Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Frøken silver skal ha for god planlegging - crocs OG tøfler! :ler:

Jeg har bestemt meg for å bli der i MAKS tolv timer, og så skal jeg hjem :Nikke::ler:

MÅ dere bli der i tre døgn, silver? :) eller KAN man dra tidligere om formen tilsier det?

Ja, eg liker å vere godt forberedt og skrive lange lister :fnise: Crocsa er i tilfelle eg må på fellesdo/dusj, tøflene er for å halde føtene varme ;) Kvar sin funksjon, hehe :)

Eg veit ikkje om vi MÅ vere der i tre døgn, eller om det berre er normen.. Eg veit om ei trebarnsmor som kom heimatt etter 6 timar, trur eg det var.. Så ein får sikkert reise heim viss ein er i god form og føler seg trygg. Men eg veit ikkje kor lurt det er av meg som førstegongsfødande da.. Tipper eg syns det er greit å få hjelp med amming og sånn, og berre få litt ro saman med mannen og ungen dei første dagane :) Det er berre besteforeldre (og evt søsken av ungen) som får kome på besøk, men når vi kjem heim står nok heeeeile slekta på dørstokken og vil inn! :ler:

Rettetang treng forresten ikkje eg..eg har så stritt hår at det har ingen effekt.. :sjenert: Men hårstrikk og hårklemmer må eg hugse! :jepp:

Den eine lillesøstra mi og eg har no starta eit veddemål, tipping om når han kjem! Ho tippar 11.11, eg tippar 17.11.. og den eine tanta mi tippar 24.11 og mannen min 7.11. Dette blir spanande :popcorn: Feel free to join! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:babygutt: TIPPELISTE FØDSEL :babygutt:

Ul-termin 14.11.2011.

Silverdoes mann: 7.11

frøken am: 10.11

frøken am nr 2: 12.11

Silverdoes lillesøster nr 2: 13.11

Benni: 14.11

Pitteliten: 15.11

Silverdoes lillesøster nr 1: 16.11

HenLu: 17.11

Silverdoe: 17.11

Silverdoes pappa: 17. eller 18.11

Delphina: 20.11

Silverdoes tante: 24.11

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg tror den kommer 10.!!

Så da gjør den det :Nikke : :ler :

Ja, eg skal IKKJE klage om du får rett! :fnise:

------------------------

No er eg heime hos familien min for helga. Mannen min skal på hytta og jakte i helga, så då nytta eg anledninga til å stikke heim til ho mor :) Håper mannen kjem heim med både rådyr, hjort og rype no da! :jepp: Han har nemlig ikkje så mange fleire anledningar til å stikke på jakt på, for snart blir det andre prioriteringar :fnise: Men jakta varer jo til 23. desember, så kanskje han kan få seg ei helg i desember :)

Eg sykla ikkje heimatt denne gongen da :fnise: Det fekk eg ikkje lov til av mannen min, pluss at aldri i verda om eg hadde orka! Eg trur eg hadde døydd av pusteproblem :ler: Eg syns det er slitsomt nok å sitje rett opp og ned, sitje samankrøkt på ein sykkel hadde sikkert vore grusomt :)

I dag kjem også den eine lillesøstra mi heim, og så skal vi på basar :) Det er alltid kjekt med rullelappar! Eg eeeelsker det! :fnise: Håper eg vinn sjokolade, potetgull eller tjukkeraggar! :)

Så var det vekta mi da.. Fredag er offisiell vegedag, men sidan eg ikkje har tilgang til den vanlege vekta, så må eg ta gårsdagens vekt.. Og den var 9,6! Buhu, 200 gram over veke 9-vekta! :daane: Men eg tek det eigentleg framleis ikkje så tungt ;) Det er berre kjedeleg å vere på 9-talet i staden for 8-talet.. Målet var eigentleg max 9,5 i dag, så eg ligg 100 gram over målet..Jaja.. Målet for neste veke: max 0,1 kg! :) (Men då må eg slutte å ete desse gode kjeksa vi kjøpte av ein 5-klassing som kom på døra.. Mormors doble sjokoladeflarn..mmmm! :fnise: )

Edit: glømske meg må jo :hoppe: for 37 veker og fullbåren! :strix: No kan han berre kome!! :rodmer:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:strix: 37 uker og fullbåren :strix::hoppe:

Haha, de kjeksene der er faaaaaarlig gode :kjefte: Sånn kom bror min med i går, og gjett om jeg klarte å sette klørne mine i en av de.. Jaaaaammmii :skratte: Finnes ikke bedre kjeks, tror jeg :D

Basar er GØY!!! Jeg elsker det :D Og det er alltid godt å være hjemme hos mor :D Bli varta opp og stelt med :) Heldige meg har mamma rett under meg, og bare ei dør mellom huset :) Får nyte det de siste mnd vi bor sånn :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina
:hoppe: for 37 uker og en fullbåren liten guttepjokk! :strix: Han kommer rundt termin. :lur: Neeei, vet ikke når han kommer, men tipper 20. november. :sjenert:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest frøken am

Haaalloooo han kommer den 10.! :ler:

Fullbåren og greier :rodmer:

Spennende dette!! :jepp:

Kos deg hos mor - alltid godt å bli vartet opp i barndomshjemmet :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Då er eg tilbake att etter ei fin helg heime med ho mor og resten av familien :)

Hurra for HenLu som har født medan eg var borte! :strix: Heeeeldig! :rodmer:

Det var veldig kjekt å få vere heime ei helg og berre slappe av og ha det fint :) Var på basar på fredag, vant masse småpjask (mykje kjem nok til å havne i søppelet..det er INGEN vits i at eg tek vare på det.. :fnise: ). Men rullelappar generelt er jo så kjekt, sjølv om gevinstane ikkje alltid er heilt supre :gjeiper:

I går gjekk mamma, søstra mi og eg ein relativt lang tur (dvs ikkje kjeeempelang da..kanskje 3 km?), og då kjente eg mot slutten at det var tungt ja! Då strakk det seg skikkeleg nede i lysken og under magen, så det var godt at vi straks var heime då :)

Den minste lillebroren min gler seg skikkeleg til å bli onkel no, han har nedtelling! Han veit at terminen er 14. november, så han sit sånn: "om 22 dagar blir eg onkel!" :ler: Søtingen :rodmer:

Møtte mange kjentfolk, som skulle ta på magen og kommentere. Det er jo berre koseleg, og eg har innsett at magen er ikkje privat eigedom lenger :ler: Tidlegare har ingen fått tatt på magen min (berre mannen min da), men no når eg er høggravid har eg innsett, og godtatt, at den er som ein magnet på folk! ;) Og heldigvis har eg ikkje lagt på meg, for då hadde eg nok tatt meg nær av tullekommentarar som "nei, no har du blitt tjukk!"..Hadde eg lagt på meg 10-15 kg så hadde eg nok blitt lei meg, men med 200 gram i pluss så berre ler eg av det ;)

Legen min syns også eg har vore flink :jepp: Han er bestekompisen til pappa, så han var på besøk med oss ein kveld, så vi snakka jo litt generelt om det :)

Skal notere ned på lista det de har tippa! Artig med lang tippeliste, blir spanande å sjå kven som har rett(ast)! Er veldig glad for at eg ikkje er utålmodig endå - det hadde blitt ei laaang ventetid :fnise: Han kjem når han kjem ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjesp! Trøytt i dag ja :sovne: Brukte minst 1,5 time på å sovne i går, og så var det jo opp nokre gongar på do, pluss at eg våknar jo kvar gong eg må snu meg..Og så var det opp kl 5.50 i dag, og ingen vits i å legge seg igjen, for det var jordmortime kl 8.30.. Så: snoooork!

Jordmortime med ny jordmor i dag. Det gjekk heldigvis bra, ho var hyggjeleg ho :) Neste gong blir det med ho vanlege, trur eg. Blodtrykket såg bra ut, 124/75. Overtrykket har økt litt dei siste vekene, men det var heilt normalt når det nærma seg slutten, sa ho. Undertrykket heldt seg stabilt. Urinprøva såg grei ut, hadde eitt eller anna i den, men det var bittelite. Hihi, i går kveld såg eg at eg var jo tom for urinprøveglas! Så i dag vart det nødløysing med eit tomt c-vitaminbeger som eg vaska og kokte! :skratte: Det gjekk heldigvis bra ;):fnise:

Hovudet til han lisjegut har festa seg, så det var jo positivt! :tommelsmil: Ingen ødem, hjerteslag på 148 og ok symfyse-fundusmål (det var jo høgare opp en forrige gong, æsj.. vil vere nærmare den raude streken :fnise: ).

Og så prata vi litt om fødsel, smertelindring, det med revning etc.

No må eg ta meg ein tur ned i vaskekjellaren og vaske noko av kleda eg skal ha med meg. På tide å pakke fødebagen! Trur også eg skal få byrja å vaske kleda og sengesetta til han lisjegull også snart, sånn dei er klare :) Vi er jo inne i den fasen der det kan skje noko når som helst! Men eg trur ikkje eg føder før termin altså. Ca 5% føder i veke 38, eg blir nok IKKJE ein av dei..eg har jo iiiingen teikn til fødsel..ikkje noko modning, slimpropp, murringar eller andre teikn. Han har det nok så fint der inne at han vil vente litt til ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Æsj, eg liker ikkje å vere forkjøla! :kjefte: Bruker å bli forkjøla ein gong om hausten og ein gong om våren, så det var jo forventa, men eg liker det ikkje fordetom! Heldigvis ikkje superille enda, men litt tett i nasen og i halsen (slim i halsen).. Men greit at det kjem no før ungen blir født.

Tok meg forresten ein spray Otrivin i går, utan å tenke meg om.. Eg veit ikkje korleis det er med gravide og Otrivin, det har eg ikkje sjekka opp.. Så eg la den fort frå meg igjen, kan google det etterpå.

Frukost i dag var fruktsalat (eple, banan og appelsin) + melonyoghurt og 2 koppar kakao (sånt må ein ha når ein er så supersjuk som meg :fnise: )

Edit: googla litt, og las i Felleskatalogen at Otrivin kan brukast under graviditet, men med forsiktighet.

Graviditet

Brukes med forsiktighet av gravide. Unngå høye doser og hyppig bruk. Bruk av anbefalte doser medfører liten risiko for fosteret. Kan benyttes under graviditet.

Amming

Virkning på barn som ammes er ikke sannsynlig. Kan benyttes under amming.

Så då trur eg at den eine sprayen eg tok i går kveld går bra :) Phiu! :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

:hoppe: for at han har festa seg :D Wihuuu :D Håper han her og har gjordt det samme!! :)

Tror han her og har det så utrolig fint inni magehuset. Kanskje de aldri vil komme ut :skratte: Men så har jeg en mnd igjen da :P Satse på de kommer til slutt!! :) Men du er flink som klarer å se for deg at du går på overtid :) Jeg blir gal, vil ikke ha han i desember :fnise:

God bedring :) Her har og tett nese meldt sin ankomst. Spesielt på morgenen og kvelden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest frøken am

Hahahha, da skal de nok få passet sitt påskrevet - hvis de tror de kan BLI der inne! :fnise:

Tok litt nesespray for noen dager siden, og det kjennes ikke sååå fett selv om det bare var en gang... Jeg vet nurket takler det, men liker ikke å putte i meg rare greier med mini i magen :sjenert:

Lurer på om jeg har bronkitt eller mildere lungebetennelse, men ingen får dyttet i meg antibiotika nå altså!! :bond:

Kan lillingen feste seg uten at man kjenner det noe særlig nedentil? :klo:

Lurer på om ikke mini her også har gjort det, ligger hvertfall godt nedover og rører seg IKKE en cm! :fnise:

Nå er det ikke lenge igjen! :jepp:

Fortsatt fin i formen? :Nikke:

Endret av frøken am
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoppe : for at han har festa seg :D Wihuuu :D Håper han her og har gjordt det samme!! : )

Tror han her og har det så utrolig fint inni magehuset. Kanskje de aldri vil komme ut :skratte : Men så har jeg en mnd igjen da :P Satse på de kommer til slutt!! : ) Men du er flink som klarer å se for deg at du går på overtid : ) Jeg blir gal, vil ikke ha han i desember :fnise :

God bedring : ) Her har og tett nese meldt sin ankomst. Spesielt på morgenen og kvelden.

Ja, vi får inderleg håpe dei kjem til slutt! :ler: Eg orker rett og slett ikkje å gå i 3-4 veker og innbille meg at NO kjem han..det blir slitsomt psykisk, det! :) Så eg trur det blir overtid, og så får eg heller bli positivt overraska om han kjem tidlegare ;)

Tusen takk! God betring til deg også, ikkje noko kjekt med tett nase! Er det forkjøla-tett eller graviditets-tett? (Har lest at mange gravide slit med tett nase..)

Hahahha, da skal de nok få passet sitt påskrevet - hvis de tror de kan BLI der inne! :fnise :

Tok litt nesespray for noen dager siden, og det kjennes ikke sååå fett selv om det bare var en gang... Jeg vet nurket takler det, men liker ikke å putte i meg rare greier med mini i magen :sjenert :

Lurer på om jeg har bronkitt eller mildere lungebetennelse, men ingen får dyttet i meg antibiotika nå altså!! :bond :

Kan lillingen feste seg uten at man kjenner det noe særlig nedentil? :klo :

Lurer på om ikke mini her også har gjort det, ligger hvertfall godt nedover og rører seg IKKE en cm! :fnise :

Nå er det ikke lenge igjen! :jepp :

Fortsatt fin i formen? :Nikke :

Haha, ja, han skal ut om eg så må hale han ut sjølv! :ler: Trur Ålesund har praksis med maks 12 dagar på overtid (mellom 7 og 12 dagar), så det blir jo maks 26. november da :) (Eg håper jo såklart han kjem før! ;) )

Eg liker ikkje å proppe i meg medisinar eg heller, spesielt ikkje no når eg er gravid..Har tatt litt Paracet, og så tok eg den sprayen i går da, men prøver å unngå det.

Eg har ikkje kjent at han har festa seg, så det er nok mulig å ikkje kjenne det ja :jepp: Har lest at nokre merkar at hovudet "glir" på plass, men eg har ikkje kjent noko sånt.. Så eg var jo spent på om han hadde festa seg :)

Forma er fortsatt veldig fin (unntatt at eg er jo suuuupersjuk da, med bittelitt tett nase :ler: ), så eg koser meg som gravid :) Eg kjem til å sakne magen :sukk:

-------------------

No har eg vore på loftet og tatt ned gamle babyklede og tinga til senga og vogna. Tenkte å vaske nokre vaskar i løpet av dei neste dagane. Mykje søtt der, gler meg til å ta det i bruk :rodmer: Artig med pysjamasar som eg sjølv brukte (og storebroren min!) og sparkebukser og små strikkajakker som mamma har strikka til oss :)

Mannen min kjem litt seinare heim i dag, for han skal innom Skeidar og hente ein kommode vi skal ha i gangen :) Vi kjøpte nemlig ein kommode i sommar, men då vi pakka den ut (for nokre veker sidan..treige oss med oppussing..) var den knust i sida :( Vi klaga, og no skal vi få ny! Det var fint av Skeidar! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skikkeleg trøtt i dag, endå eg sov jo eit par timar etter at mannen min stakk på jobb. Har ikkje gidda å gjort noko vettugt, berre ete frukost og surfa på nettet.

Var nettopp på butikken og kaféen da, for å kjøpe kefir og potetball :) Skal opp til svigermor seinare og ete ball, og den bruker vi å kjøpe frå den lokale kaféen. Torsdag er nemleg balldag :) Vart skikkeleg andpusten berre av å gå til og frå butikken, kanskje 10 minutt kvar veg? Skikkeleg dårleg form :fnise: Trur det må bli mange og lange trilleturar i vinter ;) Og det hjelp jo ikkje på at Softshelljakka mi er rimeleg trang heller da, den hemmer sikkert oksygenopptaket mitt! :gjeiper: Eg får den framleis igjen, men merkar at den strammar godt ja :)

Når mannen min kjem heim, skal vi ta inn båten vår. Den har ligge på utfar nedom huset, men i går merka vi at blåsa har slitt seg frå ankerfestet (så det er vel tapt..vi prøvde å finne att tauet, men det var umulig i mørket), så båten låg og dunka inntil berga. Så vi tjuvlånte eit naust, fy skam oss! Det er skikkeleg falleferdig, så vi håper berre at eigarane ikkje ser det no før vi har flytta båten i kveld, men vi måtte berre ha ein plass på land å legge den trygt.. :sjenert: Så skal vi ro den til småbåthavna i kveld og dra den inn for vinteren. Buhu, det er så kjekt å vere ute med båt! Men eg håper mannen min ber nevøen sin om hjelp, for eg har IKKJE tenkt å løfte båten oppi hengaren! Men mannen min skal liksom gjere alt sjølv han.. Typisk! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...