Gå til innhold

Bare meg


Gjest Calm

Anbefalte innlegg

Til meg.. 

Eg veit du har det vanskelig no. At du vaknar om natta og ikkje får sove fordi du er så uroleg. Eg veit at du er flink til å ta deg saman ute blant folk. Og når du er aleine kjenner du på kor sliten du er. 

Du kjenner at du midt oppi det heile har mista deg sjølv. At den du ser i speilet ikkje smiler tilbake. 

Du har alltid sagt at skal du ha gjort noko her i livet så må du gjere det sjølv. 

Så veit du kva? Dette er din boltreplass. Skriv. 

Med vennlig helsing XXXX 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Av og til skulle eg ønske at tida gjekk litt fortere. Bare så eg fekk svar (forhåpentligvis eit ja!) på det eg går å lurar på. Kjenner at eg er veldig dårlig på å vente når det kjem til sånt. 

Kjenner det i magen. Kjenner at eg er rastlaus. Er nesten som eg er nyforelska igjen. Og på sett og vis er eg det. 

Tre ålreite ting med dagen i dag: 

1.) Fekk tatt prøvene hos legen i dag 

2.) Fekk gjort litt husarbeid 

3.) Snakka med ein person det var lenge sidan eg snakka med sitt. 

God natt.. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er ein av dei dagane kor eg etter å ha kome heim frå jobb, kjenner at eg er heilt tom for energi. Kor eg har mest lyst til å gi opp alt. 

På jobb er eg den dyktige, den morosame og den trygge. 

Heime er eg i dag ein geleklump. Ho som har mest lyst til å søke trygghet hos personar ho ikkje har. Ho som atter ein gong kjenner på at ho er aleine. Alle ho kjenner har andre å vere glad i.  Skal ein ha gjort noko her i livet så må ein gjere det sjølv. Men akkurat i dag er det så tungt å stå aleine. 

I dag er ein av dei dagane kor eg går å venter på å kunne legge meg. La søvnen ta meg. 

Men eg har fortsatt drømmer. Har fortsatt håp om korleis ting skal vere. Det er bare så tungt å stå i uvisshet. Det kan slå begge veier. 

Tre ting som har vore ålreit i dag: 

1.) Fekk ros på jobb av ein eg setter pris på å få ros av 

2.) Taco på ein onsdag. Vill og vågal 

3.) Å gå ut i frisk luft kl07.00 og oppdage at sola skinner og det er lyst ute 

God natt... 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

DET ER DEN DRAUMEN 

Det er den draumen me ber på 

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje - 

at tidi skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

at berget skal opna seg,

at kjeldor skal springa - 

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um. 

OLAV H. HAUGE 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg gjer alle dei riktige tinga. Som oftest. Slår av lysa under Earth hour. Ikkje bare fordi det er ein symbolsk markering for vårt klima. Men det er noko med å vere ein del av eit fellesskap. For midt i all «aleineheten» så gjer eg noko saman med andre. 

I dag er ein slik dag kor eg samtidig tar ein pause frå mitt eige liv. Det er som eg har fått beskjeden «det er greit, i dag kan du ta deg fri. Du trenger ein pause». Og så langt har det gått greit. Eg er god til å late som. Bare eg slepp å sjå meg sjølv i augene. 

Her ei natt grein eg. Skikkelig. Kvalte gråten med dyna så ho som bur under meg, ikkje skulle høyre meg. Eg har alltid kvalt gråten. Eg er ikkje den som lider i plenum. På jobb smiler eg. På jobb støtter eg andre som har det vondt. Og det er eg ganske god til. Når eg kjem heim til mine eigne utfordringar har eg ikkje krefter igjen. Folk seier at eg ikkje må isolere meg. At det er bra for meg å bli med litt. Men dei veit ikkje at bare det å gjennomføre jobb koster så mykje. Bare det å dusje koster. Eg har vel ein situasjonbetinga nedsatt stemningsleie. Med eit lite hint av alltid tilstedeværende uro. Som eit lite kirsebær på toppen. Bon apetitt! 

Av og til tenker eg som det nok er naturlig å tenke, at eg ikkje orker meir. Men det stopper der. For inni meg har det alltid budd ein fighter. Ein som aldri gir opp. Sjølv om eg nærmest må slepe meg avgårde gjennom Sahara. Gir eg opp, går eg og i mot alt eg står for. Alt eg formidler av håp og styrke til andre. 

Tre ting som har vore bra i dag: 

1.) Bar og tørr asfalt 

2.) Jobb 

3.) Klarte å slappe litt av mens eg såg eit humorprogram 

 

God natt... 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...