Gå til innhold

Amantheia lagar stien mens ho går


Amantheia

Anbefalte innlegg

Ny dagbok happening! Har i det siste fått litt lyst å skriva igjen, så here we go. La den under generell dagbok, men eg reknar med at eg kjem til å skrive om både trening, jobb, flytting, og familielivet. For å starte på begynnelsen, så har eg no vore gift i 2 månader. Eg er 28 år, og veldig klar for å få ungar. Men det er eit par ting som held meg tilbake.

Det eine er at eg er framleis ein del kilo for tung for der eg burde vere, og kunne nok hatt veldig godt av å ta av 20 kilo. Er også kjemperedd for å få den beskjeden av legen om eg kjem inn for å fjerne p-staven. For eg er allereie smerteleg klar over at eg er overvektig, og syns det er veldig vanskeleg å gå ned i vekt. Men det kan jo hende eg kan få motivasjon av å skrive her, og kanskje få litt oppmuntring i kommentarane (*hint* *smisk*). 

Ein annan ting som har stoppa oss frå å starte prøvinga, er økonomien vår. Me har ikkje veldig god økonomi, då ingen av oss har utdanning, og me begge jobber deltid på ein bensinstasjon. Me klarte å ikkje gå i minus etter bryllupet, og har fått betalt alle utgifter som hadde med bryllupet å gjere. Men så kom EU-godkjenning på bilen, og måtte ut med 4000 for å få den igjennom. Og denne månaden, kun ein månad etter EU-kontrollen, gjekk servopumpa på bilen til helvete, og det kosta oss over 17 000 kr å fikse. Det er meir enn ei heil månadsløn for meg, så eg kan trygt seie at det var eit stort tilbakesteg. 

Det er med andre ord mykje som talar for at me bør vente med prøving, men eg er veldig frista til å drite i dei grunnane og berre prøve likevel. Om me skal ha heile livet på plass før me byrjar, kjan det ta fleire år, og berre tanken på det gjer meg fryktelig trist, for eg kjenner veldig på ønsket om å starte familie. Dessutan er det jo heller ikkje sikkert at me blir gravid med ein gong! Hjelper heller ikkje at eg føler at "alle" rundt meg og er gravid. 

No er både eg og min mann på jakt etter nye jobbar, men det viser seg veldig vanskeleg ettersom me har veldig lyst å flytte til andre sida av landet. Og ettersom ingen av oss har utdanning, stiller me ganske dårleg på arbeidsmarknaden, spesielt når me ikkje bur i området me søkjer jobb. Det er veldig mykje vanskelegare å søkje jobb når me ikkje kan gå innom og helse på sjefen, f.eks. Så no kjennes det veldig som om alt går i mot oss. Men eg tenkjer at me berre må angripe eitt og eitt problem, og håpe at ting løyser seg etterkvart. :jepp:

Endret av Amantheia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

På 4.11.2018 den 12.05, Frøkenhåpefull skrev:
 

:vinke:

:goodbye:

Har snakka med min mann no, og trur nok at eg kjem til å bestille time til lege når eg får løn neste veke. Blir veldig spennande og noko skummelt, og det kilar litt i magen. Har jo ikkje hatt mensen på over 3 år no, og er spent på om eg får ein normal syklus. Føler liksom aldri at eg har hatt det. Eg har i alle fall aldri fulgt med nøye nok til å vite kva dag eg får mensen, for eg har gått på p-piller (og på ein måte bestemt sjølv) i over 12 år. Før det brydde eg meg liksom ikkje så mykje med å merke av i kalenderen. 

Har altså ikkje vore prevensjonsfri sidan eg var 16. Så håpar eg finn fort ut av det, og at eg har ein stabil og regelmessig syklus som er lett å følge. 

 

Ellers er det ikkje så mykje anna nytt å melde. Mannen skal snart reise på besøk til familien sin ei veke, og søke masse jobbar medan han er der. Det er vel eigentleg det som er hovedgrunnen til at han skal reise, men eg trur det er minst like viktig for han, om ikkje meir, å få treffe systera, som har fått kreft. Eg skulle så gjerne vore med, men eg får ikkje fri frå jobb, og må i tillegg jobbe hans vakter (har tatt dei frivillig, så me ikkje tapar så mykje pengar). Men eg kjenner eg byrjar å bli lei no, og føler at eg treng ein liten ferie. Har jobba veldig mykje i det siste, og det føles ikkje som eg får sett mannen nok. Heldigvis har me frihelg den kommande helga, så då tenkjer eg at me finn på noko fint i lag. :yvonne:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så spennende da, husker hvor spent jeg var selv da jeg sluttet på pillene for første gangen! Må innrømme spentheten har «daffet» av litt etter 2 år, men akkurat det slipper du nok å gå igjennom 😅

Trist å høre om søstra til mannen din, håper det går greit! Blir godt med en frihelg med mannen da 😍

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har fått ånda over meg i natt, og har tatt steg for å endre på livssituasjonen min. Det starta veldig bra, med at eg no tar tak i mi eiga helse, og min og mannens økonomi. Har laga nytt budsjett for oss, og har laga treningsopplegg og kosthaldsplan. Men derifrå kom bekymringane. Legetime skal bestilles i dag, og tenkjer at i alle fall eg bør ha ein dobbeltime. Etter å ha lese ein tråd her inne om PCOS, og lest meg litt opp på det, er eg redd for at dette er noko eg kan ha. Så eg ynskjer å snakke med legen om dette, i tillegg til at eg skal ta ut p-staven. 

I følge ei nettside nokon linka til, er typiske symptomar "overvekt, økt hårvekst og uregelmessig eller uteblitt menstruasjon. Andre symptomer er uren hud, PMS, insulinresistens, migrene, depresjon, håravfall og stoffskifteendringer. Insulinresistens resulterer ofte i økt fettlagring rundt midjen, som igjen gir økt risiko for diabetes type 2."

  • Eg er jo overvektig, og er veldig klar over dette. Veldig mykje har lagt seg rundt midjen. Har prøvd fleire gonger å gå ned i vekt, men mister motivasjonen når ingenting skjer. Eller så vert eg for fort lei. Eller så sprekk eg når det gjeld mine eigne køyrereglar, og gjev opp alt for lett. Også er eg vel ganske avhengig av sukker, og veit eg må kutte ut dette, men syns det er fryktelig vanskelig. Spesielt ettersom eg heller ikkje kan spise frukt, då det også er mykje sukker i det. Blir så vanskeleg å dempe søtsuget då!
  • Når eg tenkjer tilbake på tida før eg starta på p-piller, kan eg ikkje hugse at syklusen min var så veldig regelmessig. Men som sagt tidlegare i tråden, så kan det vere at eg berre ikkje fulgte med. 
  • Eg har også håravfall, i mengder. Er faktisk overraska over at eg framleis har hår, for eg røyter noko heilt ekstremt. Mannen klagar stadog vekk på at det er hår over alt.
  • Eg har også vore deperimert, og har både gått til psykolog og fått medisinar for dette. Men dette er ein del år sidan no.
  • Eg slit veldig med at eg kjenner meg trøytt og sliten, og tom for energi. Kanskje det er stoffskifteproblemer?

Uansett om det er noko eg innbiller meg eller ikkje, tenkjer eg det er viktig å få sjekka opp i, spesielt no som me ynskjer oss familie. Eg kjenner eg faktisk er kjemperedd for å få beskjed om at eg har PCOS. Føler liksom at om eg har det, så er det spikeren i kista. Eg hadde kanskje ikkje tenkt like mykje over dette om det ikkje hadde vore for at ein gynekolog eg var hos for mange år sidan nemnde at eg kunne ha det. Det vart aldri sjekka videre opp i, og eg tenkte ikkje meir over det den gongen. Men no kjenner eg at tanken gnager på meg, og eg er kjempenervøs for at dette skal vere tilfellet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ohoi! No har eg vore hos legen. P-staven er fjerna, og det er tatt blodprøver og bestilt ultralyd av eggstokkene for å utelukke PCOS. Ein kan vel seie at me no er prøvere! 😄

Merkar at eg nesten håpar at dei finn vitaminmangel eller noko på blodprøvane, for det ville i alle fall forklart kvifor eg er så trøtt heile tida. Klokka er ikkje 10 eingong, og eg er eigentleg klar for å sove igjen. Føler eg har hatt ein lang dag, til tross for at den berre har vart eit par timar. Men når eg tenkjer meg om har eg nok ikkje sove mange nok timar i natt. Sovna vel ein gong mellom 00.30 og 01.00, og bråvåkna av torden i 06-tida. Fekk slumra til klokka var 07, men det er jo uansett ikkje nok. 

Seinare i dag vert det trening igjen, (for andre dag på rad!), og vil gjerne ha energinivået litt opp før det, så er 90% sikker på at eg kjem til å legge meg litt igjen når mannen har gått på jobb.  Er blitt fast bestemt på at eg skal klare å gå ned i vekt, så om eg har PCOS eller ikkje, kjem eg uansett til å kutte kraftig ned på karbo. Skal gå over til 80-90% lavkabokost, tenkjer eg. Har allereie kutta ut brød, og pasta, potet (😭), og ris kjem eg heller ikkje til å spise så mykje av. Har kjøpt meg ei lavkabo-bok, i håp om å finne litt oppskrifter som kan vere godt, for etter å ha googla mykje sit eg igjen med veldig lite oppskrifter. 

Blir uansett kjekt å prøve noko nytt, og håpar at eg ser resultater av dette! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, dette vert ei semi-kjip veke. Mannen har reist bort for å søke jobb, og blir vekke til søndag. Syns det er overraskande vanskeleg å vere igjen åleine, særleg når det blir lagt ut bileter av han i familiechatten på facebook, med hjerter og i det heile tatt. Er små-misunneleg for at han får reise vekk og kose seg på det som i praksis er ferie, medan eg er heime og har intet mindre enn 4 nattevakter på rad framover, samstundes som eg saknar han og kjenner meg ganske så åleine. Men eg håpar han får nokre fine dagar saman med systera og foreldra. Og kanskje like viktig; at han får seg ein jobb!

Ellers er ikkje mensen komt tilbake enno. Fekk svar frå legen om at eg har D-vitaminmangel, så har fått beskjed om å spise meir fisk, samt vere ute i sola (lol, er så mykje sol å vere ute i for tida). I tillegg har eg fått vitamintilskot. Ventar framleis på time til gynekolog, men reknar med det brevet dukkar opp i posten ila veka. Har også tatt influensavaksine, i tilfelle me får fri i jula, og kan feire med familien til mannen. I så fall er det viktig å halde seg frisk, med tanke på systera hans. 

No har eg som sagt 4 nattevakter på rad, og tenkjer å prøve å få til ei treningsøkt etter jobb kvar dag. Merkar det er mykje vanskelegare å halde motivasjonen oppe når eg er åleine, men sjølv om eg ikkje har vore veldig flink med mat og sånn i dag, er eg fast bestemt på å få til gode rutiner som er enkle å følge. Men med rom for å skeie ut ein gong i blant. Som no til helga, når det er julebord. Det trur eg vert kjekt. :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre ei lita oppdatering i dag. Plutselig har ting blitt veldig travelt! Mannen har så godt som fått ny jobb, og byrjar i den om berre 3 veker. Så no må det pakkes! Og eg anar ikkje kor eg skal byrje, kva me skal beholde, selge, kaste osv. Kjenner eg gler meg veldig til å flytte då, og til å bu ein plass eg trur eg vil trivs. Einaste som er litt kjipt, er at eg no kjem til å flytte ganske langt vekk frå min eigen familie og mine vener. Og eg har enno ingen jobb. Men kryssar fingrane for at det går seg til. 

Merkar eg vekslar med å vere kjempeglad og kjempestressa. No må eg ut og få tak i flytteesker, tape, sprittusj og bobleplast! :handle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det voldsomt travelt for tida, med pakking og jobbing om kvarandre. Mannen har enno ikkje fått svar på om han får jobben, men det skal veldig mykje til for at han ikkje får den. Han har to veldig gode referansar frå samme type arbeid (ein av dei hadde ringt til dagleg leiar der mannen har søkt jobb, og sagt at han ikkje ville nølt med å ansette min mann, og at han er kjempeflink i jobben). I tillegg har jo mannen hatt samme type arbeid dei siste tre åra. Me reknar med han får svar i morgon. Om ikkje skal han ringe og høyre med dei. 

Eg tenkjer det ville vore veldig rart å ha han inne på ei prøvevakt, eit intervju, samt fortelje han kortid han har opplæring, dersom dei likevel veljer å gå videre med nokon andre. Han er nemlig den einaste som har hatt prøvevakt, så dei har jo brukt mykje meir tid på han, enn på dei andre søkjarane. Håpar verkeleg på positivt svar der i morgon.

Elles er det lite å melde. Mensen har framleis ikkje meldt sin ankomst. Men eg fekk brev i dag om at eg har fått time til MR-undersøking av bekkenet 2. januar. Eg trudde jo eg berre skulle til gynekolog og ta ultralyd av eggstokkane, så det var ein relativt stor overrasking å få i posten. Dessverre må eg jo endre den timen, ettersom eg etter all sannsynlegheit er flytta før den tid. 
Mannen må jo flytte seinast på mandag, om han skulle få jobben. Eg tvilar sterkt på at eg får lov å slutte like fort, så eg vert nok verande her nokre veker til. Håpar eg får flytte før jul då, men det er nok ein sjans for at eg må jobbe også i jula. Svigermor vart nesten sjokka over at eg kanskje må sitje i ei nesten tom leilighet åleine i jula, men eg tenkjer at det er kun snakk om nokre veker, så det skal nok gå fint. Dessutan har eg fått tilbod om å feire saman med systera mi, så om eg ikkje skal jobbe julafta, kjem eg nok til å takke ja til det. 

Men blir rart om eg skal feire mi første jul som gift, utan mannen min. :P 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! 

Spennende med flytting da! 😄 lykke til, krysser fingrene for at det ordner seg med jobb og alt!🤞🏼

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

8 timer siden, Frøkenhåpefull skrev:

Hei! 

Spennende med flytting da! 😄 lykke til, krysser fingrene for at det ordner seg med jobb og alt!🤞🏼

Jobben er i boks for mannen sin del. No er det berre eg som må finne meg noko. Fekk vite denne veka at det visstnok er mangel på folk på sjukeheimane i byen, så er jo kanskje noko å hente der. 🤞 Har fått beskjed om at eg kaaaanskje får slutte i jobben eg har no, i midten av desember. Så no har eg to veker på å pakke ned leiligheten, og vaske ut. Mannen flytter allereie på tirsdag, så då må eg pakke åleine. Det blir nok eit par veker med relativt høgt stressnivå, kan eg tenkje meg. I tillegg blir det jo heller ikkje akkurat mykje prøving dei neste vekene. 😅

Mensen har framleis ikkje dukka opp, og eg føler kanskje det er litt rart? Pleier ikkje den komme ganske med ein gong, etter man fjerner p-stav? Skulle gjerne sett at den dukka opp snart, for tviler jo sterkt på at eg allereie er blitt gravid, sjølv om det hadde vore litt artig. 😄

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Amantheia skrev:

Jobben er i boks for mannen sin del. No er det berre eg som må finne meg noko. Fekk vite denne veka at det visstnok er mangel på folk på sjukeheimane i byen, så er jo kanskje noko å hente der. 🤞 Har fått beskjed om at eg kaaaanskje får slutte i jobben eg har no, i midten av desember. Så no har eg to veker på å pakke ned leiligheten, og vaske ut. Mannen flytter allereie på tirsdag, så då må eg pakke åleine. Det blir nok eit par veker med relativt høgt stressnivå, kan eg tenkje meg. I tillegg blir det jo heller ikkje akkurat mykje prøving dei neste vekene. 😅

Mensen har framleis ikkje dukka opp, og eg føler kanskje det er litt rart? Pleier ikkje den komme ganske med ein gong, etter man fjerner p-stav? Skulle gjerne sett at den dukka opp snart, for tviler jo sterkt på at eg allereie er blitt gravid, sjølv om det hadde vore litt artig. 😄

Gratulerer til mannen din! Ja det er vanligvis amangel på ansatte ved sjukehjem, så satser på at det ordner seg for deg 😊 Jeg har erfaring med å være alene i leiligheten da mannen jobber utenlands, og unner ingen det! Ikke for 2 uker en gang 😂 men de ukene går nok fort siden du har ting å gjøre på.

Jeg tok ut staven min for 2,5 år siden, men kan virkelig ikke huske hvor lenge det tok før mensen kom 🤔 3-4 uker? Usikker. Varierer sikkert fra person til person uansett. Veldig gøy om det har klaffet allerede da!😄 Skader ikke å ta en test.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Då var me endeleg flytta, jula er feira, og mensen dukka opp 26. desember. Still going, kanskje i overkant sterk enno, og ser ikkje ut til at den har tenkt å gå over snart. Har og fått flytta time for MR til Drammen, så no har eg time 8. februar der. Det har vore mykje stress i det siste, og eg kjenner eg gler meg veldig til heile høytida er over. 

No må eg berre finne meg ny jobb! Skal ut på onsdag og jakte! 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

Nærmar meg slutten på første syklus no. I følge mobil-appen skal eg få mensen om to dagar, så får sjå om den dukkar opp då. Har kjend meg litt merkeleg i det siste, og har halvvegs håpa på at eg skal vere gravid allereie, men trur nok det er meir ønsketenkjing og innbilling enn noko anna. Men har kjøpt ein test, og tenkjer eg kan ta den om mensen ikkje dukkar opp om to dagar. Evt om eg vert for utålmodig, og vil finne det ut i morgon tidleg. :fnise:

I helga har me vore på besøk hos mamma og pappa, og fått henta siste rest av flyttelasset, så no skal me endeleg få spise frå noko anna enn juleserviset! Mannen klarte sjølvsagt å bli sjuk, men kryssar fingrane for at han føler seg betre i morgon, for då skal me på trening på ettermiddagen, og han skal på jobb på natta. Eg må ringe rundt til barnehagar og diverse, og høyre om dei treng tilkallingsvikarar, og eg fekk også tips om å søkje i heimehjelpstenesta, så får prøve å finne ut kven eg kan ta kontakt med der. 

Bortsett frå det, må eg få starta å rydda plass/selge unna ting i boden, for den er allereie kjempefull, og me har enno meir som må inn dit. Hadde ikkje gjort noko å få solgt litt saker og ting då. Litt ekstra pengar er aldri feil! 🤑

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bah. Mensen er ikkje dukka opp enno, så har tatt graviditetstest, som viste seg å vere negativ. Er altså no på CD31. Om eg ikkje får mensen i morgon kjem eg nok til å bli smått irritert. Syns syklusen i så fall blir unødvendig lang. :fnise: Om 2 veker skal eg på MR-undersøkelse, for å finne ut om eg kan ha PCOS. Kryssar alt eg har av fingre og tær for at dei ikkje finn noko. Kjenner eg er litt nervøs for resultatet. Nokon som har tatt sånn undersøkelse før, og som veit korleis det foregår? Kor lang tid det tar før eg får vite noko, f.eks?

 

I dag har eg vore på trening. Har fått nytt treningsprogram, samt at eg har kjøpt PT-timar sånn at eg får komt skikkelig i gang med treningen. Gler meg til å trene med ho, for ho virkar veldig grei. Og sist gong eg hadde PT, såg eg resultat nesten med ein gong. 10x45min, så ei treningsøkt på 45 minutt ein gong per veke, i 10 veker framover, med første time på tysdag. 
Har eit håp om å klare rundt 3 økter i veka. Ei økt med PT, ei økt med oppsatt treningsprogram, og ein form for gruppetime for siste økta. Treningssenteret har enormt stort utval på gruppetimar, alt frå spinning og zumba, til pilates og yoga. Merkar at eg har litt lyst å prøve alle, men til å byrje med blir det nok kun PT-time og oppsatt treningsprogram. Er nesten 100% sikker på at eg kjem til å bli støl i morgon, og med tanke på at senteret stenger alt for tidleg i helga (kl 17!), så blir det ikkje så veldig enkelt å få trent i helga, særleg ikkje dei vekene mannen jobber. Men enn så lenge er eg i det minste motivert. :trene:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Krysser fingrene for at det er gode nyheter å få etter undersøkelsen! 🤞🏼

Hvordan går det ellers, har tanta dukka opp? 😅

Så flink du er med treninga da, jeg er mere ett støttemedlem hos det lokale treningssenteret enn noe annet 🤦🏼‍♀️

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Frøkenhåpefull skrev:

Krysser fingrene for at det er gode nyheter å få etter undersøkelsen! 🤞🏼

Hvordan går det ellers, har tanta dukka opp? 😅

Så flink du er med treninga da, jeg er mere ett støttemedlem hos det lokale treningssenteret enn noe annet 🤦🏼‍♀️

Har fremdeles ikkje fått mensen, og no er det jo gått snart ein mnd sia sist runde var over. Syns det heile er veldig merkeleg. Hadde vore så mykje enklare  ha ein normal syklus, for sånn som det er no, så veit eg jo aldri kortid den dukkar opp. Lurer på om eg skal ta ein test til før eg skal på MR, berre for å vere sikker på at eg ikkje er gravid, men kjenner litt på at eg ikkje vil sitje der med ny negativ test, og med tankje på at eg ikkje har merka noko som helst anna enn uteblitt mens, så trur eg ikkje det er sjanse for at den er positiv.

Var på min første skikkelige PT-time på torsdag. PT fann ut at me skulle sjekke kva eg maksimalt klarte å løfte i benkpress og beinpress. 52,5 kg benkpress og 210 kg beinpress! Blei ganske imponert over meg sjølv der. Ny time på mandag!

Elles så har eg blitt satt opp som ringevikar i ein barnehage her, og skal også på intervju i heimetenesta ein gong i neste veke. Sjølv om eg eigentleg ikkje vil jobbe som det, håpar eg at eg får jobben, både sånn at svigerfar sluttar å kalle meg lat, men også sånn at me får litt meir inntekt til huset. 

Endret av Amantheia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...