Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Hei hei :vinke:

Tenkte jeg måtte ta turen innom deg også! Er veldig gjerne med å heier deg igang om du vil? :jepp:

Hvordan er det med kosthold og trimming for tiden? :)

:klem:

Hei! :vinke:

Så kjekt at du vil heie på meg, for det treng eg verkeleg! :jepp:

Kostholdet og treninga har vore eit ikkje-tema i påska :fnise: Vel, vi har gått nokre lange trilleturar, men eg har også ete store mengder sjokolade og anna påskegodt :) Så eg har lagt på meg, trur eg var heile 4,7 kg i dag tidleg! :daane: Det var verkeleg feil veg!

Men no er eg verkeleg motivert til at det skal gå andre vegen, for eg er så møkklei av å ikkje ha fine ting å ha på meg i selskap, og eg har lyst å vere sprek og gå på fjelltur og sånn :)

Mannen min tok av seg 2,5 kg i mars, og kom seg dermed inn i den buksa han kjøpte tidlegare som var for stram! Så han har vore flink! :jepp: Det vil eg også vere.. :sjenert:

Eg trur det må vere trilleturar som blir treninga, og så må eg nok gjere ein del gjennom kostholdet. For som eg har sagt tidlegare, så går det ikkje så bra å trene om kvelden etter at mannen har kome heim frå jobb.. Det funkar rett og slett ikkje.. Så eg får bli flink til å gå lange gode trilleturar :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

3,8 kg i dag, det var betre enn på tirsdag, men framleis for tungt!

Trur torsdagane må bli vegedag framover, for mannen min har pappaperm på fredagar, og då blir det lite internett på meg. Og eg syns det er greit å få skrive det inn med ein gong, ikkje vente heilt til mandagen :) (Og mandag kan IKKJE vere vegedag, for det er jo rett etter helga.. :sjenert: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er starten på eit nytt prosjekt for mannen min og eg. Eg snakka med han om det no i helga, og han vart heldigvis med på det med éin gong! :)

Saken er at eg innser at eg har eit veldig usunt forhold til søtsaker. Hos meg er det enten alt eller ingenting. Eg kan ikkje ta berre 3 ruter sjokolade og vere fornøgd med det. Eg tek ALT! Dei siste vekene har eg ete mange kg sjokolade, det er eg sikker på, for eg har ete mange 200-grams sjokoladeplater.

Så frå no av er det ingenting. Ingen sjokolade, ingen potetgull og ingen smågodt. Eg må rett og slett venne meg av det, og snille mannen min vil også vere med på dette :rodmer: Hans store last er potetgull, så vi får slite med litt av kvart :)

Målet vårt er altså å klare å la vere å ete desse tre tinga heilt, i så lang tid som vi treng og vil. Sjokolade i mat er lov, f.eks. i muffins, kjeks eller kake (men det vil ikkje seie at vi får lov til å ete muffins til dagleg, altså! ;) ), og vi får framleis kose oss med f.eks. is, sjokolademousse, kake og kjeks på laurdagar.

Vi skal prøve å redusere brusmengda også, til å gjelde berre laurdag (og kanskje søndag også), for vi må slutte å ha helg frå fredag til søndag..det er nesten halve veka, det!

Så no grugledar vi oss til å begynne med prosjektet, for det blir sikkert kjempetøft, men kjem til å følast veldig godt ut etterkvart! :) Hittil i dag, kl 11.28, har det gått bra :fnise:

:tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prosjektet har gått bra til no. Eg har nett kome heim frå ein trilletur på 1 time, det er bra til å vere meg ;) Mykje oppoverbakke eine vegen, men tilsvarande nedover tilbake :gjeiper: I går gjekk vi trilletur på to timar :) Og mannen min skal på fjellet etter jobb, ca 70 minutt bruker han der.

Men det verkeleg utfordrande kjem på kvelden, når vi sett oss ned og ser på tv..å ikkje gomle på noko då..det blir vanskeleg, men heilt overkommeleg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vog 4,0 kg denne veka, så det er 200 gram meir enn førre torsdag. Vog 3,5 etter trilleturen da, men det tell ikkje, for det er morgonvekta som tell. Men det gjorde godt å sjå 3-talet :) Var oppe i 5,2 kg førre veke, så det har gått ned, men samtidig opp..

Gjekk altså trilletur i dag, og har gått trilletur kvar dag hittil i veka. Lang tur på 1 time mandag, tirsdag og torsdag og ein liten tur på 1 time på onsdag (liten fordi det var til kjøpesenteret + gåing der som utgjorde den timen, den var ikkje fullt så effektiv som dei andre. Men 1 time er jo 1 time!).

I dag var det nydeleg ver ute og eg følte meg faktisk veldig bra, både psykisk og fysisk. Det gjorde godt å kjenne sola i ansiktet og vite at eg gjer noko som er bra for kropp og sjel. Sjølv om eg framleis er tjukk og stygg så vil både godtestoppen og trillinga hjelpe på forma og fasongen :) Og eg brukte liiiitt kortare tid på ruta enn eg har gjort dei andre dagane :tommelsmil:

Har også ikkje ete noko godteri hittil i veka! Den verkelege utfordringa kjem i helga, men eg trur det skal gå bra :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvordan har det gått i helga? :)

Du, ser du veier deg ofte, hadde jeg vært deg ville jeg heller veid meg på en fast dag i uka, og kun den ene gangen. Vekta varierer så veldig iløpet av dagen at deter egentlig meningsløst å veie seg så ofte. Tenker nå jeg :wink:

Du er flink til å trille tur! :5:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hvordan har det gått i helga? :)

Du, ser du veier deg ofte, hadde jeg vært deg ville jeg heller veid meg på en fast dag i uka, og kun den ene gangen. Vekta varierer så veldig iløpet av dagen at deter egentlig meningsløst å veie seg så ofte. Tenker nå jeg :wink:

Du er flink til å trille tur! :5:

Tusen takk! :klemmer:

Ja, eg er ein vegefreak.. :sjenert: MÅ ha kontroll, og tru meg, eg har vore langt verre enn dette. Til tider vog eg meg før og etter kvart måltid, morgon, midt på dag, kveld, kvar gong eg hadde vore på do etc. No veg eg meg kvar morgon, men den offisielle vekta blir anten kvar torsdag eller kvar fredag, eg har ikkje heilt bestemt meg enda. Så det er den vekta som avgjer om eg har gått ned eller opp i løpet av veka, ikkje kva eg vog f.eks. tirsdags morgon (men eg MÅ vege meg då også, MÅ ha kontroll :fnise: )

No har eg nettopp kome heim frå trilleturen! :tommelsmil: Tok den samme ruta som forrige veke, og i dag var eg 6 minutt raskare enn forrige mandag! :tommelsmil: Det føles veldig godt ut, spesielt når sola skin og vinden bles svalande på kinna mine :)

I helga har vi klart oss kjempebra, og vi har ikkje ete verken smågodt, potetgull eller sjokolade sidan mandag :) Kosen i helga var brus (og vi klarte å vente heilt til laurdagen!), sjokolademousse, kjeks, skulebollar og kanelsnurrar. Ja, det er kaloriar det også, men på ein heilt anna måte, føler vi :) Og vi er kjempefornøgde med å ha klart å halde oss til prosjektet :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Føler meg skikkeleg sunn her eg sit og supar i meg ein smoothie laga av blåbær, 1 banan, 1 beger naturell yoghurt og ein dæsj appelsinjuice :fnise:

Frukosten bestod av 3 rista kneipskiver med Soft Light og kvitost på + eit glas O'boy, så den var ikkje så mykje å skryte av :gjeiper:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Smootihe er godt :sikle:

Gratulerer med å ha klart å holde dere unna godterier! :5: Og så er du så flink til å trille lange turer!! Sålenge dere ikke spiser ubegrenset med andre søtsaker for å "kompensere" så er det jo kjempebra å klare og holde seg unna de "verste fristelsene"! :)

Høres slitsomt ut å måtte veie seg så mye. Jeg har klart å holde meg til å veie meg bare på fredager, utenom sist uke, da måtte jeg "snikveie" meg på tirsdag. Kjente motivasjonen for sunt kosthold var miilelang borte, og måtte en tur på vekta for å få tilbake piffen. .. Jeg har en liste på 1.siden i dagboken min, der jeg oppdaterer hver fredag - jeg skriver hvor mange gram jeg har gått ned (evt. opp :sjenert: ), den motiverer meg veldig, kanskje det funker for deg og? :wink:

Håper dere har ei fin uke :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Smootihe er godt :sikle:

Gratulerer med å ha klart å holde dere unna godterier! :5: Og så er du så flink til å trille lange turer!! Sålenge dere ikke spiser ubegrenset med andre søtsaker for å "kompensere" så er det jo kjempebra å klare og holde seg unna de "verste fristelsene"! :)

Høres slitsomt ut å måtte veie seg så mye. Jeg har klart å holde meg til å veie meg bare på fredager, utenom sist uke, da måtte jeg "snikveie" meg på tirsdag. Kjente motivasjonen for sunt kosthold var miilelang borte, og måtte en tur på vekta for å få tilbake piffen. .. Jeg har en liste på 1.siden i dagboken min, der jeg oppdaterer hver fredag - jeg skriver hvor mange gram jeg har gått ned (evt. opp :sjenert: ), den motiverer meg veldig, kanskje det funker for deg og? :wink:

Håper dere har ei fin uke :klem:

Tusen takk for gode ord! Det hjelper på motivasjonen, å få litt skryt :)

Ja, det var veldig slitsomt, så eg er glad eg har klart å kvitte meg med den uvana. Burde såklart berre vege meg fast ein gong i veka, men eg mååå snikkikke litt av og til ;) Skal definitivt tenke på ei sånn liste, det er absolutt motiverande :jepp: Og veldig greit å ha oversikt ein plass :)

Håper du også får ei fin veke :klemmer:

-----------------

Sit med dagens smoothie og supar i meg :) Men var såpass svolten at eg hadde i meg eit par knekkebrød også.. :)

Gjekk trilletur i dag, saman med ei venninne. Ho har små ungar som også var med, så det gjekk saaaakte, men vi tusla rundt i 1,5 time, både ute og inne på senteret.

I morgon blir det den vanlege ruta, har begynt å like den veldig godt no :jepp:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var 4,0 forrige torsdag, og har tydelegvis hatt ein solid vektnedgang denne veka, for i dag var eg 1,9! :tommelsmil: Enda eg berre har gått nokre fine trilleturar og slutta å ete godteri.. :) Er veldig fornøgd, såklart! (Og antek at det går ikkje så lett dei neste vekene ;) )

I dag skal vi på trilletur, den faste ruta, det blir bra :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var trilleturen gjennomført - 58 minutt i dag :)

Rakk å ete eit pizzastykke før gullet vakna (restar frå i går), når han skal sove neste gong blir det smoothie på meg :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var i dåp i helga, så det vart såklart eit kakekalas utan like! :fnise:

Gjekk ein liten trilletur i dag, saman med mannen min, svigerinna mi og barnebarnet hennar. Sakte tur, men var ute i ca 1,5 time.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Lite oppdatering denne veka, ser eg.. Vel, helga varte heilt til tirsdag :fnise: Utan sjokolade, potetgull og godteri såklart, men brus alle dagane. Men onsdag og torsdag var sunne og gode dagar, men lange trilleturar og smoothie! :tommelsmil:

Vog 1,7 i går, så det er 200 gram ned denne veka! Fornøgd, med tanke på at veka eigentleg har vore usunn ;)

Er snart ferdig med 3 veker utan snop, potetgull og sjokolade! Det er veldig bra til å vere oss! :tommelsmil:

Og så har eg bestemt at for kvar 5. kg eg går ned, skal eg sette inn 1000 kr på sparekontoen min, og det skal gå til bunad når eg når målet mitt! Då blir det ekstra motiverande! :)

God helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk trilletur i går og i dag, 1 time kvar gong :) Føles godt :)

Er inne i den 4. veka vår utan sjokolade, potetgull og godteri, og det går kjempebra! Eg føler at no går det veldig greit, eg treng på ingen måte den snacksen lenger og er kjempeglad for at vi har greidd det så lenge! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tok oss ein trilletur i solskinnet i dag, 1 time akkurat :) Nydeleg ver, og då er det så fint å gå! :) Kunne gjerne gått lenger, men lilleguten har ikkje tålmodighet til det.. Han sovnar i begynnelsen av turen, og våknar litt før turen er ferdig. Og gidd såvidt å ligge der til vi er heime ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Vog 1,5 denne veka, så ned 200 gram denne veka ;) Betre enn ingenting :jepp: Er uansett fornøgd med veka, for vi har gått trilletur 1 time kvar dag (og mannen har gått fjelltur etter jobb kvar dag) og vi er over halvvegs i veke 4 utan snop, sjokolade og potetgull :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du er superflink til å gå tur!!! :tommelsmil: ..og sålenge det går nedover så går det rette veien! :jepp:

Kan jeg spørre hvor mange kg du skal ned, sånn ca? Mulig du har skrevet det ett sted, men husker ikke :sjenert:

God helg :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du er superflink til å gå tur!!! :tommelsmil: ..og sålenge det går nedover så går det rette veien! :jepp:

Kan jeg spørre hvor mange kg du skal ned, sånn ca? Mulig du har skrevet det ett sted, men husker ikke :sjenert:

God helg :klemmer:

Tusen takk! :)

Eg trur faktisk ikkje eg har skrive det ned.. I første omgang satser eg på 20 kg ned. Men eg er fornøgd med kvart eit einaste gram! Og skal klare det, sjølv om 20 kg er kjempemasse! Men eg har ikkje vondt av å gå ned enda meir enn det, så eg trur ikkje eg seier meg fornøgd med 20 kg altså.. Du da? Eg trur ikkje eg har fått med meg målet ditt heller.. :sjenert:

Håper du får ei god helg, du også! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må berre få sagt at i dag vog eg berre 0,9! :hoppendeglad: Det tell ikkje, for eg har allereie skrive inn denne vekas vekt, men hurra! Nytt tall! Håper neste veke blir kjempebra! :hoppe: No er eg tilbake til veka-etter-fødsel-vekta mi ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...