har placeboeffekt, så føler eg at godtesuget er mindre, og eg har ete mindre godteri. Ein liten sprekk på butikken i går, og eg veit GODT at eg ikkje bør gå innom der om eg er svolten!

Ellers så har vi ikkje hatt O'boypulver i hus dei siste par vekene, og det trur eg også er lurt..! Vi drikk ein del mindre mjølk pga det..vi er to vaksne og eitt barn (som drikk mjølk, ho siste har eigen mjølkestasjon :P ), og vi drikk (pluss matlaging!) ca 6 store kartongar i veka..altså 10,5 liter mjølk. Dei to siste vekene har vi drukke kanskje berre 4 kartongar, altså  7 liter. Det er 3,5 liter spart, altså ca 1500 kcal. Pluss O'boypulveret..! Det blir jo faktisk ein del, det! Gutungen får berre O'boy i helgene, men eg er litt meir sånn at eg tek meg eit glas O'boy til lunsj og sånn, når ingen ser meg ;) Men har altså ikkje gjort det på to veker :tommelsmil:

Treninga gjekk bra på mandag (klarte å jogge etter programmet), men vart litt amputert på onsdag..i staden for 60 minutt på tredemølla så vart det 9 minutt før lisjemor våkna for pupp.. Skal gå trilletur i dag, og trene i kveld. Håper ho ikkje vaknar!

Neste vekes plan er også trening mandag, onsdag og fredag + trilleturar forhåpentlegvis kvar dag, ca 1 time. Skal ifølge løpsprogramme auke til (7 min jogging, 3 min gåing)x3. Er spent på om eg klarer det :)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Den 8. september 2016 at 17.01, silverdoe skrev:

Koster den noko? Eg trur mange (meg sjølv inkludert!) vil få ein oppvekker ved å notere ned alt ein et! :fnise:

Det går nok ned til at det held seg stabilt, men den store vektoppgangen uteblir! Og det er kostholdet mitt..eg er altfor svak mentalt, og går på smell etter smell. Og eg trur at "den lille biten der betyr ingenting", men vips, så var alt oppete! :daane: Men treninga mi har eg fått orden på, og det er eg kjempefornøgd med! :jepp::tommelsmil:

Jeg er ikke så sikker men mener det er gratis også koster det 29,- i mnd eller noe:dry: Altså, veldig billig i forhold til vektklubb osv. sine, og minst like god. også er det forskjellige dietter man kan velge i den. Sånn som nå har jeg tatt LCHF diett og du får beskjed med en gang om noe inneholder altfor mye karbohydrater. Det er ganske spennende altså, mye vi ikke vet om fett, karbohydrater osv:bond:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Den 10.9.2016 at 8.43, DreamFitMom skrev:

Jeg er ikke så sikker men mener det er gratis også koster det 29,- i mnd eller noe:dry: Altså, veldig billig i forhold til vektklubb osv. sine, og minst like god. også er det forskjellige dietter man kan velge i den. Sånn som nå har jeg tatt LCHF diett og du får beskjed med en gang om noe inneholder altfor mye karbohydrater. Det er ganske spennende altså, mye vi ikke vet om fett, karbohydrater osv:bond:

Skal ta og kike på det, i alle fall viss det er gratis ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På fredag stod vekta stille, greit nok, ikkje opp i alle fall.

I dag har eg tatt min siste bit sjokolade på ei stund! Eg har kome fram til at den sjokoladen er dødaren for meg altså, det er heilt ille til tider! Forrige veke åt eg minst 500 gram sjokolade, og det er jo sånn ca 2500 kcal...Eg er ikkje i nærheten av å trene bort det! Så no må eg berre vere kjempestreng, og fram til jul er det null sjokolade og smågodt. Så får eg sjå om det gjer utslag på vekta..og så må eg prøve å ikkje ete masse sjokoladeerstatning med like masse kcal ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Forrige veke gjekk eg opp 200 gram og denne veka gjekk eg ned 1,1 kg :) Godt fornøgd med det, men eg frykter det kjem påatt litt, for eg trur det er mykje væske eg har mista.. Eg har ikkje vore så god i magen denne veka, noko har lagt og ulma i magen..eg har vore kvalm og uggen og hatt dårleg matlyst. I tillegg så har mykje av maten rent gjennom systemet, så derfor trur eg vekta ikkje er heeeilt ekte.. Men vi får sjå neste veke :)

Eg har i alle fall klart å halde meg unna sjokolade (bortsett frå tre bitar vi fekk i sånn desserteske i eit selskap forrige helg, men det er ikkje dei tre bitane som utgjer overvekta mi, for å seie det slik.. :P ), og eg har som sagt ete nokså lite til å vere meg. Men kanskje eg har ete normalt i forhold til alle andre?! Kanskje det er slik eg eigentleg burde ete? 1-2 skiver til frukost, 1 steikt egg til middag og det var det :P

Treninga har ikkje vore så bra denne veka. Lite trilleturar, og berre trening på mandag. Onsdag var eg kvalm, og i tillegg gjekk tredemølla varm etter at mannen var på, så no tør eg ikkje bruke den før vi har sjekka den :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opp 100 gram denne veka, og det var betre enn forventa, mtp forrige veke :) Trudde eg skulle gå meir opp..

Har fått trena litt denne veka, 53 minutt tredemølle på mandag, 6 km trilletur onsdag og torsdag, styrketrening torsdag (men ikkje trilletur tirsdag eller tredemølle torsdag, fordi eg klarte å få skikkeleg vonde gnagsår på innsida av låra etter mandagen...som ikkje vart betre etter trilleturane onsdag og torsdag :P ). Kostholdet er ok, men kinogodteri på onsdag og helgagodteri no...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Annonse

Har visst ikkje skrive noko her i det siste.. Ikkje at det er så mykje å oppdatere med heller da :P Vekta held seg stabil på eit høgt nivå, og treninga går det nokså bra med. Har vore litt lite dei siste vekene, pga oppussing på kveldstid og forkjølelse..

Sjokoladen klarer eg å halde meg unna for det meste, men det havnar litt i smågodtposen min kvar helg. Det er uansett mykje mindre enn eg åt tidlegare, for eg klarer å la vere å ete på kvardagane :tommelsmil: Men det må nok hardare lut til, vi må bli enda strengare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Her går det så som så.. Har hatt ei periode med kveldsoppussing og forkjølelse, som gjorde at det ikkje vart så mykje trening. Men no er vi i gang igjen, og prøver så godt vi kan med mandag, onsdag og fredag. Kostholdet må framleis jobbast med, og det blir IKKJE betre av at det er desember og snart jul! I fjor var jo eg høggravid på denne tida, og hadde klart å halde ca startvekta heilt til desember..då kom det på både feitt og vatn (mykje salt mat) ;) Det blir ikkje betre i år, tipper eg..berre dumt eg ikkje har ein baby å skulde på lenger ;) 

Og tradisjonen tru kjem skuleungane på døra og selg Mormors doble sjokoladeflarn, som eeer sååå gooode! Og eg klarer IKKJE å halde meg unna! Og snart skal julekakene bakast, og eg klarer ikkje å halde meg unna der heller! :-/ Av og til får eg lyst å ta kjøkkenkniven og berre skjere vekk alt det ekle feittet på kroppen min, men eg ser jo at det kanskje ikkje er den beste planen :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest gjest- silje

Ja desember en en måned full av fristelser! Vi har fullstappet med sjokolade og kake på jobb nå, men jeg har en regel om at jeg spiser ingenting jeg ikke klarer å kontrollere mengden på. Det tror jeg har vært en god grunn til at vekten økte mye hos meg.. En sjokolade og et kakestykke der, det "gjaldt" visst ikke det... Men dette har jeg brukt noen år på å opparbeide viljestyrken til, så det er ikke gjort så alt for fort nei ;)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...