Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

På 17.4.2017 den 19.14, Grønt blad skrev:

Så godt å høre. Andre trimester er vel fa formen er best. Håper det fortsetter slik :)

Ja, det får eg håpa! :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag har eg vore innom legekontoret for å ta glukosebelastning. Eg grua meg litt på forhånd. Måtte fasta frå midnatt, så det siste måltidet mitt før gluosebelastninga var kveldsmaten i går kveld. Eg tok først ein blodprøve med ein gang eg kom på legekontoret, og blodsukkeret var lavt sånn som det skulle vera. Så då fekk eg ei flaske med noko eg måtte drikka. Det hadde sitronsmak, og var altfor søtt og kvalmande. :sprettoy: Når eg skulle ta den siste slurken vart eg skikkelig kvalm, så då var eg veldig glad for at det var tomt! Så måtte eg sitja på legekontoret og venta i 2 timar, før eg skule ta ny blodprøve. :overrasket: Eg fekk ikkje lov til å gå nokon plass, men måtte sitja heilt i ro på venterommet, for eg skulle ikkje bruka noko energi. Jammen godt at det var ein del gamle vekeblad å lesa i på legekontoret, og at eg hadde mobilen med meg. ;) Då gjekk heldigvis tida litt fortare enn eg hadde frykta. 

Grunnen til at eg må ta glukosebelastning, er ikkje fordi eg er overvektig eller har diabetes i familien. Eg har heller aldri hatt sukker i urinen, når eg har levert urinprøvar på svangerskapskontrollane. Det har kun med alderen min å gjera. Alle over 36 eller 37 år måtte ta glukosebelastning, fekk eg beskjed om - fordi høg alder ved graviditet aukar visst risikoen for svangerskapsdiabetes. 

Resultatet av glukosebelastninga fekk eg ikkje i dag, for blodprøvane måtte sendast til sykehuset. Så då får eg sjå om eg ringer legekontoret ein dag, for å få resultatet. Ellers må eg venta til neste svangerskapskontroll hos legen, om ca 1 1/2 veke. Men legen tok visst uansett kontakt med meg på telefon, viss det var noko spesielt. Men eg reknar jo med at alt er i orden, sidan eg ikkje har nokon auka risiko (utenom alder) for å utvikla svangerkapsdiabetes. 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper at alt er i orden med blodsukkeret ditt. Det er noe dritt å styre med blodsukkermåling og kostholdsregulering. Jeg var i grenseland i siste svangerskap, og selv om jeg heldigvis slapp insulin, så var det litt stress likevel.

Det er ikke uvanlig å utvikle sd når man blir eldre og har flere svangerskap bak seg, da kroppen må produsere mer insulin under et svangerskap og kroppens evne til dette kan avta med tid (særlig i risikogruppene, men også andre kan få problemer med dette)

De tester mange flere nå, enn før, da det viser seg at mange utenfor risikogruppene utvikler sd og at mange heller ikke får særlig symptomer.

Jeg er ung og slank og hadde ingen symptomer før jeg fikk utslag på testen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Æsj, der der hørtest ekkelt ut!! Håper jeg slipper det ;) men det er jo enda godt at de kontrollerer...Håper alt viser seg å være ok :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.4.2017 den 23.07, Synne-Marie skrev:

Usj, det høyrest ikkje noko kjekt ut, nei. :( Eg som følte meg så sikker på at eg ikkje kan ha svangerskapsdiabetes, sidan eg er slank, ikkje har diabetes i familien, og heller ikkje har nokon symptom på det. :sukk: Men eg skjønnar jo no at det tydeligvis er mulig å utvikla det likevel, etter det du opplevde i forrige svangerskap. :sjenert: 

Får berre kryssa fingrane for at eg er heldig og slepper unna, sjølv om eg har fylt 40. Tenkte å ringa legekontoret over helga, for å få resultatet av glukosebelastninga. Trur ikkje eg har tålmodighet til å venta heilt til neste svangerskapskontroll om nesten 1 1/2 veke. :bond:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.4.2017 den 7.03, LillyBe skrev:

Æsj, der der hørtest ekkelt ut!! Håper jeg slipper det ;) men det er jo enda godt at de kontrollerer...Håper alt viser seg å være ok :) 

Ja, det er jo bra å få det sjekka - men håpar eg slepper å gjera det fleire gangar. :sjenert: Kryssar fingrane for at alt ser fint ut! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har eg kjøpt ny vogn og bilstol, og eg er veldig fornøyd! :hoppe:

Eg har sett på vogner ei stund, og hadde bestemt meg for Baby Jogger, City Elite. Den vogna virkar solid og god, har stor bag - og vogna er høg, noko som er viktig sidan både eg og mannen min er lange.

Fann eit veldig bra pakketilbud på vogna, med både bag- og sportsvogndel, på Jollyroom. Så eg hadde tenkt å bestilla vogna i nettbutikken. Eg tok ein tur innom Barnas Hus på lørdag for å sjå og prøva vogna, sånn at eg skulle vera heilt sikker før eg bestilte vogna. Eg sa i butikken at eg berre ville sjå på vogna, for eg hadde funne eit bra tilbud på nettet, og tenkte å bestilla vogna der. Det viste seg då at så lenge eg kunne visa henne tilbudet i nettbutikken, og dei hadde tilsvarende produkt på lager på Barnas Hus, så kunne eg få vogna til samme pris om eg kjøpte den i butikken! :nigo: 

Ho eg snakka med i butikken, sa at dei hadde den vogna på lager fortsatt. Dei hadde hatt mange før påske, men no etter påske hadde det minka på lageret. Men eg forstod det sånn at dei fortsatt hadde ein del vogner igjen. Så eg sa at eg skulle diskutera det med mannen min, så kom eg eventuelt innom igjen ein annan dag. 

Mannen min var enig i at det var eit bra tilbud, så eg bestemte meg for å gå innom Barnas Hus i dag for å kjøpa vogna, og evt. bilstol, som me også treng. Fekk melding frå mannen min tidlegare i dag (han er medlem av kundeklubben), om at dei hadde 25% rabatt på bilstolar på Barnas Hus i dag. Snakk om flaks! :tommelopp: 

Når eg kom inn på butikken, så sa eg at eg hadde vore innom på lørdag og blitt lova vogna til samme pris som i nettbutikken. Og det var ingen problem. :) Når ho eg snakka med gjekk for å henta vogna på lageret, var det plutselig berre ei vogn igjen! :sjokk: Så viss eg hadde kome litt seinare på dagen, så hadde eg nok ikkje fått vogna i den fargen eg ville (svart). Snakk om flaks igjen! ;)

Så fann eg ein bilstol og ein base eg ville ha, som eg også fekk billigare, sidan det var 25% rabatt i butikken i dag! :jepp: Det var ein ny type bilstol og base dei hadde fått inn no, der bilstol nr 2 passar på den samme basen som babybilstolen. Så då blir det billigare når me skal kjøpa neste bilstol, for då treng me kun å kjøpa stol. :)

Vogna med bag- og sportsvogndel kosta egentlig nesten 9000 kr i butikken, og bilstolen med base kosta ca 5000 kr. Og eg var så heldig å få alt saman til 10 000 kr! :strix:

Så det lønnar seg å sjekka ut prisar på forhånd, og få med seg sånne tilbud. :) Og litt ekstra flaks hadde eg jo og i dag! ;) No gledar eg meg utrulig mykje til veslejenta kjem! :hjerter_rundt: Det følest enda meir virkelig at eg snart skal bli mamma igjen, no når både vogn og bilstol er i hus. :rodmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvilken bilstol var det?

Gratulerer med bra pris på tingene, er moro når man får til gode dealer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Synne-Marie skrev:

Wow! Det var jo et skikkelig kupp! Greit å ha vogn og bilstol på plass.

20 timer siden, QBee skrev:

Gratulerer med vogn og babysete :) Er det meste på plass nå eller? 

Takk! :) Ja, veldig greit å ha fått på plass både vogn og bilstol. :jepp:

Eg har jo ein del ting/utstyr og klede frå før, så trur egentlig ikkje det er så mykje meir nytt eg treng. Iallfall ikkje av dyre ting. Eg er forresten på jakt etter ein ny babycall. Har veldig lyst på Neonate babycall. Men den er dyr, så trur eg ventar litt og ser om det dukkar opp eit bra tilbud på den. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Nótt skrev:

Hvilken bilstol var det?

Gratulerer med bra pris på tingene, er moro når man får til gode dealer.

Takk! :) Ja, det er alltid kjekt med gode tilbud. :jepp:

Bilstolen er ein Maxi Cosi. Ein ny modell, der den samme basen kan brukast både til bilstol nr 1 og 2. Altså opp til ca 4 år, så lenge som barn er anbefalt å sitja bakovervendt. Men det er berre babystolen eg har kjøpt enda. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Mirabella76 skrev:

I dag har eg kjøpt ny vogn og bilstol, og eg er veldig fornøyd! :hoppe:

Eg har sett på vogner ei stund, og hadde bestemt meg for Baby Jogger, City Elite. Den vogna virkar solid og god, har stor bag - og vogna er høg, noko som er viktig sidan både eg og mannen min er lange.

Fann eit veldig bra pakketilbud på vogna, med både bag- og sportsvogndel, på Jollyroom. Så eg hadde tenkt å bestilla vogna i nettbutikken. Eg tok ein tur innom Barnas Hus på lørdag for å sjå og prøva vogna, sånn at eg skulle vera heilt sikker før eg bestilte vogna. Eg sa i butikken at eg berre ville sjå på vogna, for eg hadde funne eit bra tilbud på nettet, og tenkte å bestilla vogna der. Det viste seg då at så lenge eg kunne visa henne tilbudet i nettbutikken, og dei hadde tilsvarende produkt på lager på Barnas Hus, så kunne eg få vogna til samme pris om eg kjøpte den i butikken! :nigo: 

Ho eg snakka med i butikken, sa at dei hadde den vogna på lager fortsatt. Dei hadde hatt mange før påske, men no etter påske hadde det minka på lageret. Men eg forstod det sånn at dei fortsatt hadde ein del vogner igjen. Så eg sa at eg skulle diskutera det med mannen min, så kom eg eventuelt innom igjen ein annan dag. 

Mannen min var enig i at det var eit bra tilbud, så eg bestemte meg for å gå innom Barnas Hus i dag for å kjøpa vogna, og evt. bilstol, som me også treng. Fekk melding frå mannen min tidlegare i dag (han er medlem av kundeklubben), om at dei hadde 25% rabatt på bilstolar på Barnas Hus i dag. Snakk om flaks! :tommelopp: 

Når eg kom inn på butikken, så sa eg at eg hadde vore innom på lørdag og blitt lova vogna til samme pris som i nettbutikken. Og det var ingen problem. :) Når ho eg snakka med gjekk for å henta vogna på lageret, var det plutselig berre ei vogn igjen! :sjokk: Så viss eg hadde kome litt seinare på dagen, så hadde eg nok ikkje fått vogna i den fargen eg ville (svart). Snakk om flaks igjen! ;)

Så fann eg ein bilstol og ein base eg ville ha, som eg også fekk billigare, sidan det var 25% rabatt i butikken i dag! :jepp: Det var ein ny type bilstol og base dei hadde fått inn no, der bilstol nr 2 passar på den samme basen som babybilstolen. Så då blir det billigare når me skal kjøpa neste bilstol, for då treng me kun å kjøpa stol. :)

Vogna med bag- og sportsvogndel kosta egentlig nesten 9000 kr i butikken, og bilstolen med base kosta ca 5000 kr. Og eg var så heldig å få alt saman til 10 000 kr! :strix:

Så det lønnar seg å sjekka ut prisar på forhånd, og få med seg sånne tilbud. :) Og litt ekstra flaks hadde eg jo og i dag! ;) No gledar eg meg utrulig mykje til veslejenta kjem! :hjerter_rundt: Det følest enda meir virkelig at eg snart skal bli mamma igjen, no når både vogn og bilstol er i hus. :rodmer:

Oi, håper dette gjelder i alle Barnas Hus butikker! Skal innom i dag å se om jeg kan få samme deal! :D 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

5 timer siden, Smiiil skrev:

Oi, håper dette gjelder i alle Barnas Hus butikker! Skal innom i dag å se om jeg kan få samme deal! :D 

Er det vogn eller bilstol du treng, eller begge delar? Håpar du fekk det du skulle ha, til samme pris som det eg fekk! :tommel: Eg var på Barnas Hus i Åsane, i Bergen. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har forresten fått resultatet av glukosebelastninga no, og alt såg heldigvis heilt fint ut! :nigo: Meinar ho eg snakka med på legekontoret sa at blodsukkeret mitt var på 4 komma eitt eller anna, og det var visst bra. :) Så då kryssar eg fingrane for at eg ikkje må gjennom ei ny glukosebelastning seinare i svangerskapet! 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 25.4.2017 den 19.35, Mirabella76 skrev:

Er det vogn eller bilstol du treng, eller begge delar? Håpar du fekk det du skulle ha, til samme pris som det eg fekk! :tommel: Eg var på Barnas Hus i Åsane, i Bergen. :)

Skulle ha babyjogger city premier :-) fikk den til samme pris som på jollyroom! Var bestillingsvare, men det er helt OK. skal ikke ha baby før i juli så da passer det fint :D Takk for tipset! Så det hang en lapp på Barnas Hus forus uti et hjørne ang. prisgaranti ;-) så det var digg! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

1 time siden, Smiiil skrev:

Skulle ha babyjogger city premier :-) fikk den til samme pris som på jollyroom! Var bestillingsvare, men det er helt OK. skal ikke ha baby før i juli så da passer det fint :D Takk for tipset! Så det hang en lapp på Barnas Hus forus uti et hjørne ang. prisgaranti ;-) så det var digg! 

Så bra at du og fekk samme tilbud som på Jollyroom! :tommelsmil: Eg fekk faktisk til svar at eg kun fekk vogna til samme pris som i nettbutikken, viss dei hadde tilsvarende produkt på lager i butikken. Så då var du jo ekstra heldig, som fekk tilbudet på vogna, sjølv om det var bestillingsvare! :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, Jill skrev:

Måtte inn og titte på barnas hus sine nettsider og her står det faktisk om prismatch: http://www.barnashus.no/prismatch/

Står ikke at BH må ha varene på lager i butikk. :)

Då var det jo litt rart at ho eg snakka med på Barnas Hus, sa at eg berre kunne få vogna til samme pris hos dei, viss dei hadde tilsvarende produkt på lager i butikken. :klo: Heldigvis for meg hadde dei akkurat ei vogn igjen. ;) Men greit å vita til ein annan gang, at eg faktisk har krav på å få det eg kjøper til samme pris som eg finn i ein nettbutikk, sjølv om dei ikkje har det på lager på Barnas Hus. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tidlegare i svangerskapet har eg nesten berre kjent spark heilt nederst i magen. Men i det siste har eg begynt å kjenna spark og bevegelsar mykje lenger oppe i magen, omtrent i høgd med navlen. :) Glad for det, for det tyder jo på at vesla i magen ikkje ligg i seteleie lenger. Trur kanskje ho har lagt seg i tverrleie no, for eg kjenner masse spark på høgre og venstre side av magen, men mindre midt i magen. 

Merkar godt at babyen har blitt sterkare no, for ho sparkar ganske hardt innimellom, sånn at eg ser at magen min bevegar på seg, og bular ut på forskjellige plassar. ;) Kanskje ikkje så rart, no når eg vedig snart er inne i 3. trimester. Babyen begynnar jo å bli ganske stor etter kvart. :rodmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...