Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Då var ul-en overstått og det gjekk bra :) Legen sa at det framleis var der, det som ho såg forrige gong, men ho syns det hadde blitt litt mindre. Og eg måtte ikkje tenke på alt eg hadde lest, for det var laaangt utanfor det ho hadde tenkt seg.. Så: fy til å google :gjeiper: Hjertet til knøttet slo fint og han/ho er heile 4,4 cm lang :)

Skal tilbake på ny ul om ca tre veker, har ikkje fått datoen enda. Og ordinær ul, som eigentleg skulle vere 10. juni, vart flytta til 20. juni, for det vart litt tidleg med 10., sidan eg er komt kortare enn først antatt. Men eg skal i alle fall ikkje klage over å få mange ul, for då får eg sjå skatten vår mange gongar :rodmer:

I følge måla så er eg 11+1 i dag, men i følge terminkalkulatoren basert på forrige vekes mål, så er eg 10+6..så ca 11 da! :Nikke: Då er det ikkje lenge att til dei magiske 12! :) Og i morgon skal eg til legen, og det er jo litt av eit pes med buss og sånn.. Eg MÅ få meg lappen! :gjeiper:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjekk bra hos legen i går.. Blodtrykk på 100/70, som er stabilt (dei andre gongane eg har vore på legen har eg hatt 100/65) og normalt. Tok blodprøver også, dei får eg vel svar på seinare i eit brev. Neste kontroll kan eg ta hos jordmora, så eg kan ringe og bestille time ein gong i løpet av dei neste 4-5 vekene. Bør få time før ordinær ul. Men eg finn ikkje tlfnummeret hennar på kommunesidene våre, enten er eg dårleg å leite eller så har dei ikkje lagt det ut.. Så eg får spørje legen om han har det :)

Vi snakka også om at det no nærmar seg tidspunktet for å gå offentleg med det, og at i og med at eg har kome såpass langt, så er det nok ganske trygt, sjølv om ein aldri kan vite. Men det går i alle fall ikkje an å gå rundt i 9 mnd og vere redd og ikkje tørre å gle seg, vi må få lov til å gle oss! Og eg gler meg altså :) Og om under ei veke KAN vi seie det til folk viss vi vil :)

Ellers så må eg prøve å finne ein jobb snart. Vikariatet mitt her på skulen går ut no i sommar, og eg tvilar på eg får det forlenga, med tanke på nedskjeringar etc., så eg må prøve å finne noko nytt. Og eg reknar med at når dei får vite at eg er gravid så får eg I ALLE FALL ikkje forlenga vikariatet :gjeiper: Viss eg ikkje finn noko, får eg heller melde meg arbeidsledig, for eg trur eg har lest at arbeidsledighetstrygd også gjeld som grunnlag for pengar etter fødselen.. Håper det :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fekk brev i posten då eg kom heim, frå sjukehuset. Har fått ny time til ul fredag 20.05. kl. 12.30 :) Eg er veldig fornøgd med oppfølginga eg har fått hittil! Og veldig glad for at eg faktisk fekk tidleg ul.. Og at dei tek det dei ser på alvor.. Men håper at den greia i livmora har minska no da!

I går sa eg det forresten til den mellomste lillebroren min, på 15 :) Han er ein sånn stille type som ikkje seier sånt, hehe :) Han på 10 og han på 18 er meir plaprete.. :gjeiper: Dei to og storebroren min får vente ei veke til, hehe :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var heime hos familien i helga, sidan det var konfirmasjon for lillebror 2 :) Var utruleg nydeleg ver, heilt perfekt konfirmasjonsver med strålande sol og over 20 grader! Ikkje så perfekt for dei med bunad, hehe :) Dei måtte sette seg i skyggen :) Men når eg ser alle fine bunadane (Sunnmørs, såklart!) så merkar eg at eg også har veeeeldig lyst på det! Men først må eg slanke meg litt.. eh, etter at eg har fått ut ungen..:)

Vi tok sjansen og sa det til dei komande oldeforeldra og dei andre gjestane der, sånn no og då, så no veit heile nærmaste slekta at vi skal ha baby :) Det er ikkje 12 veker før i morgon, sånn ca.. (i følge babyverden er det 11+5 i dag, men på ul førre onsdag meinte ho eg var 11+1 og viss eg har rekna rett då, så er det 12 i morgon..), men vi tok altså sjansen! Det føles godt ut, og vi får berre krysse fingrane :) Bestevennen til mamma og pappa er jo fastlegen min, og han og kona er fadrar på konfirmanten, så dei var jo der..Så no fekk endeleg kona hans også vite det, han har jo allereie visst det kjempelenge, hehe :) Og mamma slepp å skrøne meir, ho er VERDAS dårlegaste til det :skratte:

Ellers var det ein veldig fin konfirmasjon med mykje god mat! Ca 20 stk til middag, då fekk vi sosakjøt av hjort (nam!) og jordbærmousse til dessert. Til kaffi var vi ca 40 stk..og eg trur eg talde 14 kaker og 5 dessertar.. Vi fekk litt til overs, hehe :fnise:

20. mai er det ul igjen, og det er ikkje lenge til! Berre 11 dagar! Eg gler meg :)

Oooh, og så steig eg på vekta i dag (eh, eg veg meg kvar dag, eg!), og den viste minus 3,5 kg sidan eg fann ut eg var gravid! Det er jo ikkje verst! :) Då har eg ikkje lagt på meg i alle fall, og det er jo fint :) Har mykje feitt å tære på uansett, hehe :) Lenge leve dårleg matlyst! (Sjølv om eg trur den har begynt å kome tilbake..på fredag åt eg frykteleg mykje taco!!) :fnise:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då skal det i teorien vere 12 veker i dag, så eg får hoppe litt for det! :hoppendeglad:

Og ti dagar til ul :) 3. gongen eg får sjå knøttet, skal ikkje klage på det :) (Håper berre alt står bra til!)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har jeg lest igjennom hele dagboka di og sitter igjen med en følelse av at du er supertøff! Ikke kjekt å miste, heller ikke å frykte at det kan gå galt når det har klaffet igjen... Håper du slipper å bekrymre deg hele tiden, kjempebra at du får ekstra oppfølging! Skal prøve å kikke innom deg flere ganger, liker måten du skriver på :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Nå har jeg lest igjennom hele dagboka di og sitter igjen med en følelse av at du er supertøff! Ikke kjekt å miste, heller ikke å frykte at det kan gå galt når det har klaffet igjen... Håper du slipper å bekrymre deg hele tiden, kjempebra at du får ekstra oppfølging! Skal prøve å kikke innom deg flere ganger, liker måten du skriver på :jepp:

Hei og :velkommen: aftereight! (Nam, god sjokolade!) :) Så kjekt å høyre frå deg, og tusen takk for gode ord! Har slitt litt med motstridande følelser dette svangerskapet ja - både kjempeglad for at det klaffa igjen og kjemperedd for at det skal gå gale! Men det ser jo ut til at det kanskje går bra no da, heldigvis :) Du er hjerteleg velkommen tilbake, eg blir veldig glad for kommentarar :)

Fekk svar på blodprøvene mine i går, eg har heldigvis verken hiv eller syfilis :jepp: Men eg har heller ikkje rubellavaksina, som er mot raude hunder.. Så det stod det vart anbefalt at eg fekk den med ein gong etter fødselen. Eg veit ikkje når det er vanleg å få den, men eg har jo fått alle vaksiner eg skal i løpet av oppveksten og barne/ungdomsskulen, men stoffet har vel kanskje gått ut av kroppen då da? :klo:

I dag skal vi ha svigermor på middag (no var det like før eg skreiv TIL middag..men det kunne ha blitt mistolka :fnise: ). Fiskebollar i kvitsos, nam! Håper berre at det går bra. Ho er jo ei veldig snill dame, men også ganske gammal.. Og ting vart gjort annleis då ho var gravid.. Så av og til verkar det ut som om alt eg gjer er feil, men eg prøver å berre ikkje bry meg om det.. Begynner ho å prate om det, så går eg f.eks. på do. Så får mannen min seie ifrå, hehe :) Då eg mista forrige gong, fekk ho det til å høyres ut som om det var min feil, for eg hadde jo gjort sånn og sånn, og ikkje sånn og sånn.. Det vart litt tungt til slutt, så då sa eg frå til mannen min, og no passar han godt på :) Ho meiner jo ikkje noko vondt, ho er jo ikkje slem! Men eg håper altså at det går bra i dag :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Snart helg! Jobbar på ein barneskule, og merkar at det er jammen godt når fredagen er ferdig! :) Håper ikkje stress og sintehumør påvirkar ungen alt for mykje..

Låk i ryggen i dag, trur eg har sove skeivt i natt, vart så låk då eg gjekk på do.. Sikkert hatt dårleg sovestilling. Eg grur meg forresten til den der gravidtisseomnattagreia slår til.. Eg må jo allereie på do minst ein gong om natta! Huff! Rekorden er fem gongar..men då drakk eg eit lite glas vatn før eg la meg, så det er kanskje ikkje så rart. Så eg grur meg til eg må meir enn ein gong!

I natt drømte eg at eg var på do, og då eg tørka meg var det blodspor på papiret! Men heldigvis var det berre ein draum, for då eg gjekk på do i dag, så var der ingenting :)

Og i går, hihi, då hadde eg DEN sære draumen! Då drøymde eg at mamma var gravid! :fnise: Ho kan jo teknisk sett bli det da, ho er berre 48, men pappa har sterilisert seg (han syns det vart nok ungar til slutt :fnise: ), så det var eit sjokk, i draumen altså, då det gjekk opp for oss at då var jo ikkje han faren! Sære greier :gjeiper:

Då var lunsjpausa over :( Men berre to undervisningstimar igjen no, så er det straks helg! :romeo: (Det fortjener ei serenade!) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har hatt ei veldig fin helg, og no er halve arbeidsdagen over og så er det 17. mai! :) Hipp hurra! Skal heim til der eg kjem frå og feire i år..vi har foreløpig annakvart år på min og hans heimplass (som er der vi bur no da) :)

I helga har vi nesten berre slappa av :) Gjekk ein liten tur i går, og så starta vi med å rydde ut av roterommet vårt, som skal bli til barnerom i løpet av det neste halve året :):rodmer:

Har også tatt av meg 4,5 kg sidan eg vart gravid (faktisk 6 kg viss eg tel frå då eg var absolutt tyngst), så det er eg veldig glad for! Eg slankar meg ikkje, eg et absolutt alle måltid eg skal, men eg er nok flinkare til å ete frukt, pluss eg har litt mindre matlyst.. Og det gjer ingenting, for overvektige treng visst ikkje å legge på seg så mykje :) Finfint! Må prøve å halde vekta i sjakk i nokre mnd til, hehe :)

No må eg berre fundere vidare på kva eg skal ha på meg i morgon.. Eg har ikkje bunad dessverre :( Men eg har ikkje problem med å bruke mine vanlege klede, så eg kan velge mellom det eg har :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då drista eg meg til å lage ein ticker.. Håper den kan få vere der heilt til november! Måtte forandre litt på termindatoen, for å få det til å stemme, men det er vel fordi USA opererer med anna svangerskapslengde enn her i Noreg..

Ul på fredag, og eg er like spent som alltid! Har jo kome "godt" over 12 veker no, og folk har begynt å få vite det.. Men eg er like redd for at det ikkje skal gå bra likevel.. at på fredag så ser vi at babyen er død! :( Men samtidig så tenker eg at eg har jo ikkje blødd noko, og det hadde eg vel gjort om noko hadde gått galt?! Forrige gong blødde jo eg i fleire veker..

Huff, må ikkje tenke på det!

Hadde forresten ein fin 17. mai heime med min familie :) Og fekk dei obligatoriske gnagsåra - 2 på kvar fot, hehe :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slenger meg på som titter her jeg :)

Morro å "treffe på" andre lærere også. Er ikke helt i din situasjon jeg da, sånn med tanke på graviditet, men en gang så er jeg der også :) Stiller meg i kategorien "verpesyk, med en skeptisk samboer" ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slenger meg på som titter her jeg :)

Morro å "treffe på" andre lærere også. Er ikke helt i din situasjon jeg da, sånn med tanke på graviditet, men en gang så er jeg der også :) Stiller meg i kategorien "verpesyk, med en skeptisk samboer" ;)

:velkommen: Almera! :) Du er hjertelig velkommen som titter! :) Syns du bør få overtalt den skeptiske samboeren din, hehe ;) Kor gammal er du? Jobbar du i barneskule? Eg har berre eit vikariat, så til hausten må eg nok finne meg noko anna å gjere, for eg har ikkje fått fornya vikariatet, dessverre.. Likar meg godt i skulen, men med nedskjeringar etc så er det ikkje så lett å vere vikar..!

I dag tok eg forresten mot til meg og ringte til jordmora! Eg likar IKKJE å snakke i tlf med framande folk, men det gjekk bra :) Ho høyrdes hyggjeleg ut, og eg fekk time 8. juni kl 13.00.. Det må eg hugse :) Og hugse å ta med urinprøve..som er like kleint kvar gong.. Det er noko med det å gå rundt med eit glas med tiss i.. Huff.. :sjenert:

I går natt drøymde eg forresten av det var salg på Nille, og at der var masse babyklede til 19.90..og eg kjøpte berre guteklede..bodyar, luer etc! Og eg hugsar eg tenkte med meg sjølv at "hallo, eg veit jo ikkje kva eg får! Eg kan jo ikkje kjøpe lyseblått då!".. Men eg kjøpte det likevel! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:velkommen: Almera! :) Du er hjertelig velkommen som titter! :) Syns du bør få overtalt den skeptiske samboeren din, hehe ;) Kor gammal er du? Jobbar du i barneskule? Eg har berre eit vikariat, så til hausten må eg nok finne meg noko anna å gjere, for eg har ikkje fått fornya vikariatet, dessverre.. Likar meg godt i skulen, men med nedskjeringar etc så er det ikkje så lett å vere vikar..!

Jeg er 24 år, og sambo er noe eldre enn meg :)

Jeg er kontaktlærer på 3. trinn, og trives kjempegodt. Bytter arbeidsplass til høsten da det jeg har her også kun er et vikariat. Fikk svar fra ny jobb på fredag, etter at jeg har gått og dratt meg i håret i noen mnd. Liker ikke det å ikke ha kontrollen :) Så til høsten skal jeg jobbe som "timelærer" på småskoletrinnet, og det gleder jeg meg til. Mye ekstra jobb det å være kontaktlærer. Er dessverre bare et vikariat det også. Men, har funnet ut at jeg uansett får foreldrepenger når den tid kommer, om jeg ikke har fått fast jobb til da.

Jeg prøver og gjøre sambo litt mindre skeptisk, og innimellom virker han litt interessert, men han er nok langt fra klar ;)

Men, jeg prøver å si til han at HELT klar blir han(eller jeg for den saks skyld) nok aldri før man står der med nurket i armene :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, vikariat gir også foreldrepenger, og det er jo bra :) Håper sambuaren din skjøner kva som er best for han snart ;) Mitt vikariat går ut no til sommaren, og då har eg ikkje noko anna jobb foreløpig.. Så eg bør finne meg noko, det er nesten samma kva eigentleg.. Så lenge eg får foreldrepengar er eg fornøgd :)

UL i dag og eg er såklart veldig spent! Dei siste dagane har mange stygge tankar sneke seg inn i hovudet mitt og den aller største frykta er såklart MA..for det kan skje seint også :( Men sist gong, då blødde eg litt kvar dag over lengre tid.. Dette svangerskapet har eg ikkje hatt noko som helst blodspor! Og det MÅ jo vere eit godt teikn?! Så vi håper såklart å sjå ein sprell levande baby i dag, som har det så fint :) Nervevrak, eg?! Neeeei.. :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var ul vel overstått og alt såg fint ut! :) Babyen er blitt heile 7,8 cm lang og det såg ut til at den hadde det berre bra inni der :) Fekk utvendig ul denne gongen, hakket meir behagelig enn innvendig :)

Vi feira med pizzabuffet på Peppes denne gongen også :fnise:

Neste ul blir ordinær ul den 20. juni :) Og no har vi sagt frå til alle personar som treng å få vite det, trur eg..No får bygdesladderen ta seg av resten :gjeiper: Jah, eg må vel seie det på jobb da.. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hoppe litt for 14 veker i dag! :hoppe:

No når eg faktisk har nådd 14 veker så begynner eg å innsjå at dette faktisk kan gå bra!! Og det er litt crazyfreakyskummeltgøy! Eg har jo alltid hatt lyst på unge, men tenkt at det blir ingenting av, for ingen i heile verda vil vel ha meg!? Men så får eg jammen verdas finaste mann og plutselig så er ikkje framtida einsam med 14 kattar, men fin mann og fine ungar i fint hus med fin pus :)

Og 14 veker.. Då er det faktisk lov å tenke seg at no går alt som det skal! :) Om fire veker er det ul, og om 26 veker så kjem verdas vakraste til verda! :hjerter_rundt:

Eg trur det framleis treng litt tid på å synke inn.. :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Du er så heldig altså :)

Tusen takk! :) Eg føler meg veldig heldig også :) Har til tider hatt eit veldig pessimistisk syn på framtida, men no kjem optimisten i meg fram :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei :goodbye:

Så spennende med flere ultralyder - det gjør det liksom litt mer virkelig vil jeg tro. Det går nok veldig bra skal du se, det er nok ikke lenge til du begynner å kjenne liv heller. Jeg opplever hvertfall og ha mer "kontroll" over at det en en levende liten venn inni der:)

Ha ei fantastisk uke videre! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei :goodbye:

Så spennende med flere ultralyder - det gjør det liksom litt mer virkelig vil jeg tro. Det går nok veldig bra skal du se, det er nok ikke lenge til du begynner å kjenne liv heller. Jeg opplever hvertfall og ha mer "kontroll" over at det en en levende liten venn inni der:)

Ha ei fantastisk uke videre! :klemmer:

Ja, det var veldig beroligande å få sjå heile tre gongar at alt er bra! :) Skal verkeleg ikkje klage på det, og syns eg har fått god oppfølging med tanke på den "skilleveggen" i livmora, eller kva det no var :) Og det blir spennande å sjå kor tid eg kjenner liv! Det blir nok nokre veker til enda, men eg gler meg :)

Foreløpig har eg ikkje antydning til mage, men det kan vere fordi eg er enormt godt polstra frå før :fnise: Eg kunne vore kona til Michelinmannen... :fnise: Eg får framleis på meg dei same buksene som før, så mammaklede er ingen vits i enda :) Har også tatt av meg 4,5 kg, så det hjelp nok også på at kleda passar enda :)

Hadde legen min vore med meg på jobb i dag og tatt blodtrykket under timen, så trur eg det hadde vore skyhøgt! Åh, eg blir så sint når elevane bråkar!! :kjefte: Grrrr!! Eg trøstar meg med at det snaaart er helg, og at neste veke blir ei to-dagersveke for min del :) (Har fri på onsdagar, og så er det Kristi Himmelfartsdag på torsdag + elevfri på fredag) FLOTT! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...