Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Godt å kunne bli overrasket i positiv retning noen ganger også :Nikke:

Jeg har blitt det på alle mine 6 ul-er dette svangerskapet og på hver kontroll hos jordmor før Lita gav tegn til liv fra seg daglig :sjenert:

Ja, det er sant! :) Den dårlige magefølelsen min stemte jo dessverre i fjor, då eg vart gravid og mista. Og sidan alt føltest så utrulig likt i starten av denne graviditeten, med menssmerter og ingen andre symptom, så var eg overbevist om at det kom til å gå gale denne gangen også. Den einaste forskjellen frå sist gang eg var gravid, er at eg då eit par gangar hadde menssmerter både i mage og rygg samtidig. Denne gangen har eg kun kjent menssmerter i magen, men smertene kom jevnlig og var ganske ubehagelige innimellom. Så at det faktisk er liv denne gangen, og at alt ser fint ut, det hadde eg virkelig aldri trudd! Det var ikkje for å vera negativ eg sa at eg var 99% sikker på at det hadde gått gale. Eg var virkelig så overbevist om det, at eg ikkje trudde det var noko håp. Men heldigvis stemte jo ikkje magefølelsen min denne gangen, og det er eg så utrulig glad og takknemlig for! :hjerter_rundt:

Får berre kryssa fingrane for at spiren fortset å veksa seg stor og sterk fram til desember! :) Etter snart 3 års prøving, veit eg så altfor godt at det å få barn ikkje er nokon selvfølge. Så eg er så ubeskrivelig glad for denne spiren, og håpar meir enn noko anna at det skal gå bra denne gangen. Du veit jo alt om dette, som har prøvd å bli gravid så lenge sjølv, og har mista, før du endelig lykkast! Og det er heilt sant som du seier: For oss blir kvar UL ein ny positiv overraskelse. Me klarar ikkje heilt å tru på at det faktisk kan vera sant, etter alle nedturane me har opplevd tidlegare. Eg er så utrulig glad på dine vegne, for at alt går så fint med deg denne gangen! No er det faktisk ikkje så lenge til du har lita i armane dine. :hjertesmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Skal eg ta sjansen på å få meg ticker no, og å flytta dagboka mi over til graviditetsbøkene? :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forhåpentligvis er lita her om to måneder :rodmer:

Skal eg ta sjansen på å få meg ticker no, og å flytta dagboka mi over til graviditetsbøkene? :sjenert:

Jeg har visst ikke flyttet fra prøverdagbøkene enda jeg :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forhåpentligvis er lita her om to måneder :rodmer:

Jeg har visst ikke flyttet fra prøverdagbøkene enda jeg :sjenert:

2 månader går fort! :Nikke:

Ha ha, eg oppdaga det nettopp! ;) Var ein tur innom prøverdagbøkene, og der dukka jammen pusilus-dagboka opp. :fnise: Veit ikkje om eg tør å flytta over til graviditetsdagbøkene heilt enda - men du er jo berre nødt til å gjera det, som berre har 2 månader igjen til termin. :bond:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg trøster meg med at Lucky bor der fremdeles også og hennes lille har kommet for en stund siden ;) Men det er vel kanskje på tide å flytte dagboken :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg trøster meg med at Lucky bor der fremdeles også og hennes lille har kommet for en stund siden ;) Men det er vel kanskje på tide å flytte dagboken :sjenert:

Ja, det synst eg! :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei du! Her er det lenge siden jeg har vært innom, men må jo gratulere med graviditeten! :rodmer: Så utrolig koselig å lese - jeg krysser alt jeg har for at det går veien denne gangen! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er formen min fortsatt den samme. Uggen/småkvalm stort sett heile tida, og har ikkje lyst på noko mat. Det er egentlig ingenting eg føler at eg virkelig har lyst til å eta. Frukt går greit, men alt anna et eg berre fordi eg må, og fordi er sulten.

Det går ofte greit å eta, når eg først kjem i gang - sjølv om maten egentlig ikkje smakar noko godt. Men eg utset lengst mulig å eta, noko som sikkert er dumt. For då endar det ofte med at eg blir veldig kvalm, og enten brekkar meg eller spyr. :(

Sjølv om det er slitsomt å gå rundt og vera uggen/kvalm heile tida, så er eg kjempeglad for at eg har eit graviditetssymptom! :) Så eg ville faktisk ikkje ha vore det foruten, for då hadde eg berre gått rundt og bekymra meg for at noko var gale. Då eg var gravid med jenta mi, var eg også veldig kvalm og kasta opp i ein periode. Men då vart eg stort sett berre kvalm viss eg var veldig sulten, eller viss eg kjørte bil. Eg gjekk ikkje rundt og var småkvalm heile tida, etter det eg kan hugsa. Meinar det var slik at eg følte meg fin det meste av tida. Så vart eg plutselig kjempekvalm, og kasta ofte opp då, så var eg bra igjen etterpå. Denne gangen er det meir sånn at eg går rundt og føler meg uggen/småkvalm heile tida, og så blir eg ekstra kvalm og kastar opp innimellom.

Stikkingar/strekkingar i livmora, som eg kjente masse av heilt frå starten av då eg var gravid med jenta mi, kjenner eg fortsatt ikkje noko til. Synst det er litt merkelig. Var ein eller annan som sa til meg at det sikkert ikkje var så rart, for ein kjenner jo slike stikkingar når fosteret veks og livmora utvidar seg. Og at sidan eg har vore gravid før, så har allerede livmora mi vore veldig utvida tidlegare, og at det sikkert er grunnen til at eg ikkje kjenner slike stikkingar enda. Og på ein måte synst eg det kan høyrast logisk ut. Men eg får det ikkje heilt til å stemma likevel. For då eg var gravid i fjor og mista, så kjente eg slike stikkingar jevnlig heilt frå den dagen egget festa seg, og fram til nokre dagar etter at eg testa positivt. Så forsvant stikkingane i nokre dagar, før dei kraftige menssmertene kom. Så då var det jo tydelig at stikkingane forsvant når fosteret slutta å utvikla seg ordentlig. Men eg burde jo ikkje ha kjent slike stikkingar forrige gang heller då, viss denne teorien stemmer.

Eg har jo sett eit foster på UL denne gangen, som har vakse og utvikla seg fint så langt! :) Så eg må jo berre tru på at alt er bra, sjølv om desse stikkingane i livmora har vore heilt fråverande denne gangen. Men eg skulle ha likt å veta kvifor eg ikkje har kjent slike stikkingar ein einaste gang enda, når dette var mitt første graviditetssymptom som eg kjente veldig ofte heilt i starten, begge dei to andre gangane eg har vore gravid.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei du! Her er det lenge siden jeg har vært innom, men må jo gratulere med graviditeten! :rodmer: Så utrolig koselig å lese - jeg krysser alt jeg har for at det går veien denne gangen! :)

Hei, koselig å sjå deg igjen Joyce! :klem:

Takk for gratulasjon! :) Kryssar fingrane for at det går veien denne gangen, ja. :)

Oi, no ser eg i signaturen din at du har blitt mamma allerede! :overrasket: Gurimalla, eg synst jo nettopp du vart gravid! Gratulerer så utrulig mykje! :strix: Håpar alt står bra til både med deg, den lille og resten av familien.

Har ikkje vore innom dagboka di på evighetar. Du har tydeligvis forsvunne vekk frå "mine innlegg". Men no skal eg jammen ta meg ein tur inn i dagboka di etter gammalt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer! Så utrolig koselig å lese at du har en spire i magen :) :) :)

Tusen takk for det, angelou! :klemmer:

Ja, det er kjempekoselig. :) Håpar virkelig at spiren min klorar seg godt fast heilt fram til desember!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så utrolig bra med spiren i magen :klemmer:

Er så glad for at magefølelsen din var feil denne gangen.

Du er så heldig ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så utrolig bra med spiren i magen :klemmer:

Er så glad for at magefølelsen din var feil denne gangen.

Du er så heldig ;)

Ja, det er det! :)

Fantastisk at magefølelsen min var feil denne gangen, ja! Får berre håpa at alt ser like fint ut på neste UL.

Du har heilt rett, eg er kjempeheldig! :) Men eg tør ikkje å gleda meg så altfor mykje over graviditeten enda. Minnet om MAen eg opplevde i fjor, gjer at eg ikkje heilt klarar å tru på at det skal gå bra denne gangen.

:klemmer:

:klem:

Gratulerer så mye! :klemmer: Og så hjemmelaga-baby da gitt! :nigo:

Takk for det, Klematis! :klemmer:

Ja, det er det mest utrulige av alt, at eg er gravid med ein 100% heimelaga baby! :rodmer: Det hadde eg aldri trudd, så rare syklusar som eg hadde det siste 1 1/2 året før eg vart gravid. Og etter snart 3 års prøving, forventar ein jo uansett ikkje lenger at ein skal klara å bli gravid heilt uten hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner godt at du syns det er skummelt enda. Jeg føler jo nå at jeg aldri kommer til å bli gravid. Føles helt merkelig ut at det er 9 mnd siden jeg tok ut spiralen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Skjønner godt at du syns det er skummelt enda. Jeg føler jo nå at jeg aldri kommer til å bli gravid. Føles helt merkelig ut at det er 9 mnd siden jeg tok ut spiralen.

Skummelt er det uten tvil, ja! Prøver å tenka at for kvar dag som går, så er det litt større sjanse for at det går bra. Det hjelper litt. ;)

I midten av forrige veke forsvant plutselig kvalmen/uggenheten min heilt, og eg hadde absolutt ingen som helst graviditetssymptom. :( Sånn var det heilt fram til og med lørdag, så eg har vore ganske redd og bekymra i nokre dagar. Ikkje noko kjekt! :sukk:

Men i går (søndag) begynte eg heldigvis å føla meg litt småuggen igjen. Og i dag har eg følt meg uggen store delar av dagen. I tillegg har eg blitt veldig kvalm og brekka meg i to omgangar. Kjenner at eg slappar litt meir av no, heldigvis! :) Sjølv om eg hatar å vera kvalm, så er eg like glad kvar gang kvalmen dukkar opp. Og spesielt sidan det no har gått mange dagar heilt uten kvalme, er det ein stor lettelse at kvalmen er tilbake!

Fortsatt har eg ingen andre graviditetssymptom, og stikkingar/strekkingar i magen har eg merkelig nok enda ikkje merka noko til. Men i dag oppdaga eg plutselig at magen min har blitt litt større enn normalt. Veit ikkje om det berre er innbilning, for seinast på lørdag tenkte eg at magen min ser ut akkurat som før. Magen min er ikkje like stram lenger, som den var før eg fekk jenta mi. Men når eg held inne magen min, så pleier den å vera flat fortsatt. Men no klarar eg ikkje å få magen min flat, ved å halda den inn. Det er liksom ein liten kul der uansett. Håpar det er fordi babyen i magen min veks, og at det ikkje berre er innbilning. :sjenert: Eg er jo berre 10 veker på vei enda.

Klart du kjem til å bli gravid, du også! :klem: Men eg veit akkurat korleis det følest, når det har gått meir enn 1/2 år uten at ein har klart å bli gravid. Og når 1 år er passert, følest det enda verre. Det tok meg nesten 3 år å bli gravid denne gangen. Men eg hadde jo ein tidleg MA etter 1 1/2 års prøving. Likevel, etter så lang prøvetid, så klarte eg no å bli gravid heilt uten hjelp! :) Så du må berre halda motet oppe, sjølv om eg veit alt om kor vanskelig det kan vera når mensen kjem gang på gang. Masse lykke til med vidare prøving - håpar du lykkast snart du og! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag spydde eg skikkelig, fleire gangar. :spy: Eg pleier å brekka meg 1-2 gangar i løpet av dagen for tida, men det er ganske lenge sidan eg spydde ordentlig sånn som i dag. Men sjølv om det er guffent, så er eg glad for alle symptom! :) Eg er i veke 10 no, og det er akkurat 2 veker til ny UL!

Eg klarar virkelig ikkje å nyta sommarvarmen for tida. :( Utrulig synd, så fantastisk ver det er her på vestlandet for tida! Det er jo nesten 30 grader her om dagane. Heilt utrulig, når me berre er i mai! Og det ser jo ut til at sommarvarmen skal vara framover.

Berre så synd at eg er uggen/kvalm for tida. Og når eg er kvalm, så er varme det verste eg veit! Då vil eg helst vera i eit kjølig rom. Men det er jo like varmt både ute og inne. Sliter med å vera på jobb for tida. Eg er så "heldig" å jobba i barnehage, og me er ute nesten heile dagane for tida. Og då føler eg meg heilt elendig. :( Blir enda meir uggen/kvalm, i tillegg til at eg blir heilt slapp av varmen.

Typisk at sommarvarmen skulle koma så tidleg i år! Kunne ikkje varmen heller ha kome seinare i sommar, når eg har ferie og er kvitt kvalmen? I tillegg fryktar eg at dette er den sommaren me får i år, og at det berre blir drittver seinare i sommar. :sjenert: Ikkje for å klaga på varmen altså, når det endelig blir fint ver! Skulle berre ønskja at eg kunne få nyta sommarvarmen når den kom, etter alt drittveret me har hatt i lang tid. Vanlegvis elskar eg sommarvarme, og synst det er herlig å vera i sola, og enda bedre: på stranda. No berre plagar varmen meg, og det er litt synd. :( Men eg skal ikkje klaga. Så lenge eg har ein levande liten minibaby i magen min, så ofrar eg med glede herlige og avslappande dagar i sola! :hjertesmil:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at kvalmen er der, misforstå meg rett ;), symptomer liker vi. Jeg var vel fornøyd når jeg var kvalm, og litt bekymret når jeg hadde dager så og si uten kvalme og oppkast, og skjønner godt hvordan du tenker.

Herlig at det er ul om to uker :strix:

Sliter med varmen jeg også, spesielt på natten. På dagtid er jeg inne likevel og til min store lykke har vi flere kjølerom på jobb.

Har dere noen matbutikker i nærheten med kjølerom til meieriprodukter og slikt så anbefaler jeg deg en tur dit :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Blondie65

Typisk at sommarvarmen skulle koma så tidleg i år! Kunne ikkje varmen heller ha kome seinare i sommar, når eg har ferie og er kvitt kvalmen? I tillegg fryktar eg at dette er den sommaren me får i år, og at det berre blir drittver seinare i sommar. :sjenert:

Dette er en velbegrunnet frykt du deler med enhver vestlending.

Jeg har spøkt i ukesvis med at været er som det pleier for mai - bare vent til festspillene i Bergen begynner. Værgudene tok meg på ordet.

Så får vi et par herlige uker mitt i eksamenslesetiden og snø til sankt hans, juli i syndeflodens tegn og kald august.

Så derfor krampenyter vi sommeren når den er der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...