Gå til innhold

Babyprosjektet vårt er i gang!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Spiller ingen trille om det er på tom eller full mage, begge på en gang eller hver for seg. Men det er greit å ta dem på sånn ca samme tid hver dag, så får du jevnest mulig nivå i kroppen. (og med sånn ca mener jeg at morgenen sikkert kan variere fra 6 til 12 og at kvelden sikkert varer fra 18-24 ;) )

God helg :klem:

Takk Neria! Det var det eg tenkte, at det sikkert var slik - sidan det ikkje stod noko om det på pakken. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg har absolutt ingen som helst tru på at eg har blitt gravid denne månaden. :( Grunnen til det, er at kroppen min kjennest nøyaktig ut som før. No er det jo fortsatt minst 1 veke til IKM, men likevel. Eg trur at dersom ein er gravid, så vil ein veldig tidleg ha ein eller annan følelse av at noko i kroppen er litt annleis enn vanleg, sjølv om ein kanskje ikkje heilt kan setja fingen på akkurat kva det er. Berre ei slags fornemmelse, på ein måte. Det trur iallfall eg! Men eg kan jo håpa på at eg tar feil, og at eg faktisk kan vera gravid likevel, sjølv om kroppen min følest heilt som før. ;)

Hadde rygg- og nakkeplager vore eit graviditetssymptom, så hadde eg garantert vore gravid no. :ler: Eg har nemlig vore skikkelig plaga med verk i rygg og nakke i det siste. Men det er også dei einaste plagene eg har hatt denne prøveperioden. Graviditetssymptoma har dessverre latt venta på seg. :sur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke alle får symptomer i starten, og sjelden når det er over en uke til IKM. Tror bare du må smøre deg med tålmodighet! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke alle får symptomer i starten, og sjelden når det er over en uke til IKM. Tror bare du må smøre deg med tålmodighet! :klem:

Ja, eg må vel det. ;) Likevel tvilar eg på at eg er gravid, for kroppen min har liksom ikkje vore heilt i slag denne månaden. Eg har hatt masse rygg- og nakkeplager, er forkjølt og har generelt følt meg sånn halvdårlig heile tida. Og det er ikkje graviditetssymptom eg har kjent, berre så det er sagt!

Nei, dette er nok ein dårlig månad for meg til å bli gravid! Får nok heller koma sterkare tilbake neste månad. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på apoteket og kjøpt graviditetstestar. :tommelsmil:

Eg tek ein test på lørdag viss mensen ikkje har dukka opp, til tross for at eg har svært lite tru på at eg kan vera gravid! Eg har nemlig totalt mangel på graviditetssymptom. Ja ja, det kan no vera greit å svi av ein test uansett, berre for å ha prøvd det liksom. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Spennende, spennende! Tenk om du er gravid allerede nå? :)

Ja, tenk om. :overrasket: Tanken er faktisk heilt vanvittig og urealistisk! Er sikker på at eg drøymer, viss eg får ein positiv graviditetstest denne månaden. :Hehe:

Spennande. :juhu:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det får eg no jammen håpa. ;) Trur nok kjæresten min gledar seg til å bli pappa ja, no når han har bestemt seg for at han er klar for barn - men eg trur nok også han synst det er litt skummelt.

Eg jobbar med barn, og veit det meste om barn. Så for meg er det ingenting som er skummelt med å bli mamma, det er berre noko eg gledar meg vanvittig til! :) Kjæresten min derimot, har ikkje peiling på barn - så han veit nok ikkje heilt kva han går til. Alt som er nytt og uvant, er jo litt skummelt. ;) Men han har jo 9 månader på å forbereda seg på å bli pappa, etter at eg har blitt gravid. Så eg trur nok det skal gå veldig bra. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Neria
Kanskje du kan kjøpe en sånn pappabok til han? Har sett flere gøyale :)

Pappabøker er en fin ting å gi til uerfarne fedre, tror jeg. Mannen min ble hvertfall kjempeglad da jeg hadde kjøpt en til ham etter positiv test.

Og så spennende med testing da :) Skal krysse fingre og tær for deg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Pappabøker er en fin ting å gi til uerfarne fedre, tror jeg. Mannen min ble hvertfall kjempeglad da jeg hadde kjøpt en til ham etter positiv test.

Og så spennende med testing da :) Skal krysse fingre og tær for deg :)

Takk! :klem:

Ja, eg får gå på jakt etter ei pappabok, om eg blir gravid snart. ;)

No har eg lagt ut om manglande graviditetssymptom her i prøvedagboka mi. Vel, i dag har eg faktisk hatt eit symptom som kan vera eit graviditetssymptom. ;) Men merk dåke ordet KAN, for det er ikkje slik at eg går rundt og trur at eg er gravid no altså!

Det er berre det at i heile dag har eg gått rundt og vore uggen i magen. Og no nettopp vart eg plutselig kvalm eit lite øyeblikk. :forvirret: Kvalme kan jo som kjent vera eit graviditetssymptom, men samtidig kan det koma av noko heilt anna! Er det noko som veit kor tidleg det er mulig å kjenna svangerskapskvalme?

Eg må berre få opplysa om at eg av og til er litt kvalmen, sånn til vanleg - uten nokon spesiell grunn. Men kvalmen kom jo liksom på riktig tidspunkt no, så då er det jo eit lite håp om at det kan koma av at eg er gravid. ;)

Må berre få seia at for ei heil stund sidan sprakk kondomet når eg og kjæresten min hadde sex. Eg fann ut at det måtte vera omtrent midt i EL mi, når det skjedde. Derfor kjente eg godt etter symptom i tida før forventa mens. Den gangen var eg ganske kvalm i fleire dagar før mensen kom. I tillegg var mensen eit par dagar forsinka. Ein søndagskveld, fleire dagar etter forventa mens, bestemte eg meg å kjøpa ein graviditetstest om mensen ikkje hadde kome måndags morgon. Men morgonen etter var mensen der! Gjett om kjæresten min var glad då? Ja, det kan eg lova. Men eg var ikkje like glad... Poenget er iallfall at til tross for kvalme i fleire dagar og litt forsinka mens, så var eg ikkje gravid. Derfor tvilar eg på at eg er det denne gangen heller. Men det er jo lov til å håpa. :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjenner meg igjen her i jakten på symptomene! Får håpe det er en positiv form for kvalme du har kjent! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjenner meg igjen her i jakten på symptomene! Får håpe det er en positiv form for kvalme du har kjent! :)

Ja, jakta på symptoma er stor. :sjenert: Ikkje bra, for då er det fare for at eg får falske forhåpningar!

Men foreløpig er eg realistisk, og trur ikkje på at eg er gravid, sjølv om eg er litt kvalm. Men fortset eg å vera kvalm/uggen i magen i dagane fram til lørdag, då skal eg ikkje garantera at eg er like realistisk!

Får virkelig håpa det er ein positiv form for kvalme eg har kjent, ja. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Ha ha, eg er rar! Ser at eg faktisk har skrive eit innlegg i ettermiddag, der eg skriv at eg ikkje har eit einaste symptom enda. :legrine:

Men det er faktisk heilt sant at eg har følt meg litt uggen i magen i dag. :sjenert: Poenget er berre at eg tidlegare i dag tenkte at dette hadde ingenting med graviditetssymptom å gjera, sidan det var så lite - og eg av og til kan føla meg slik, uten nokon spesiell grunn. Det var først no i kveld, når eg plutselig vart ordentlig kvalm ei lita stund, at eg tolka dei symptoma eg har hatt i dag, som mulige graviditetssymptom. :ler:

Eg blir heilt tullerusk av å gå rundt og kjenna etter graviditetssymptom. :sprettoy: Trur eg må roa meg kraftig ned no. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg vore på apoteket, og kjøpt nye folattablettar. :sjenert: Eg var nemlig ikkje fornøyd med dei andre, for eg synst dei var altfor store! Dessuten måtte eg ta to tablettar om dagen. Eg har alltid strevd med å svelga ned tablettar, så eg brekker meg nesten kvar gang eg skal svelga folattablettane. :( Derfor gjekk eg på jakt etter nokon små, søte folattablettar. ;) Og det fann eg! Dei folattablettane eg har kjøpt no, heiter "PREVENT FOLAT". Dei er små, og eg treng kun å ta ein tablett kvar dag! Perfekt for meg. :tommel:

Får sjå om eg orkar å eta opp dei andre folattablettane, før eg begynnar på dei nye. Det spørs, det spørs...

Ingen graviditetssymptom i dag - så småkvalmen eg kjente i går, var nok mest sannsynlig noko heilt anna enn svangerskapskvalme. :sur:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kardemomme

Bruker også Prevent folat :)

Er ikke alle som kjenner symptomer selv om de er gravide. Da jeg var gravid merka jeg ingenting før i uke 8-9. Eneste var at mensen ble borte og at jeg kunne sove døgnet rundt :ler:

*følger spent med*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prevent folat ser fine ut ja, iallfall for meg som hatar store tablettar. ;)

Neida, eg veit at det ikkje er alle som kjenner symptom, sjølv om dei er gravide. Men eg forventar vel egentlig å i det minste ha ein slags fornemmelse av at noko er annleis. Hadde du absolutt ingen symptom før i veke 8-9, Gopia? Er nesten sånn at eg trur du ikkje kan ha kjent godt nok etter. :ler:

Hadde eg og kjæresten min hatt sex når eg hadde eggløysing, så hadde eg absolutt trudd det var håp, sjølv om eg ikkje har kjent nokon graviditetssymptom. Men me hadde jo sex kun ein dag, og det var 3 dagar før eg fekk positiv eggløysingstest! Og når eg no i ettertid har skjønt at eggløysinga vanlegvis ikkje skjer før 12-24 timar etter positiv EL-test, så innser eg jo kor liten sjansen er for at eg kan vera gravid. :sjenert:

Derfor har eg heller ingen forhåpningar lenger! Men eg kjem uansett til å ta ein graviditetstest på lørdag, om mensen ikkje har dukka opp innan den tid, berre på gøy. ;) Så lenge det er eit ørlite håp om at eg kan vera gravid, så blir det no iallfall bittelitt spennande, og ikkje heilt bortkasta å ta ein test! Og så er det jo ein heilt spesiell dato på lørdag, 07.07.2007! Me er ei testgruppe på eit anna forum, som skal ta graviditetstestar denne datoen, så eg kan jo ikkje svikta heller. :Hehe:

Ønskjer deg ein fin kveld! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...