Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

I dag har eg ikkje gått tur, eg har hatt så vondt i øverste del av ryggen. Har mest sannsynleg sove skeivt, for det er muskulært, akkurat som om noko er forstrekt eller ligg i klem. Vondt er det i alle fall.. Håper det blir betre til i morgon :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Fekk gått tur i dag, er betre i ryggen :) Fekk litt massasje av mannen i går, det hjalp :jepp:

Eg veg meg jo kvar dag, og denne veka har eg lagt litt høgt på vekta, syns eg.. så no må eg passe meg! I går hadde eg ein svak dag, med ingen tur og skikkeleg godtesjuk..åt maaange sånne minivannbakkels med krem..og ein pæreis!

Så i dag har eg ete knekkebrød :) I staden for tre skiver med sjokopålegg åt eg 2 knekkebrød med makrell i tomat og majones (hadde ikkje agurk :( ) til frukost, og no et eg det samme + eit rugsprø med smør og brunost. Middag blir seinare, kjøttkaker :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk tur i dag, brukte ca 1 time :)

Har vore flink og ete berre 2 skiver til frukost og 2 skiver no også, i staden for dei vanlege 3 :) Hadde makrell i tomat og majones på til frukost. Det er jo ikkje akkurat feittfattig det heller, men det er i det minste litt sunnare feitt i makrellen ;) Godt er det i alle fall! :jepp: No har eg eplesylte på :) Og eit glas O'boy.. :sjenert:

I går starta dagen bra, men så fekk vi besøk utpå ettermiddagen, så då måtte eg finne fram kaffimat..sitronkake, eg åt nokre stykker :sjenert: Og så var det kjøttkaker til middag, godt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var 0,3 då eg steig på vekta i dag, så det stemte med følelsen av at denne veka var dårleg ;) I går åt eg mykje på kvelden, og slett ikkje sunn mat. Vi drakk brus til middagen og åt cupcakes.. På ein torsdag! :kjefte:

Eg må skjerpe meg, for eg vil ikkje gå oppover igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var heime hos familien min i helga og feira jonsok, så der vart jo det mykje god mat ;)

Har vore sånn greit flink i dag. Gjekk trilletur og innom butikken, brukte ca 1,5 time. Åt to skiver med Bremykt og eplesylte + eit glas O'boy til frukost (ca kl 9.30). Åt 3 kavringar og 2 Rugsprø med Bremykt og Lettare brunost + eit glas O'boy no kl 15 ca.

Middagen blir.. *kremt* ..Big One Triple Cheese.. :sjenert: Og Fun Light..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk trilletur i dag, brukte 58 minutt :) Godt med tur i fineveret :)

I morgon reiser vi til Trondheim, blir nok lite trim, men mykje trasking! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

0,8 i dag, så noko gjer eg feil!

Eg har samme aktivitetsnivå som før, så det er nok kostholdet.. Eg trur vi må vere flinkare til å ete lettare og sunnare middagar på kvardagar, slik at kosemiddagane blir holdt til helgene. Og så må eg kjøpe inn noko sunt og godt pålegg.. Sånn det ikkje blir sjokopålegg kvar dag.. :sjenert:

Skal i alle fall gå trilletur i dag :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tør ikkje vege meg før torsdag eller fredag, for eg vil ikkje sjå kva grusomheter som har skjedd i helga :fnise: Vi har vore på hotellweekend, og har ete masse.. Heldigvis traska ein del også, men ikkje nok til å veie opp for mykje god og usunn mat :)

Men i dag skal vi på trilletur! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk trilletur i dag også, men ei anna rute. Gjekk i 1 time og 10 minutt, inkl. ein tur i butikken :)

Har ete 2 Wasa Husman-knekkebrød med makrell i tomat, majones og agurk + 1 glas O'boy hittil i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9,4 i dag! :tommelsmil: Det hadde eg aldri trudd, etter hotellweekend og ei slapp veke (føler eg). :) Godt fornøgd!

Gjekk trilletur i går og i dag, brukte 55 minutt i går og 57 minutt i dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hvordan går det med treninga nå som det er sommer? :)

:klem:

*kremt* Den har det gått så som så med.. :sjenert:

Dagboka har visst ligget brakk no i sommer.. Her har det vore lite trim og mykje brus og god mat (men ikkje sjokolade, potetgull og godteri :tommelsmil: ), så eg har ikkje turt å vege meg før i dag. Vog 1,7 kg, så eg har jo gått opp ca 2,5 kg, men eg trudde faktisk det skulle vere verre! Men for all del, ikkje bra! ;)

Men i dag er ferien over, så i dag var det ut på tur igjen :) Brukte 59 minutt og det var godt å kome i gang igjen :) Kostholdet skal også tilbake til god gammal rutine, så i dag har det vore skiver med makrell i tomat, og ikkje donuts ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk tur mandag-onsdag førre veke og vog 1,3 på torsdag. Så ned 400 gram.

Har vore på hytta i helga, og har fått gått ca 1 time trilletur kvar dag fredag-søndag. Gjekk tur i dag også, ca 1,5 time :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag vog eg 0,4 kg, dvs ned 900 gram denne veka. Trur nok litt av det er væske, så eg skal få problemer med å slå det neste veke ;)

Ingen tur i dag, men har gått ellers i veka :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I helga hadde eg besøk av ei venninne, så det vart mykje god mat ;)

Men eg er stolt av oss; den 16. august var det 4 månader sidan vi slutta å ete sjokolade, potetgull og godteri! :klappe:

I dag gjekk eg trilletur, brukte 54 minutt :):tommelsmil: Kostholdet må eg jobbe meir med, merker eg..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk trilletur i dag også, brukte 59 minutt :) Og det er jammen bra at eg går trilletur, sånn den kan veie opp for stor frukost (4 skiver.. :sjenert: ) og småeting utover dagen..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Har gått tur kvar dag denne veka, til og med i dag :) Det er bra til å vere meg :tommelsmil:

Men eg må jobbe meir med kostholdet, for denne veka vog eg 1,0, og det var 600 gram opp (men det var ganske forventa, for forrige veke var det mykje væsketap som eg følte ville komme på igjen).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gått trilletur i fineveret i dag, brukte 59 minutt :) Og, skrekk og gru, eg sendte mld til mannen om han ville vere med på ein liten fjelltur etter jobb, så om ein times tid begynner pina! Eg er IKKJE noko fjellmenneske :gjeiper: Men eg skjønner at for å få betre helse så må eg yte meir, og når det er så fint ver ute, så er det nesten dumt å ikkje gripe sjansen. Og så vil vi at lillegull skal bli glad i naturen, og då må eg også bli glad i det. Mannen min er allereie glad i å gå på fjellet, heldiggrisen ;)

Synd OL ikkje går på tv heile året, eg vart litt inspirert av dei mange fine kroppane på tv-en! Spesielt mellomdistanseløparane (400, 800 og 1500m) og dei som driv allsidig, t.d. mangekamp, har fine kroppar :) Sprintarar blir litt for grove og langdistanseløparane blir litt for skrinne ;) Jessica Ennis såg jo super ut! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På mandag var eg supersprek og gjekk både trilletur på 1 time og fjelltur på ca 2 timar :) Eg trur kaaanskje trilleturane har noko for seg, for eg gjekk same fjellturen for ca 2 år sidan og då var eg mykje surare og gretten og klaga heile tida og var sliten heile tida :gjeiper: Var jo såklart sliten no også, men eg klaga ikkje ein einaste gong, og eg følte det gjekk betre :tommelsmil:

Var på trilletur i går også, og skal ut på trilletur no straks! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur eg vog 1,0 forrige veke, men eg hugsar ikkje heilt..

Jaja, dagens trilletur er i alle fall unnagjort, det vart ca 1,5 time :) Åt masse god mat i helga, for då var vi heime hos familien min :)

Men no har mannen min og eg bestemt at vi skal kutte drastisk ned på brusdrikkinga, både for helsa sin del og for økonomien sin del :) Vi er ekstremt glade i brus, og drikk lett to 4-pk 1,5 litersbrus i løpet av ei helg (og den strekker seg då gjerne frå torsdagskvelden til søndagskvelden). Så no har vi bestemt oss for å kjøpe kun ei flaske kvar pr. helg, altså 2 flasker til saman. I staden for 8... Og då er det opp til oss korleis vi vil disponere godsakene, men eg tenker at laurdag er eit naturleg valg ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...