Jump to content
silverdoe

Mamma for andre gong :)

Recommended Posts

silverdoe

Då er eg 6 dagar på overtid, ikkje overraskande ;) Skal på overtidskontroll i morgon, og håper eigentleg at dei ber meg kome tilbake 1. januar. Sånn med tanke på nytt skuleår og sånt for ungen sin del. Så lenge babyen har det bra og ikkje er for stor, så gjer det meg ingenting å gå over tida. M kom jo 10 dagar over tida og var 3710 gram, så ikkje så forferdeleg stor til å vere godt over termin. Men det kan jo hende ho her er DET beistet på 5 kg og 40 cm hovudomkrets! :ler: Har lagt meg ca 5 kg no, og det er nok ein del vatn som har kome på. Merkar det godt på føtene. Pinnekjøt og julemat er jo ikkje særleg bra mtp salt, og vatn i kroppen.

Men ellers så koser eg meg, prøver å strikke litt og slappe av. Nettene er litt oppstykka, sover litt dårleg og må på do ca kl 3 og kl 6 kvar natt :P

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

silverdoe

Endeleg ei oppdatering, og denne gongen med jenta på utsida av magen! ;) Endeleg kom ho, godt over ei veke over termin :) Frisk og nydeleg fin, vi er forelska, alle tre! M var sååå kry storebror då han kom og besøkte oss på sjukehuset, og er sååå søt med ho :hjerte:

Fødselen gjekk veldig bra, sånn bortsett frå at det er så vondt å føde! :ler: Eg hater rier :ler: Gjekk med ballongkateter i 36 timar, og kom så inn på sjukehuset for å sjekke. Då hadde eg 3-4 cm åpning, så då tok dei vatnet 23.15 på kvelden. Merka at riene begynte å komme ca 23.45, og så gjekk det slag i slag fram til litt over kl 3 om natta, då vart ho fødd :) Kasta opp 4 gongar, men var obs på det denne gongen her, så då slapp det å komme på golvet ;) Ein annan ting vi var obs på, var det som skjedde med morkaka sist. Den satt jo fast, så det sa vi ifrå om denne gongen, slik at dei var føre var. Dei forberedte drypp for å minske blødningane, og det var lurt, for det samme skjedde no. Sist gong mista eg 1,8 liter blod, og det var litt meir hastverk med å få meg ned på operasjonssalen, men denne gongen hadde dei litt betre tid (og eg mista berre 800 ml blod). Trur det gjekk 40 minutt før eg vart trilla ned. Men det var 40 nokså fæle minutt, for det var IKKJE behagelig når dei prøvde å dra ut morkaka! Då ville eg heller født ein gong til... Dei kveila altså navlestrengen rundt handleddet for å få godt tak, ei hand langt oppi livmora, ei dame på kvar side av beina mine + ei som stod og trykte på magen, og så droooog dei og trykte.. og ba meg slappe av :PDet var vondt, det! Til slutt gav dei opp og sendte meg ned for å operere den ut, og det var nok like greit, for den sat visst BOM fast (dei meinte på at kanskje eg berre "holdt" den igjen i livmora, at den var laus). Fekk heldigvis litt lenger tid saman med jenta mi enn eg rakk med M, det var fint :) Og  mannen min fekk nokre fine pappatimar medan eg var nede og opererte :) Forma mi er veldig fin, er ikkje så veldig sliten etter fødselen (kanskje ein fordel med korte fødslar?), måtte sy 3 sting som ikkje er særleg plagsomme, og får slappe godt av på dagtid :)  Medan det står på, er jo det grusomt med rier, men no i ettertid ser eg jo at eg hadde ein veldig grei fødsel. Som jordmødrene sa; hadde alle fødslar vore som min, så hadde dei hatt ein lett jobb på fødeavdelinga ;) Og så var jo det verdas beste premie! :hjerte:

Ho var 3540 gram og 49 cm og er verdas finaste :rodmer: Det er så fint å berre sitje og sjå på ho :hjerte: 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Teriyaki

Gratulerer så mye! :) høres ut som en flott fødsel ja, bortsett fra det med morkaken. :) Kan forresten bekreft bekrefte det at man blir ekstra sliten av lange fødsler :fnise: 

 

Kos deg. Plutselig er deres jente også 10 mnd og i full vigør, slik som vår gutt. ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Weebs

Gratulerer! Snikleser her ;) Det med morkaka hørtes helt forferdelig ut! Ble litt kvalm :ohmy:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe
Den Tuesday, January 05, 2016 at 19.59, Teriyaki skrev:

Gratulerer så mye! :) høres ut som en flott fødsel ja, bortsett fra det med morkaken. :) Kan forresten bekreft bekrefte det at man blir ekstra sliten av lange fødsler :fnise: 

 

Kos deg. Plutselig er deres jente også 10 mnd og i full vigør, slik som vår gutt. ;)

Tusen takk! 😊 Tida kjem til å gå rasande fort ja! Vi prøver å nyte dagane mest mogleg, kose masse med ho..det er så avslappende! ;)

Den Wednesday, January 06, 2016 at 10.42, Weebs skrev:

Gratulerer! Snikleser her ;) Det med morkaka hørtes helt forferdelig ut! Ble litt kvalm :ohmy:

Hei, og tusen takk! :) Anbefaler ikkje å ha fastsittende morkake :fnise: Det var ganske ubehagelig! Trur eg definitivt må fortrenge det før neste gong! ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

I dag var helsesøster på besøk, og alt ser fint ut :) Lisjepia har blitt 3800 gram, og det var helsesøster godt fornøgd med :) (ho var 3510 gram forrige onsdag). Åh, dei veks fort, desse småtassane! Eg må verkeleg nyte kosen mens eg kan, snart er ho 13 år og vil ikkje kose meir..! 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

silverdoe

Då er lisjejenta 1,5 mnd gammal, herlighet som tida går! :O Var på helsestasjonen på tirsdag, då var ho 5310 gram og 55,5 cm, så ho veks godt :)

Dagane er nokså like, vi er heime og kosar oss, går på trilletur, og ellers gjer vi fint lite..eg har sett ein sesong av "The Bachelor" og ein sesong med "The Bachelorette", men no måtte eg berre ta meg i nakken og ikkje sjå den neste sesongen som dei skal sende, det blir for masse pes å følge med på :P Då kan eg heller nytte tida til andre, meir fornuftige, ting :) Som f.eks. trilletur, kose med nurket, husarbeid, strikking..det er nok av ting å finne på!

Nokre dagar har eg også M heime, han er i ein periode der han ikkje vil i bhg alltid..han seier at det er så mange slemme ungar der. Vi har sagt ifrå i bhg om det han har sagt oss, men vi trur at han stort sett har det veldig fint der. Men det gjer vondt når han seier at andre ungar slår han med pinner i augene og på hendene..Stakkar :( Håper for all del at det har vore ein eingongsepisode, og at det ikkje er noko gjentakande! Men han får altså vere heime av og til, det er kjekt både for meg og for han :) Han er ein innmari fin fyr, og han er så glad i lillesøstra si! Sussar og kosar på ho, og seier ho er den finaste på jord <3 Skikkeleg godgut! Vi er heldige som har to så fine ungar! ;):hjerte:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Då er plutseleg lille-M snart 4 månader gammal! Oisann, kor vart tida av?! Ho er så våken, sosial og blid, ein skikkeleg god unge <3 Eg syns å huske at store-M også var ein skikkeleg godunge, men ho her er eksepsjonell blid altså :P Og så er ho så flink å sove om natta :tommelsmil: Ho sovnar for natta i 20.30-21-tida, og kan sove heilt til 5-6-tida før ho vaknar for mat! Nokre gongar kanskje ho våkner ein gong i løpet av natta. Og så våknar ho for dagen i 7-7.30-tida, heilt passe mtp levering i bhg for store-M :)

I går rulla ho frå rygg til mage for første gong, så det måtte eg såklart filme og sende snap av til alle interesserte og uinteresserte slektningar og venner :fnise: Eg prøver å ikkje vere aaaaltfor babycrazy på snap og face, hehe :) Men det er vanskeleg, for ho er jo sååå søøøt!  :rodmer:

Store-M er ein kjempefin storebror som ikkje har vore noko sjalu eller noko sånt, berre god mot ho! Fantastiske fine fyren min, han også er så fin! Rart at stygge meg har fått to så fine ungar! :ler: Og så blir eg litt vemodig av og til, når eg ser kor stor store-M er, og at han har berre eitt år igjen i bhg før han skal på skule, og at han og lillesøstra ikkje får gå i bhg ilag...og så er eg så glad for at dei er friske og fine, begge to!

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Det er ikkje så ofte eg skriv her, merker eg..det var meir med førstemann :)

Lille-M har blitt ei stor og fin jente, ho veks meget bra og har tydelegvis godt matvett :ler: No er ho blitt 8.5 mnd og står og går langsmed møblane. Eg ser at ho er nokså lik store-M i utvikling, så det blir spanande å følge med på :) Ho er ei skikkeleg blid jente, alle som møter ho kommenterer kor blid ho er (og det er jo hyggeleg!) :)

Sovemessig er ho også litt lik store-M, han sov ikkje så veldig lange lurer på dagtid ei periode..og det gjer ikkje ho heller alltid..upraktisk, eg syns det er kjekt med litt åleinetid, det må eg berre innrømme ;) Å rekke å gå på do og strikke ei runde på strikketøyet er ikkje lenge nok, syns eg! :ler:

Men eg skal  ikkje klage, eg har ein fantastisk storegut og ei fantastisk lillejente! <3

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest
Svar på dette emnet

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Vi setter stor pris på at du deltar i debatten. Unngå brukerangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Husk at du selv er ansvarlig for alt du skriver på nett. Takk for at du bidrar! Her finner du reglene.


Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...