Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Ja, eg tenkjer at i Noreg har vi såpass gode kontrollar at det skal litt til å bli sjuk av kjøttpålegg (men det har jo gått gale..f.eks. e-coli-skandala!), så eg tek ikkje den salamien så tungt, hehe :) Men eg trur eg må ta og sette meg skikkelig inn i ete-lista, så eg kan unngå framtidige blemmer.

Det er vel dessutan meir sannsynleg at eg blir smitta av kattane våre enn av ei salamiskive :gjeiper: Men eg er flink til å vaske hendene! :)

Godt å høyre at du heller ikkje var noko særleg kvalm, då føler eg meg litt mindre åleine om det, hehe :) Ein føler seg nesten litt snytt, men eg trur eg skal vere glad for å ikkje vere kvalm :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag er ein litt sånn depressiv dag..Eg er berre overbevist om at eg ikkje er gravid lenger! I forgårs var det bra, eg blødde ikkje noko..men i går blødde eg litt, og i dag også! Og i dag kom tilogmed ein bitteliten koagulert klump ut, så eg er berre sikker på at ting går galt, og eg klarer ikkje å glede meg skikkeleg.

Det er berre to veker til eg skal til legen, og då får eg vel beskjed om det har gått galt eller ikkje..får berre vente og sjå. Eg er ikkje låk nokon plass eller noko sånt, men eg blir jo nervevrak av å gå på do da :S

Men eg prøver å vere optimistisk ovanfor mannen min da, og seie at eg håper det går bra (for det gjer eg jo!!) Men det hjelp ikkje på humøret at han spør "VIL du at det skal gå bra?", for då blir jo eg berre meir lei meg når han mistrur meg.

Og i natt hadde han ein draum om ein tidlegare kollega av meg, som han var overbevist om at eg var utro med (men det var eg IKKJE, eg har aldri og vil aldri vere utro), om at kollegaen var med meg til legen, i staden for mannen min. Så mannen min slo han ned og gjekk, og då valgte eg å vere hos den tidlegare kollegaen min. Men så vakna han og såg at eg låg jo i senga da, og då vart han glad.

Men det hjalp heller ikkje på humøret, for eg trudde han hadde kome over alle mistankane. Han har nemlig alltid trudd at eg har vore utro, med alle kollegaer etc., sjølv om han ALDRI har hatt grunn til det. Og vi har hatt ganske mange kranglar om det, for eg er drit lei av å bli mistrudd, og ikkje stolt på, når han har all grunn til å stole på meg. Men det har vore mykje betre det siste halvåret, derfor vart eg litt lei meg når han drøymer slikt (sjølv om han kan jo ikkje noko for kva han drøymer).

I dag har eg fri frå jobb, og det er godt. Og pusen vår er her saman med meg og kosar seg i sofaen. Ho er så søt :) Og i stad var ho ute ein liten tur, og kom att med ei gåve - ei flott mus som ho åt! :) Ho er jo snill :gjeiper:

Jaja, eg får strikke litt.. Eg held på med eit babyteppe (rillestrikk, etter gefühlen), eit anna babyteppe (frå Myk Start), og har lyst å strikke alt mogeleg anna også :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror også det går bra med salamien (visste ikke at man skulle styre unna det engang, jeg...), og hvis det er noen trøst så har jeg flere venninner som har blødd jevnt gjennom hele svangerskapet. Det KAN gå an, med andre ord!! Men skjønner godt at du er lei deg og bekymret, tenker at det blir godt å komme seg til legen for en ordentlig sjekk.

Og vet du, det var godt å komme hit inn og lese hos deg. Jeg burde nemlig også ha gått ned 40 kilo. Men har trent godt det siste året, gått ned nesten 10 og føler meg ganske sprek og sterk. Så vi har såvidt begynt prøvingen, samtidig som jeg fortsetter å være sunn&sprek selvfølgelig, og så får vi se hva som skjer. Tok det lang tid før du ble gravid? Synes alle skriver at overvektige sliter veldig...

Kommer til å følge med på deg, og sender over en klem sånn at denne dagen kanskje blir litt bedre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er så utrolig mye fint i den boken! Har strikket babytøfler, sokker og to forskjellige luer derfra :jepp:

Det er ikke noe gøy når mannen drømmer sånt, men man kan jo ikke noe for hva man drømmer. Jeg drømmer av og til at mannen er utro, selv om jeg aldri har hatt noen mistanker, eller grunn til å tro at han er det. Hjernen finner på mye rart når man sover :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, i natt blødde eg meir enn kva eg har gjort nokon gong dei tre siste vekene - måtte bruke fleire tørk for å få det bort! Men det var ikkje låkt, og det var ikkje friskt rennande blod, meir som rustfarga slim.. Har ikkje blødd så mykje no i dag.

Fridag i dag, så eg sov lenge, stod opp kl 11 og det var deilig! Leste litt "The Forgotten Garden" av Kate Morton før eg stod opp, og har ellers berre slappa av i sofaen. Pusen kom nettopp heim med ei mus som ho åt ute på verandaen. Etterpå gjekk ho inn på kjøkkenet og åt tørrfor. Glupsk pus!! :ler:

I går etter at mannen kom heim, var eg litt klossete. Eg skulle lage middag, steikt torsk og kokte poteter. Medan potetene kokte, prata vi litt, og eg sa eg var litt nedstemt da, men det gjekk jo bra. Og så var potetene ferdigkokte, og eg skulle tømme ut vatnet. Så eg tok ein kopphandduk og holdt over lokket, og skulle bere frå komfyren til vasken. Plutselig syns eg det var så varmt på magen min, og då hadde eg tømt kokande vatn på magen min! Vatnet kom ut feil plass! Det gjorde litt låkt, men ikkje sånn at eg begynte å grine av det. Men så kom mannen, og då begynte eg å grine likevel, for det var jo så klossete av meg. :gjeiper: Og no har eg litt blemmer på magen min, men berre bittelitt, hehe :)

I dag skal vi ete middag hos svigermor - potetball! Namnam! :spise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No er det visst nokre dagar sidan sist eg skreiv, og eg kjem ikkje til å skrive så mykje meir her heller.

Eg hadde rett i mine antakelser om Missed Abortion. Eg ringde til legen min på fredag, etter NOK ein dag med blødninger. Eg fortalde han at no hadde eg blødd meir eller mindre kvar dag i tre veker, og eg ville gjerne sjekke om alt var som det skulle eller ikkje. Så eg fekk kome på hastetime, der han tok ein gynekologisk sjekk. Han såg eg blødde litt, så han sendte meg vidare på ultralyd fredags ettermiddag. Eg møtte mannen min i byen og vi drog på sjukehuset, der vi etter litt venting fekk kome inn og få ein innvendig ultralyd.

Eg skjønte det vel eigentleg med ein gong eg såg lisjegullet vårt på skjermen. Det var som eg frykta, den levde ikkje lenger. Legen tok nokre målingar og så snudde han seg mot meg og sa "du, den lever inte" (han var svensk). Og så viste han meg at der skulle vere eit bankande hjerte, og han sa at det var ca 13 mm langt, og han meinte at det døydde for eit par veker sidan.

Så fredagen var ein tøff dag. Eg gråt mine såre tårer (og har framleis lyst å leggje meg ned og grine), men laurdag måtte vi inn til sjukehuset igjen og ta utskraping. Det gjekk bra, sjukepleiarane var hyggjelege, og det var godt å berre få sove igjennom det.

Men følelsen av å ha mista lisjegullet vårt sit igjen endå.

Vi gir likevel ikkje opp, og vi kjem til å prøve igjen så fort som mogeleg. To veker skal det gå før eg får bade, ha sex, bruke tampong etc., men etter det så får det gå naturens gang igjen. Så kanskje det blir ein sommarbaby i staden for ein vårbaby. Og vi skal ønske den hjarteleg velkommen! :hjerte:

Eg kjem ikkje til å skrive noko meir her på ei lita stund, men eg let den stå open, sånn eg kan fortsette med ei forhåpentlegvis lukklegare historie neste gong :)

Og det er fortsatt mange eg skal følgje med vidare på :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var trist å lese, og jeg skjønner godt at du synes det var vondt og leit. Husk at det er lov å sørge og gråte også over et ufødt barn, det er viktig at dere bearbeider dette og ikke bare feier videre. Synes det virker som du har et fornuftig forhold til dette, både det å sørge og det å gå videre.

Trøst hverandre i de nærmeste ukene, og så kommer det en dag hvor dere er klare til å prøve igjen. Sommerbaby er like bra som vårbaby, og det samme med høstbaby og vinterbaby! En dag sitter det en ny liten spire, det er jeg helt sikker på!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Her har det framleis ikkje skjedd noko.. No har det gått over seks veker sidan utskrapinga, men mensen har framleis ikkje komt tilbake.. Dvs., søndag for to veker sidag blødde eg minibittelite, og tenkte at NO kjem den. Men så var det berre det, ikkje noko som helst anna. Nokre få tørk eit par gongar eg var på do i løpet av dagen. Hadde mensen vore sånn kvar gong eg hadde den, så skulle eg ha jubla, men eg er vant med ca 6 dagar og rosa/grøn OB, så det var ikkje mensen sånn eg kjenner den. Og på arket eg fekk på sjukehuset stod det at mensen skulle kome etter ca 1 mnd. Men eg reknar med 4-6 veker er ganske normalt, og det kan sikkert gå lengre også..

Men kanskje den berre var litt rar sidan det var første gong sidan 5. september. Ikkje veit eg :)

Men men..vi får sjå.. Berre ca to veker til neste mens, då håper eg den er normal, sånn eg har noko å forholde meg til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Mensen kom den 20. oktober (lett å hugse, 20.10.2010), og det verkar ut som om kroppen skal straffe meg for å ikkje ha fått mensen sidan juli! Det er Niagara Falls altså! Men no held den på og gir seg, heldigvis :)

Så då er det berre å peise på :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Lykke til, jeg skal krysse alt jeg har for at en liten spire bosetter seg i magen din ganske kjapt, og at det går bra neste gang! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Då kom mensen 20.11., nøyaktig 1 mnd etter førre gong! Det er greit nok, for då veit eg at eg er tilbake i normal syklus! (Men neste gong kan den godt la vere å kome i det heile tatt..:) )

Ca 20. desember blir det då da...leeeenge å vente!

(Eg skjønar IKKJE dei som tør vente til dei er over 35 med å få ungar.. det går så fort mange månadar viss det ikkje klaffar med ein gong.. No har det gått 7 mnd sidan eg gifta meg..og eg syns det er lenge :gjeiper: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Annonse

[1] Category widget

Då var eg endeleg i gong igjen! :) Positiv test (dvs. TO positive testar, måtte jo dobbeltsjekke, hehe) torsdag 17. mars :) Då var mensen to veker forsinka, og eg følte at no var det på tide å sjekke :)

Mensen har vore litt tullerusk sidan MA-en i september, og det har vore vanskeleg å forutsjå når den skulle kome.. I teorien skulle den ha kome 2. mars, men testane var negative både 2. og 6. mars.. Men altså ikkje 17. mars! :biggrin:

Så då blir det ein haustbaby i staden for ein vårbaby, og det gler eg meg veldig til :)

(Sjølv om eg er veldig nervøs for at det skal gå gale denne gongen også..)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei lita oversikt over datoane eg kan sjå fram til:

Du er nå 6 uker og 6 dager på vei.

Unnfangelsen finner sted omkring:

15. februar 2011

Hjertet begynner å slå:

12. mars 2011

Embryoet beveger seg:

5. april 2011

Embryoperioden er slutt, du bærer på et foster:

12. april 2011

Alle indre organer er ferdig formet:

12. april 2011

Risikoen for spontanabort avtar:

26. april 2011

Kvalmen avtar for de fleste:

3. mai 2011

Kjønnet begynner å bli tydelig (ikke på ultralyd):

10. mai 2011

Fosteret svelger og tisser:

24. mai 2011

Tid for ultralyd:

31. mai 2011

Du kan kjenne fosterets bevegelser:

7. juni 2011

Fosteret begynner å få et søvnmønster:

21. juni 2011

Fosteret begynner å høre:

12. juli 2011

Ni av ti barn overlever om de blir født nå:

9. august 2011

Mange fostre legger seg med hodet ned:

13. september 2011

Svangerskapspermisjonen begynner:

20. oktober 2011

Antatt termindato:

10. november 2011

Skal prøve å få ringt legen min no i nærmaste framtid, og gjerne be han ordne ein tidleg UL.. Eg tør ikkje å glede meg heilt endå, for eg fryktar det kjem til å gå slik som førre gong! Førre gong døydde fosteret ca i veke 8, og det er jo berre ei veke til...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer! :tommel:

Tusen takk, superMe :biggrin:

I dag er eg komen til 7 veker! :) Skal ringe legen i morgon og høyre om han kan ordne ein tidleg ultralyd, sånn eg slepp å gå så lenge og vere nervøs..

Eg er forresten mest sannsynleg verdas dårligste gravide.. Eg har ete fårepølse og pepperoni, eg har tømt kattedoet fleire gongar og eg har ikkje tatt folat kvar dag..fordi eg tenkte at eg ikkje var gravid..men så var eg det likevel! Eg får berre krysse fingrane for at alt står bra til likevel.. Mannen har nedlagt forbod no da, mot å rense kattedoet, hehe :) Og eg tek folaten kvaaar dag, og eg et ikkje fårepølse og pepperoni meir! :) Og eg er flink til å vaske hendene etter at eg har klappa/kosa med katten :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...