Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Trenger ny briller. Veldig. Kan ikke bruke linser, men har falt pladask for Titan Silhouette-serien. Som koster 5000kr komplett i butikk. Jeg har sett dem billigere på nett, men hvor trygt er det? Noen som har noen butikker å anbefale? :smoke:

Videoannonse
Annonse
Gjest Gjest_Deli_*
Skrevet

Eg er i same situasjon. For nokre månader sidan sjekka eg litt ut på nettet. Har maila med www.framesdirect.com. Dei sel Silouttes. Prisen for den "pakka" eg ønskjer meg trur eg vart ca 1500 NKR. Dersom eg kjøper på Synsam her heime, blir det 2500 kr. Eg rekna i alle fall ut at eg kan spare 1000 kr. I dette reknestykket tok eg naturlegvis omsyn til momspåslag og kostnadar i samband med fortolling (dette er dyrare når vara kostar meir enn 1000 kr). Eg hugsar ikkje heilt kva dette firmaet svara, men eg meiner dei verka litt strenge på å merke pakke skikkeleg. Men dersom eg bestiller kjem eg likevel til å prøve meg ved å be dei skrive "replacement parts" utanpå - dette kan gjera at pakka slepp gjennom tollen og det blir MYKJE billegare.

Du må veta modellen på brillene. Dette er litt kronglete. Kanskje du må gjera ein del research... Faren er at butikkane du sjekkar ut i vil prøve å få deg til å kjøpe av dei...

Dessutan må du bestemme deg for type glas. Eg meiner å hugse at Synsam kunne levere vidt forskjellige glas til mine briller. Men eg vil sjølvsagt (!) ha dei beste.... Trur prisane låg på mellom 200(300) til 2000 kroner... Når du bestemmer deg for Silouttes som er ein så lett og fin brille er det jo berre teit å ha tunge glas. Også er det lurt med anti-ripe og eventuelt andre ting, feks. eit eller anna som gjer det lettare å pusse glasa.

I mailen frå dei fekk eg også veta at eg MÅ leggja ved to ulike mål... Forstod ikkje dette heilt og har derfor utsett heile prosjektet.... Planen er å gå til optikar for å "måle" augene og da vera heilt open på at eg SKAL kjøpe på nettet!! :)

Dersom du bur i Oslo er dette eit tips: optikaren Basrud (hugsar ikkje korleis han stavar namnet sitt...), ligg på Majorstua. På reklameplakaten på Majorstua stasjonen står det eit eller anna om at "du som kjøper linsene på nett....bla bla, sjekke synet .... bla bla..." . Da er vel han kjent med og open for dette, slik at vi kan få desse måla med oss.

Send ein mail til frames direct! Dei verkar seriøse!! Lykke til. Fortel meg gjerne korleis det går :) Sjølv må eg vente litt pga. økonomien..

Gjest Gjest_Deli_*
Skrevet

Såg at eg skreiv i veg som berre det... Håpar du og andre kan ha nytte av noko av det :)

Ein liten korreksjon:

Eg sa at mine briller ville koste 2500 kr hos Synsam.. Det er fordi eg har ramma (med ramme var det , som du seier, over 5000 kr eg betalte...). Men eg trur likevel at du kan spare mykje ved å handle på nettet!

Gjest Gjest_Deli_*
Skrevet

Balsrud! (mangla ein bokstav...) Kanskje er Gunnar førenamnet. men ikkje stol på min hukommelse. Grunnen til at eg er litt oppteken av dette er at, slike optikar-folk gjerne blir litt pågåande når du er innom å sjekkar pris, dersom du skal prøve brillene og dei står med osv... kan det bli litt pes og desse måla eg aldri har høyrt om før, kompliserer jo heile prosessen.

Kanskje du, trådstartar, skjønner meir etter at du har maila med frames direct. Viss du vil kan eg godt lime inn svaret eg fekk i denne tråden (viss eg får til da). Elles har eg jo bomba denne tråden nok nå ;)

Lykke til!!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...