Gå til innhold

Kan noen forklare meg litt om det som skjer i Israel?


Gjest

Anbefalte innlegg

Eg trur religion har mykje meir å seia som årsak til terror enn fattigdom - og særleg i dette tilfellet.

Jerusalem er ein sentral by i profetiane - både i jødisk, kristen og islamsk tru. Mykje av det som skjer kan sjå tåpeleg ut - at det er i strid med eigne interesser - men mange ser på det som uungåeleg; Det er forutsagt at det skal skje, og då får det vera så som så med eigne interesser.

Tempelhøgda er ein svært sentral plass: Toraen (Gamle testamentet) seier at tempelet til jødane skal bli gjenreist der. No står jo berre klagemuren att av den første, men skal det gjenreisast må den islamske heilagdomen på høgda vekk...

Bibelen (nye testamentet) seier at tempelet skal bli gjenreist ein tredje gong òg - men det er etter Jesus er komen att.

Kva Koranen seier veit eg ikkje - den har jo ikkje teke med alt som står i NT, og om det er ulikt i GT òg veit eg ikkje.

Kvifor er gjenreisinga av tempelet viktig? Jødane har lenge venta på Messias som skal kome og fri dei frå all undertrykking og ufred. Før Messias kjem så skal tempelet gjenreisast - i følge profetiane, som òg seier at før han kjem, så skal jødane få det svært vanskeleg (som i: Eit helv.. på jord.) Med ein slik tankegang så er jo sjølvmordsaksjonar, fordømmingar frå FN osv. ikkje til å unngå uansett...

Det er ikkje berre berre å reise eit tempel, dog. Plassen må først rensast på ein måte som er beskreve i 4. mosebok - du har bruk for ei tre år gammal perfekt raud kvige. Perfekt raude kviger er svært sjeldne. Ein del hadde eit håp i '97, men den kviga fekk nokre kvite hår på halen. Men kanskje om tre år? http://www.nationalreview.com/dreher/dreher041102.asp

(Eit raskt søk på Google etter "red heifer" gir mange treff, som òg kan forklara meir om situasjonen i dag.)

Kva Koranen seier i sine profetiar skal eg ikkje seia noko om, bortsett frå at både den og Bibelen seier at Jesus skal koma att. Bibelen fortel òg meir om kva som skal skje, i tillegg til det Toraen seier, bl.a. at Europa og Russland skal bli innvolvert på ulikt sett, i tillegg til generell ufred rundt om i verda:

Russland skal angripe Israel i eit angrep der himmelen er svart (vil vera mange fly...) men skal bli slått til bakken utan at Israel vert skada. (Av eld og svovel, så vidt eg hugsar.)

I Europa skal den tiende gjenreisinga av Romarriket skje; Fleire påstår no at dette er EU. Antikrist skal stå fram og skapa verdsfred, i alle fall stort sett, og garantere for sikkerheten til Israel (som forresten skal bli svært rik.)

Antikrist skal regjere over verda i 7 år; 3.5 år i fred, 3.5 år i ufred (då skal djevelen ha teke over kroppen til Antikrist.) Til slutt skal Jesus koma tilbake.

Alt dette skal skje i den generasjonen til dei som set dette i gang. (Ting må jo skje ganske fort då, når dei først byrjar...)

Huff, det vart masse profetiar dette. Men det er jo slik at det er mange jødar, muslimar og kristne som trur at det som skjer no er oppfylling av profetiane i sine respektive skrifter - og så er det enkelte som gjer sitt for å påskynde dei. (Evt. prøver å hindre dei.)

Masse religion inne i biletet, men sjølvsagt òg oppgitthet, fattigdom, hat og fanatisme.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...