Gå til innhold

Kommentarfelt som er trongare en eit nålauge.

Fremhevede innlegg

Gjest oss-to
Skrevet

Eg sit og les i trådane her inne på Rampelyset, og eg blir reint skremd. Ikkje berre av influensarane , dei byr meg imot frå før med det overflatiske meg-meg-meg-fokuset sitt. Men eg blir skremd av kulturen som har oppstått blant dei som følger med.

For kva er det kommentarfelta og følgarane faktisk held på med? Kva slags samfunn er det ein skaper når vaksne folk sit og skal detaljstyre liva til vilt framande menneske?

-Det blir klikka i vinkel fordi faren til ein fotballspelar ikkje vart med til VM.

-Det blir laga side opp og side ned med hets fordi partnarane til bryllupsgjestene til ein influensar ikkje vart bedne i eit bryllup.

-Folk blir faktisk provoserte av at kjendisar prøver å skjerme barna sine frå nettet.

Er det verkeleg eit så snevert samfunn folk vil ha? Eit samfunn der det ikkje finst rom for å gjere ting på sin eigen måte, utan at eit digitalt fakkeltog skal krevje fullt innsyn og rette peikefingeren?

Det blir fanga opp små glimt på ein skjerm, og ut frå det sit folk og dømmer og analyserer heile ekteskap, familierelasjonar og moral. Det vitnar om eit utruleg trangsyn. Det finst ingen takhøgde, ingen aksept for at folk set grenser for seg sjølve, og ein merkeleg idé om at offentlegheita har krav på liva til desse folka.

Det mest ironiske er at dette flyttar det kritiske blikket bort frå alt som betyr noko. Ein burde kritisert barns rett til eige digitalt avtrykk, forbrukssamfunnet og miljøavtrykket desse influensarane etterlét seg. I staden har følgarane laga ein kultur der den største synda ein kan gjere, er å ikkje invitere rette vedkomande i eit privat selskap.

Er det fleire enn meg som synast  følgarkulturen har vorte skremmande snever og småleg og øydelegg ein kvar dialog for konstruktiv kritikk?. Kvifor ikkje satse på romsligheit og rausheit 

Videoannonse
Annonse
Gjest oss-to
Skrevet

Ein må jo berre undre seg over logikken her: Kvifor trur folk at vanleg folkeskikk og nettvett ikkje gjeld så lenge ein sit bak ein skjerm? Tastaturet gir ingen fripass til å oppføre seg emosjonelt avstumpa mot andre menneske, uansett kor mykje ein mislikar dei.

Skrevet

Klikke i vinkel var vel en overdrivelse? Noen har stilt spørsmål om hvorfor han ikke var med, andre har oppgitt grunnen som er delt i en avis og andre sier at de ville vært der for barnet sitt. 
 
Og hets for å ikke invitere +1 i bryllupet er også en vanvittig overdrivelse. Det er kommentert og en del synes det er rart og egoistisk, men det er ingen hets. 
 
Disse eksemplene og overdrivelsene dine gjør at innlegget ditt ikke oppfattes realistisk. Selv om jeg kan dele en del av tankene dine. 

  • Liker 1
  • Nyttig 3
Skrevet
oss-to skrev (På 17.7.2026 den 21.12):

Eg sit og les i trådane her inne på Rampelyset, og eg blir reint skremd. Ikkje berre av influensarane , dei byr meg imot frå før med det overflatiske meg-meg-meg-fokuset sitt. Men eg blir skremd av kulturen som har oppstått blant dei som følger med.

For kva er det kommentarfelta og følgarane faktisk held på med? Kva slags samfunn er det ein skaper når vaksne folk sit og skal detaljstyre liva til vilt framande menneske?

-Det blir klikka i vinkel fordi faren til ein fotballspelar ikkje vart med til VM.

-Det blir laga side opp og side ned med hets fordi partnarane til bryllupsgjestene til ein influensar ikkje vart bedne i eit bryllup.

-Folk blir faktisk provoserte av at kjendisar prøver å skjerme barna sine frå nettet.

Er det verkeleg eit så snevert samfunn folk vil ha? Eit samfunn der det ikkje finst rom for å gjere ting på sin eigen måte, utan at eit digitalt fakkeltog skal krevje fullt innsyn og rette peikefingeren?

Det blir fanga opp små glimt på ein skjerm, og ut frå det sit folk og dømmer og analyserer heile ekteskap, familierelasjonar og moral. Det vitnar om eit utruleg trangsyn. Det finst ingen takhøgde, ingen aksept for at folk set grenser for seg sjølve, og ein merkeleg idé om at offentlegheita har krav på liva til desse folka.

Det mest ironiske er at dette flyttar det kritiske blikket bort frå alt som betyr noko. Ein burde kritisert barns rett til eige digitalt avtrykk, forbrukssamfunnet og miljøavtrykket desse influensarane etterlét seg. I staden har følgarane laga ein kultur der den største synda ein kan gjere, er å ikkje invitere rette vedkomande i eit privat selskap.

Er det fleire enn meg som synast  følgarkulturen har vorte skremmande snever og småleg og øydelegg ein kvar dialog for konstruktiv kritikk?. Kvifor ikkje satse på romsligheit og rausheit 

oss-to skrev (På 17.7.2026 den 22.10):

Ein må jo berre undre seg over logikken her: Kvifor trur folk at vanleg folkeskikk og nettvett ikkje gjeld så lenge ein sit bak ein skjerm? Tastaturet gir ingen fripass til å oppføre seg emosjonelt avstumpa mot andre menneske, uansett kor mykje ein mislikar dei.

Oh the irony.

  • Hjerte 1
  • Nyttig 1
Gjest oss-to
Skrevet
Sharp75! skrev (1 time siden):

Oh the irony.

Det er fascinerande at du vel å bruke historikken min for å avfeie eit prinsipielt innlegg om debattkultur. Eg har vore heilt tydeleg på at vi bør kritisere barneeksponering og forbrukssamfunnet. Det eg reagerer på, er når debatten degenererer til reint sladder om private relasjonar. At du følgjer etter meg inn i denne tråden for å ta personen min i staden for å svare på saka, viser vel berre at analysen min traff blink.

Skrevet
oss-to skrev (1 time siden):

Dette er kun dine ord og blinken bommet desverre, bedre lykke neste gang 🫶

Jeg er her inne og leser. Og kan kommentere de innlegg jeg ønsker. Du trenger ikke gjøre det til brukerdebatt.

  • Nyttig 1
Gjest oss-to
Skrevet (endret)
Sharp75! skrev (1 time siden):

Dette er kun dine ord og blinken bommet desverre, bedre lykke neste gang 🫶

Jeg er her inne og leser. Og kan kommentere de innlegg jeg ønsker. Du trenger ikke gjøre det til brukerdebatt.

Du startar med å hinte til historikken min, og så klagar du på at det blir brukerdebatt når eg svarar? Den logikken må du nesten sitje med sjølv. Eg diskuterer gjerne sak.

Endret av oss-to
.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...