Gå til innhold

Innbillt svangerskap eller the real deal


DMS

Anbefalte innlegg

Hei! Med fare for TMI, etter å måtte springe på do tidlegare i dag så har eg ikkje hatt noko kvalmebyge, så vonar det:) Har hart treig mage siste veka og var vel det som også gav kvalmen. Må innrømme at når kvalmen framleis var til stade igår og eg knapt blødde, så var der ein lure tanke i meg. Men for å seie det slik, ikkje idag! Gler meg til neste veke ☺️ Prøving kan vere veldig gøy!

Vonar kvalmen let vente på seg og vert mild for deg, lille frosk😊men som dei andre sa, vert fort "litt" soving framover på deg. På det værste sov eg 17-18 timar i forrige svangerskap... Det er ein luksus ein kun har i fyrste svangerskap😉

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Då nærma mensen seg over, heldigvis. Har hatt meir murring denne gangen enn eg har hatt på lenge. Men sann er det av og til. Elles har vi hatt ein fin dag, med mykje frisk luft på alle.

Lurer på om lisje gollet snart får to års jekslane. Han har byrja å sleve og bite på alt. Dei siste netene har han vore våken, vorte alt for lite søvn på han i det siste, stakar. La han tidleg i dag i håp om at det ville hjelpe. Vi får no sjå kva natta bringe.

Mamma hadde funne blåbær idag (som er det beste i verda i fylgje son min) og han kasta seg over handa hennar, men siste bæret gav han til meg😍

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hjerte: Så fin liten gutt som ga det siste bæret til moren sin da! Lykke til med kanskje-jeksler på gang.  :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hjerte: Så fin liten gutt som ga det siste bæret til moren sin da! Lykke til med kanskje-jeksler på gang. :hug:

Takk for det- i natt sov han i det minste til kl 5, men var ikkje utsoven 😴 vonar han får ein god lur i dag da! Er berre å gle seg til tidlege morgona😎

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Før vi bestemte oss for å verte prøvarar kjøpte eg inn eit basaltermometer og nokre el-testar. Eg tenkte det ville vere fint å ha vertfall ei veke der vi kunne skite i kondombruk sia vi begge syns sexen vert dårlegare. Trur eg jammen det skal bruke dei denne mnd ;) mykje gøyare å bruke dei for å verte gravid enn for å unngå det😃

Etter bruksanvisinga bør eg byrje å teste frå dag 9 om ein har 27 dagars syklus, som den har vore dei to siste gangane. Det vil seie at eg bør sjekke frå imorga av. Eg forventar at El er på sundag eller mandag ut frå kalenderen. Som er perfekt, trur vi har meir energi til sengedansing i helga;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hm... Bør vel kanskje endre tittel. På same tid vert det vel ei ny prøvepsykose om ei vekes tid😂 og kanskje the real deal om tre😆

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Spennende altså. Da er vi så og si likt i løypa og kan holde hender i en ny runde med dyp prøvepsykose :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spennende altså. Da er vi så og si likt i løypa og kan holde hender i en ny runde med dyp prøvepsykose :fnise:

Så gøy! Vi fekk lagt inn aksjer i går og iforgårs. Stakkars mannen var så trøtt i går at det var ein liten jobb å komme, men fekk no planta og håpe det gir eit lite frø😆 Det er vel muleg i dag med, men då får han ta initiativ, ikkje lyst å verke masete😂

No er de berre desse to treige vekene til ein får svar igjen. Og koseknulling😎 er litt annleis når ein veit at ein må komme ein viss stad og i eit visst tidsrom gitt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, så er eg over i dpo-land. Vert ei god periode. Brukte for fyrste gong EL-test og det fungerte ypperleg. Byrja å teste syklusdag 9 då eg dei siste to mensperiodane har hatt syklus på 27 dagar. Var ei antydning til stripe på laurdag elles var det intet utslag. På sundag var den klart positiv. For moro skuld testa eg også på mandag og då var det tilbake på svak svak antydning til strek. Det betyr at EL var på mandag, dag 14 i syklusen.

Vi har fått investert i masse aksjer da. Både laurdag, sundag, mandag og tirsdag😅 Vi har ikkje hatt sex så mange dagar på rappen sia 2012 trur eg😂 og (TMI) eg har aldri hatt så mange orgasme på fire dagar som no (eg er ikkje ein"sure thing") og det lovar vel godt frå eit fruktbarheits perspektiv😀

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for masse aksjer! Det er jo til syvende og sist akkurat det som skal til, og jeg håper virkelig det klaffer for dere nå! Det hadde vært så moro!  :nigo: Når vi du teste?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for masse aksjer! Det er jo til syvende og sist akkurat det som skal til, og jeg håper virkelig det klaffer for dere nå! Det hadde vært så moro! :nigo: Når vi du teste?

Det hadde det! Eg tenke laurdag 15, då er eg 12 dpo. Så får vi sjå om eg klare å vente så lenge. Vonar at eg kjenne meg mindre gravid denne venteperioda😂 slik murring i mange dagar som eg hadde sist burde resultere i graviditet syns eg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det hadde det! Eg tenke laurdag 15, då er eg 12 dpo. Så får vi sjå om eg klare å vente så lenge. Vonar at eg kjenne meg mindre gravid denne venteperioda slik murring i mange dagar som eg hadde sist burde resultere i graviditet syns eg!

Jeg sa det i en annen dagbok også, og veldig mange sa det til meg, men jeg hadde mindre murringer og mindre symptomer den måneden jeg faktisk ble gravid. Det er frustrerende altså!!  :glare: Jeg krysser fingre og tær!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Enn så lenge går tida normalt fort, og det er eg glad for. Forrige periode trur eg tida stod stille fyrste veks i dpo-land.

Det har vore ei spanande veke, med barnehagestart for lisjemann. Idag både åt og sov han, så trur han snart er tilvent barnehagelivet. Nett no slappar vi av med Fantorangen. Litt godt for mor å kunne sitte i egne tankar ei stund.

Sjå, elles er det vel på tide med symptomjakt😂 Er trøtt. Problemet er at eg har vore uforholdsmessig trøtt i ein mnd så då er det berre slik eg er for tida. Korleis skal det gå når eg faktisk er gravid😁? Elles ingenting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Velkomen skal de vere! Og takk for det, frk.mh:)

Idag sov eg til 9.43. Det var veldig rart, og kjempedeileg! Kunne ikkje fatte at klokka var så mykje, skulle nesten tru eg var ungdom igjen😂 så då eg stod opp la lisjegutt seg for luren sin, er jammen forskjell på folk☺️ Han og pappaen stod opp 6.15 idag. Elles hadde han sove natta igjennom- skjønne gullet.

Elles er det ikkje mykje funn i symptomjakta, men hadde nokre stikningar i går da. Det er vel noko:P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Irritert på mannen min idag... Men det er slikt som skjer også utanom graviditet assa😆

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...