Gå til innhold

Er så innmari lei meg!


Gjest Trista

Anbefalte innlegg

Gjest Trista

For eit par dagar sidan fekk eg brev frå mor til ein venn eg ikkje har hatt kontakt med på lenge. Me har vori veldig nære, men mykje på grunn av avstand har det blitt veldig lite dei siste åra. (Han budde i eit anna Europeisk land).

Sist gong eg såg han var for fire år sidan. Me hadde nokon veldig fine dagar den gongen, men ting vart kanskje kjenslemessig litt komplisert. Etter eg drog heim skreiv eg eit brev, men fekk aldri svar. Eg tenkte me kom til å ta opp att kontakta att, slik me hadde gjort før. Eg trudde me alltid visste at me hadde kvarandre sjølv om me i perioder ikkje hadde så mykje kontakt. Det var slik eg kjende det iallfall, og i tida som gjekk etter sist gong eg såg han har eg tenkt på han ofte.

Men så fekk eg altså brev frå mor hans. Dei siste par åra hadde han vori veldig deprimert, og i april i år tok han sitt eige liv. Ho hadde funni eit brev frå meg i det ho rydda leilegheita hans. Viss ikkje kan det ha tatt enda lenger tid før eg hadde fått vita om det.

No sitt eg her og er så jævlig trist over at eg ikkje skreiv eller ringde eller gjorde ein innsasts for at me fortsatt skulle vera nære. Eg var jo så glad i han! Og eg skulle ynskje eg hadde visst kor mykje han sleit, slik at eg kunne trøsta han litt. Om det hadde endra utfallet er tvilsamt, men han hadde iallfall visst at eg fortsatt brydde meg.

Eg slit veldig med skuldkjensle no. Og at fordi eg var ein dårleg venn er eg heller ikkje verdig til å sørge. Ikkje har eg andre rundt meg som også kjende han heller. Eg er heilt aleine med sorga mi, og om eg fortel er eg redd folk ikkje vil forstå kor nære me var heller. Desse tankane ligg konstant i bakhovudet no. Eg klarar å gjera det eg skal på jobb, men med ein gong eg ikkje har noko konkret å gjera føler eg berre for å grine. Plutseleg har eg ein venn mindre i verda. Ein venn eg attpåtil følte eg forsømte.

Eg veit ikkje heilt kva eg ville med dette innlegget, bortsett frå å letta hjartet litt. Kjenner meg så aleine med desse tankane no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Dette var trist å lese.Først vil jeg si at din sorg er bare din, og den kan ingen ta fra deg. Det er veldig vanlig å slite med skyldfølelse eller dårlig samvittighet når noen man kjenner tar sitt eget liv. Skulle man gjort noe mer, skulle man vært mer tilstede? Uansett, så er det ikke sikkert han hadde vært i stand til å ta i mot det du hadde å gi. Er det noen som har sviktet så er det eventuelt helsevesenet( hvis han i det hele tatt var inne i dette.) Men ikke du, ikke venner. Det er vanskelig å holde kontakten når man bor i forskjellige land. Jeg har selv mistet kontakt med noen i andre land, men det betyr ikke at jeg er mindre glad i dem fordi. Det kan være mange forhold som spiller inn. Vennen din visste nok helt sikkert hva du følte for han, og han glemte ikke det dere hadde sammen sist. Håper du klarer å minnes det som har vært godt mellom dere.

Du kunne ikke vite at dette skulle skje. Du skrev brev til han, han valgte å ikke svare. Det var hans valg. Han satte nok veldig pris på det brevet likevel. Men det er lett å isolere seg fullstendig når man er SÅ deprimert at det er fare for liv. Og det er vanskelig for en venn å bryte inn i det skallet, nesten umulig.

Håper du kan finne noen å prate med om denne sorgen. Ikke hold den helt for deg selv. SElv om ingen du kjenner, kjente han, så har du lov til å fortelle folk om han, fortelle om sorgen din, lufte litt tanker du trenger å få luftet. Det er altfor vanskelig å gå og bære på en sånn sorg helt alene, særlig når ingen vet om at du har den. Det kan bli veldig ensomt.

Du ER verdig sorgen, selvfølgelig er du det. Du var glad i han. Han var i hjertet ditt, og hjertet ditt kan du gjøre som du vil med. Det er ditt rom.Bare du vet hva han betydde for deg. Det kan ingen ta fra deg.

Sender deg gode tanker. Ta vare på deg selv, og tillat deg selv å sørge.Håper du også tør å be om støtte fra andre hvis du trenger det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...