Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Var me? Då hugsar du visst bedre enn meg. ;) Kjekt at du tittar innom dagboka mi. :)

Spennande tider her, ja. :) Kjenner at eg både gledar og gruar meg på ein gang. Håpar veldig på at me får klaff, men eg er samtidig redd for at det ikkje skal gå veien for oss. Har du dagbok her inne du og, eller?

Mener terminklubben på kg da. Kakaoen var også med☺

Har aldri fått rota meg til å lage dagbok her.

Du ble jo gravid uten hjelp for noen mnd siden, så da går det nok bra dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Mener terminklubben på kg da. Kakaoen var også med☺

Har aldri fått rota meg til å lage dagbok her.

Du ble jo gravid uten hjelp for noen mnd siden, så da går det nok bra dette!

Ja, var det eg rekna med at du meinte. ;) Hugsar at Kakaoen var med i samme termingruppe som meg. Men eg synst det er lettare å hugsa og følgja med på dei som har dagbok. Då har eg ein viss kontroll, ellers går det lett i surr for meg kven som er kven! Så du skulle absolutt ha skaffa deg ei dagbok, du og. :)

Ja, eg håpar eg har ein liten fordel sidan eg klarte å bli gravid naturlig, for ikkje så mange månader sidan. Men det var nok veldig flaks, så eg føler meg på ingen måte trygg på at dette kjem til å gå bra. Får vel berre kryssa fingrane, og håpa på det beste!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mensen kom i dag, som forventa. Har ikkje merka noko uvanlig mellom EL og IKM, så kan ikkje akkurat seia at eg vart overraska når mensen kom. Men kjedelig er det sjølvsagt uansett, for det hadde jo vore litt godt å sleppa prøverørsforsøk. No blir det ingen fleire sjansar uansett, for denne syklusen er mannen min på jobb i Nordsjøen når eg har eggløysing. Så skal me ha nokon som helst sjanse denne syklusen, så må iallfall sædcellene til mannen min overleva i mange dagar. Og det spørs vel om det skjer, han som har dårlig sædkvalitet.

Så då blir det oppstart med medisinar på meg i starten av oktober, viss syklusen min er som den pleier å vera. Eg kjem til å bruka eggløysingstestar denne syklusen, sånn at eg veit heilt sikkert når eg har eggløysing. For då kan eg vita ganske nøyaktig kva dag eg kan forventa at mensen kjem. Og det er litt viktig å vita, sidan eg skal begynna på medisinar allerede på syklusdag 2 i neste syklus.

Dette blir både spennande og skummelt! Men eg synst ikkje det er så kjekt at mannen min er såpass negativ som han er. No har han plutselig fått for seg at han ikkje vil at me skal betala for meir enn eitt enkelt forsøk. Og at om det ikkje går då, så blir det ikkje fleire forsøk. :( Blir så lei meg når han seier sånt. Mannen min har sagt tidlegare at me kunne kjøpa ein sånn pakke som inkluderer 3 forsøk, men han ombestemmer seg tydeligvis heile tida. Dette gjer at eg gruar meg litt meir enn eg gledar meg, fordi mannen min er så vanskelig og negativ til alt saman.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av og til får jeg lyst til å filleriste denne gubben din altså :kjefte:

Han kan ikke drive å holde på sånn som det. Håper virkelig han ombestemmer seg dersom det ikke går på første.

Om dere kjøper en pakke med 3 forsøk. Får dere noe penger tilbake dersom det går på første forsøk?

 

Jeg har en feeling om at Draumen om tredjegullet vil realiseres jeg da :rodmer:

Må prøve å holde oss så positive som vi kan. Er fredag i dag, sikkert derfor jeg er så positiv :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av og til får jeg lyst til å filleriste denne gubben din altså :kjefte:

Han kan ikke drive å holde på sånn som det. Håper virkelig han ombestemmer seg dersom det ikke går på første.

Om dere kjøper en pakke med 3 forsøk. Får dere noe penger tilbake dersom det går på første forsøk?

Jeg har en feeling om at Draumen om tredjegullet vil realiseres jeg da :rodmer:

Må prøve å holde oss så positive som vi kan. Er fredag i dag, sikkert derfor jeg er så positiv :fnise:

Eg begynnar å bli ganske lei av at mannen min er så lite samarbeidsvillig, ja. :( Alt blir så mykje tyngre, når det skal vera sånn. Eg går heile tida rundt og fryktar at han plutselig skal trekka seg, når det nærmar seg for alvor. Det er derfor eg gruar meg, for eg føler meg virkelig ikkje trygg på at me kjem i gang med noko forsøk i det heile tatt.

Trur det var for å spara pengar, at mannen min fekk for seg at det fekk vera nok med eitt forsøk, når han skjønte kor dyrt det kjem til å bli. Og ja, det blir svindyrt, men eg synst jo absolutt at det er verdt pengane, viss det blir baby ut av det!

Me får ikkje noko pengar igjen viss me kjøper ein sånn 3-pakke, sjølv om me skulle få klaff på første forsøk. Men eg synst absolutt at det er ein trygghet å vita at me får 3 forsøk, så blir ikkje nedturen like stor om det ikkje skulle klaffa første gangen.

Viss me betaler for eitt forsøk om gangen, så blir kvart enkelt forsøk dyrare. I ein slik pakke som inkluderer 3 forsøk, så blir det tredje forsøket gratis. Eller du kan også seia at to enkeltforsøk kostar akkurat det samme, som det tre forsøk kostar viss me kjøper 3-pakken.

Får virkelig håpa du har rett, og at draumen om tredjegullet blir til virkelighet! Så lenge mannen min ikkje feigar ut, så trur eg det er håp for oss. Og sidan eg har opplevd tidlig abort (MA) i to av mine fire graviditetar, så føler eg ikkje at det å bli gravid vil bli det aller største hinderet - men å få fosteret til å overleva dei første vekene av svangerskapet. Håpar jo at medisinane eg skal ta etter ei eventuell befruktning, vil vera med på å minska risikoen for at fosteret sluttar å utvikla seg, viss eg skulle vera så heldig å bli gravid.

I dag såg eg ei som var gravid, og eg blir alltid så utrulig misunnelig når eg ser gravide, eller mødre med nyfødte babyar. Eg skulle så gjerne ønskja at det var meg! Og tvillingar tar eg gjerne imot. Før har eg alltid tenkt at det ville ha blitt for mykje stress med tvillingar, og at det er best å få eitt barn om gangen. Men i det siste har eg faktisk begynt å ønskja meg tvillingar, og tenker at det ville ha vore heilt perfekt. Då hadde eg fått 4 barn, sånn som eg alltid har drøymt om. :)

For eg innser jo at eg ikkje rekker eit svangerskap til seinare, om eg skulle vera så heldig å få nr. 3 no etter prøverørsforsøk. Då kjem eg til å vera over 40 år, og garantert for gammal til å få barn på naturlig vis. Mannen min ville heller aldri ha gått med på å prøva på nr. 4. Og prøverørsforsøk for å evt. få ein nr 4, kjem heller aldri til å bli aktuelt. Det er derfor eg ønskjer meg tvillingar no, sjølv om mannen min ville ha fått totalt sjokk om det skjedde. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Gjest_Idja

Vi tenker å betale for 3 forsøk. Som økonom tenker jeg at det er bedre å betale 60 000 for større sannsynlighet til å lykkes, enn 30 000 for mindre sannsynlighet. Det er surere å bruke 30 000 på ett forsøk som ikke lykkes, enn 60 000 selv om man lykkes på første forsøk! Å bare betale for ett forsøk ser jeg rett og slett på som en risikabel investering. Håper du greier å overbevise mannen din med litt økonomisk fornuft. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi tenker å betale for 3 forsøk. Som økonom tenker jeg at det er bedre å betale 60 000 for større sannsynlighet til å lykkes, enn 30 000 for mindre sannsynlighet. Det er surere å bruke 30 000 på ett forsøk som ikke lykkes, enn 60 000 selv om man lykkes på første forsøk! Å bare betale for ett forsøk ser jeg rett og slett på som en risikabel investering. Håper du greier å overbevise mannen din med litt økonomisk fornuft. ;)

Heilt enig med deg i dette, sjølv om eg ikkje er økonom. ;) Eg må berre klara å overbevisa mannen min om at det er eit lurt valg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvilke medisiner er det du skal tabom du blir gravid?

Eg skal ta Metformin frå starten av neste syklus, sidan legen mistenkte at eg har PCO. Så skal eg ta Menopur frå syklusdag 2, for å få mange modne egg, som kan hentast ut på egguttaksdagen.På syklusdag 6 skal eg begynna på Orgalutran, som skal hindra eggløysing. 36 timar før egguttak skal eg setja ei Ovitrelle-sprøyte, som skal gi eggløysing. Men egga blir då henta ut i tide, rett før eggløysinga skulle ha skjedd.

Rett etter egguttaket, startar eg med Lutinus, som eg skal ta heilt fram til positiv test/mensen kjem. Meinar legen sa at det var progesteron, som skal hjelpa egget til å festa seg og halda seg på plass.

Så det er ingen medisinar eg skal ta viss eg blir gravid. Medisinen eg skal ta etter egguttak, er berre for å auka sjansane for at egget festar seg og held seg på plass, om eg er så heldig å bli gravid.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Positiv EL-test i dag, allerede på syklusdag 11. Håpar eggløysinga ikkje skjer før i morgon. Men eg fryktar det var i dag, for eg pleier sjelden å få positiv EL-test meir enn ein dag. Synst det er så irriterande at eg har begynt å få eggløysing så tidlig i syklusen. Før pleide eg alltid å få positiv EL-test på dag 14 eller seinare i syklusen. Det at eg no får så tidlig eggløysing, styrkar teorien om at eg har dårlig eggmodning, og at det er hovedgrunnen til at eg strevar med å bli gravid. Perioden mellom eggløysing og mens er lang nok, på 14-15 dagar.

No får eg først sjå om EL-testen er positiv eller negativ i morgon. Så får eg sjekka kalenderen, og finna ut når eg kan forventa at mensen kjem. Håpar det ikkje blir ei helg, for då kan eg ikkje ringa klinikken om det er noko eg lurer på når eg skal starta med medisinar.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjest_Idja

Men hvis du har positiv test i dag er det jo ikke i dag du har EL. Du har EL tidligst dagen etter siste positive test. Eller bruker du en annerledes test enn de vanlige?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men hvis du har positiv test i dag er det jo ikke i dag du har EL. Du har EL tidligst dagen etter siste positive test. Eller bruker du en annerledes test enn de vanlige?

Positiv EL-test i dag tidlig og, så då hadde eg heldigvis ikkje eggløysing i går. Tippar på eggløysing i ettermiddag, og at testen er negativ igjen i kveld. Pleier å vera sånn. Men det er fortsatt litt for tidlig i syklusen. Eg er på syklusdag 12 i dag.

Eg brukar forresten Clearblue digital eggløsningstest. Får opp eit smilefjes rett før eggløysing, og ein tom sirkel igjen når den er overstått.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg kjente tydelig at eg hadde eggløysing i går ettermiddag/kveld. Eg hadde ganske sterke eggløysingssmerter i eggstokkområdet på høgre side i magen. Så det var ingen som helst tvil!

EL-testen var fortsatt positiv i går kveld. Men det kom nok av eg eggløysinga så vidt var overstått, og at LH ikkje var ute av kroppen enda etter eggløysinga. I dag tidlig var EL-testen negativ igjen, som forventa.

Så då veit eg altså at eg hadde eggløysing i går, 15. september, på syklusdag 12. Viss det går like mange dagar mellom eggløysing og mens som det pleier å gjera, så kjem mensen til å koma 1. oktober. Det betyr med andre ord at 1. oktober er me i gang! :) Synst det er ein veldig fin dato å rekna ut frå, viss første mensdag blir første dag i ein ny månad. ;)

Rart at det nærmar seg så veldig no. Eg er fortsatt både spent og nervøs. Er så mykje som kan gå gale, samtidig som eit forsøk sjølvsagt vil auka sjansane mine for å bli gravid.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke lenge til dere er i gang nå da :danse: Så godt å høre :jepp:

Er mannen like negativ enda eller?

Mannen min har ikkje virka fullt så negativ i det siste. Men eg reknar med at det forandrar seg når forsøket nærmar seg, og me må kjøpa dyre medisinar. Og ikkje minst når me må betala enda meir pengar for forsøket.

Får berre håpa det ikkje blir så ille som eg fryktar. Mannen min er jo klar over at det kjem til å bli dyrt, så det burde ikkje koma som nokon overraskelse. Det er vel meir det at mannen min ikkje likar tanken på å bruka så mykje pengar på noko som ikkje er så viktig for han.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

Hjelp, mensen kom allerede i dag, ein dag før eg rekna med. Det betyr at eg må begynna med sprøyter allerede i morgon! Og eg som ikkje har kjøpt medisinar enda. Jammen flaks at eg skal ta sprøytene om kvelden, så då går det greit om eg kjøper dei i morgon. Er så redd for at eg skal gjera noko feil, og ikkje få det til. Stressar litt med akkurat det, kjenner eg.

Mensen kom i ettermiddag, så eg fekk ikkje ringt klinikken i dag. Eg ringer i morgon tidlig. Reknar med at eg får beskjed om å starta med sprøyter i morgon kveld, sidan ein skulle starta på syklusdag 2. Skummelt dette her!!!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ringte klinikken i går, og fekk då beskjed om å starta med Menopur i går kveld, sånn som eg forventa. Så då vart ikkje 1. oktober første syklusdag likevel, men første sprøytedag! ;)

Grua meg veldig til å blanda ut medisinen, fylla i og setja sprøyta. Men det gjekk egentlig veldig greit, og eg trur eg gjorde det rett. :) Så no er eg litt meir avslappa.

Orgalutran skal eg starta med på dag 6 etter sprøytestart. Men foreløpig er det berre ei sprøyte om dagen, og det synst eg er greit. Eg har fått time til kontroll fredag i neste veke (9. oktober).

Viss alt går som det skal, rekna sjukepleiaren eg snakka med i telefonen med at det vart egguttak etter neste helg ein gang - sannsynligvis mandag, tirsdag eller onsdag.

Eg er utrulig spent på vekene framover! Samtidig gruar eg meg, for tenk om det ikkje går? Tenk om me må bruka alle 3 forsøka i 3-pakken me skal betala for, og så har eg ikkje blitt gravid. Då vil heilt sikkert ikkje mannen min bli med på fleire forsøk, for det er berre så vidt eg har klart å få han med på dette. Men eg får prøva å vera positiv, og håpa at me er blant dei heldige som får klaff på første, andre eller tredje forsøk. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spennende med sprøytestart 😊

Håper dere lykkes.

Vi har kontroll på samme dag ser jeg, jeg begynte med sprøyter 30 september.

Hvilken klinikk bruker dere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spennende med sprøytestart 😊

Håper dere lykkes.

Vi har kontroll på samme dag ser jeg, jeg begynte med sprøyter 30 september.

Hvilken klinikk bruker dere?

Så gøy at du starta med sprøyter berre to dagar før meg, og at me har kontroll på samme dag! 😁 Kjekt å ha nokon andre å følgja gjennom dette her. Har du ei dagbok, eller?

Me brukar Klinikk Hausken, avd. Bergen. Får ikkje forsøk i det offentlige, for eg og mannen min har to barn saman frå før. Kva klinikk brukar dåke?

Når det gjeld sprøytene, så har eg brukt Gonal-F tidlegare, før eg vart gravid med minstejenta vår. Denne gangen prøver eg Menopur for første gang. Kva med deg? Er dette ditt og mannen sitt første forsøk? Dette blir vårt første forsøk. Me hadde eit prøverørsforsøk før me fekk minstejenta, men forsøket måtte avbrytast før egguttak på grunn av overstimulering. Så eg har aldri vore gjennom eit heilt forsøk før, med egguttak og innsett.

Kryssar fingrane for positivt resultat for oss begge to! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...