Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Det er som regel stor stas med sykkel ja. :) o

Ja, det likte han kjempegodt! :) Håper han snart liker trehjulssykkelen sin også, men foreløpig trur eg beina er litt for korte - dei rekk ikkje ned til trøene :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er litt sånn pjusk i dag, så i dag har det vore ein "late-seg-dag"...dusje, slappe av litt, ete litt..

Leverte M i bhg, og eg blir så glad når dei skryt av han :) Dei seier ofte at han er ein solstråle, og i dag sa dei at han er SÅ flink under samlingsstunda, at han elsker når dei syng. Og han er verkeleg glad i sang, eg og han bruker ofte å sette oss ned og kose og synge litt :) Han er visstnok også den einaste som er med å gjere bevegelser til songane, og er skikkeleg med! :)

På søndag var han og eg heime åleine, og det gjekk jo heldigvis bra :) Han er blitt litt roligare, og er kanskje lettare å aktivisere. Vi var både på trilletur og ute og gjekk litt, og han var blid heile dagen :) Då er det ikkje noko problem å vere åleine med han ;)

På fredag hadde vi ei nesten-ulykke. Då var vi tre + svigermor i sentrum og skulle handle, og vi skulle også innom leikebutikken for å finne nokre dokkeklede til ei jente. Eg gjekk først inn, så mannen min (med M) og så svigermor. Eg gjekk bort til dokkekleda, og så kom mannen min dit (utan M). Og plutseleg høyrer vi rabalder. Då hadde M gått ut av butikken og rett ut i gata, og svigermor etter seg, og to bilar kom som måtte bremse. Det gjekk jo heldigvis bra, men svigermor (som er gammal og nervøs/livredd av seg) klarer jo ikkje å sleppe dette frå seg. Ho snakka om kor grusomt dette var, og at vi ikkje hadde styring på han, og at vi burde feste tau i han slik at han ikkje kunne gå ut i gata. Ho har jo tidlegare sagt at vi ikkje er skikka til å oppdra M rett, og dette ga jo berre blod på tann.

Det var min feil, eg burde jo ha passa betre på M, og ikkje stolt på at mannen min hadde han (og han burde kanskje ikkje stolt på at svigermor hadde han), men det er jo likevel ikkje kjekt å høyre at svigermor syns vi er uskikka som foreldre. Mannen min sa at eg ikkje må ta meg nær av det og ikkje ta det personleg, for ho er byrjande dement og veit ikkje alltid kva som er greit å seie, medan eg såklart blir både lei meg og irritert over at ho gnåler om og om igjen om dette. Menmen! Ho har ikkje nevnt det dei siste dagane, så kanskje ho gløymer det etterkvart?!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Var på første foreldremøte i bhg denne veka, og innser at når ein har unge i bhg går det straks med meir tid til aktivitetar..internasjonal kafé, dugnad, julefest, påskefest, sommerfest etc etc :P Det er jo heldigvis koseleg da :) Og M trivast sånn i bhg, og er blid heile tida seier dei :)

Har endeleg fått meg jobb (hurra!), som eg byrjar i no i midten av oktober :) Skal bli godt med fast jobb :)

M pratar framleis ikkje så mykje, men det kjem seg! Han kan forskjellen på høgre og venstre (men seier ikkje sjølve orda), og han prøver å gjenta når vi seier ord. Han kan såklart "mamma" og "pappa", og han seier også "is", "bil", "basse" (bamse), "busse" (bukse), "mjau", "pus", "voff", "mø", "bæ", "buuus" (brus), "mæh" (meir), "namnamnam". Og heilt sikkert andre småord av typen der, ja, mhm.. :)

Og han er framleis verdas beste godgut! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Livet tok ei brå vending, ein 90 graders sving inn i det ukjende.

Svigermor døydde denne veka her, brått og uventa. Ikkje var ho sjuk, ingen teikn til at det skulle skje. Gammal ja, men i god form. Og plutseleg er ho borte! M har mista farmora si, mannen min har mista mammaen sin og eg har mista svigermora mi. Ei dame med uendeleg stor kjærleik og omsorg for andre. Ei dame med utallige bekymringar over sine nærmaste, og ei dame som var raus med alt ho hadde i livet.

Denne veka har vore heilt spesiell. Det har vore sørging, mimring, rydding og planlegging. Mykje detaljar som skal i boks før gravferda på tirsdag. Mannen min har det tungt, men har takla sorga på ein fin måte. Eg prøver så godt eg kan å støtte han, og eg prøver å minnast alle dei gode tinga ved svigermor. Eg fekk til og med skryt frå svigerinna mi om at eg hadde takla svigermor på ein veldig god måte, med tanke på at eg er relativt ung, og det er ikkje berreberre å få ei svigermor med byrjande demens og alt for mange bekymringar. Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg har vore frustrert meir enn éin gong, men i det store og heile er det ikkje desse frustrasjonane eg hugsar, men alle dei gode tinga svigermor stod for. Ho ønskde meg velkommen inn i familien frå dag 1 og har alltid inkludert meg. Og ho elska M, også frå dag 1.

No har svigermor det godt og ho er ein stad der det ikkje fins sorg og bekymringar lenger. Ho vil bli sårt sakna <3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff, så trist å lese! Kondolerer så mye. :klemmer: i det minste så slapp hun å oppleve å bli langtkommen dement, for det er virkelig ikke godt verken for familie eller personen selv.

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så trist, kondolerer :klem:

Tusen takk! :klemmer:

Uff, så trist å lese! Kondolerer så mye. :klemmer: i det minste så slapp hun å oppleve å bli langtkommen dement, for det er virkelig ikke godt verken for familie eller personen selv.

:klemmer:

Tusen takk! :klem: Det var nok best for både ho og oss at ho slapp å bli sjuk og ha eit langt sjukeleie. Det var nok godt for ho å berre få sleppe det, sjølv om det kjem utruleg brått på dei som sit igjen! Men no har ho det heldigvis godt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein månad sidan sist eg skreiv.. Og no når vi var begynt å komme på rett kjøl, så var det pang, nedi sorga igjen..farfar døde for nokre dagar sidan, og det er så utruleg trist! :( Den fine og gode farfaren min, som dessverre vart sjuk. Vi hadde han på lånt tid, men uansett kor forberedt ein er, så er det så ufatteleg at ein aldri meir skal få prate med, klemme, tøyse med, eller sjå nokon som ein er glad i!

Farfar, eg saknar deg! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kondolerer! :klemmer:

Det er utrolig trist at det skjer dobbelt opp for dere. :klemmer: Det er alltid vondt når noen forsvinner fra oss på den måten.

Tusen takk, Delpina! :klem:

Ein kan stålsette seg så mykje ein vil (vi visste jo at det ville skje før eller seinare), men det er utruleg vondt likevel. Og kanskje spesielt tanken på at eg aldri skal sjå han meir i dette livet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Plutseleg var M blitt heile 2 år! :hoppendeglad: Store, fine guten vår! <3

Vi var på 2-årskontroll førre veke, og det gjekk jo så som så :fnise: Vege seg? NEI! Måle høgda? NEI! Lytte på hjertet? NEI! Haha :P Det endte med at eg gjekk på vekta med han, og så utan han, og rekna ut forskjellen (utan at hs fekk sjå vekta såklart ;) ), og han veg 14,6 kg :) Og vi la han ned og strekte han ut, til ville protestar, og fann ut at han er ca 92 cm. Det same som vi har sånn ca fått til å måle heime :) Så han er visstnok lang og tung :fnise: Men finfin kurve!

Legen fekk sjekka både auge og hjertet, og hørselen var det ingenting i vegen med, merka han :) Han berre lo av M, som protesterte sånn. Og som, med ein gong undersøkinga var ferdig, var blid som ei sol og sa "hei" sikkert 20 gongar til legen :P

Eller så seier M ca 30 ord, ikkje så mykje altså. Men han skjønnar masse! Steinkontroll på alle kroppsdelar, namn på figurar i bøker, slektningar etc., kan masse bilmerker. Og motorisk så er han flink, sjølv om hs ikkje fekk observert alt ho skulle. Vi skal tilbake på ein ekstra kontroll i mai, fordi det er så lenge til 4-årskontrollen. Sikkert pga språket, sjølv om ho sa at det varierer VELDIG kor mykje ein 2-åring pratar. Så vi treng ikkje vere bekymra :)

Ellers så gler vi oss til jul :) Har begynt så smått med julegåvehandlinga :)

Og eg har blitt tante til ein gut no i november! Hurra! :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Nytt år, på tide med ny oppdatering ;)

Eg skriv ikkje så mykje for tida, merkar at det var meir spanande å skrive kvaaar dag då M var bitteliten :fnise: Men herlighet som han utviklar seg, sjølv om eg ikkje skriv her! Forskjellen på no og då han starta i bhg i august er jo kjempestor! :)

Eg var på foreldresamtale i bhg i går, og det var jo verkeleg berre gode ord og positive ting å høyre! Blir heilt varm i hjertet når eg tenker på fine guten vår :) Ho som eg snakka med sa at M er ein kjempeflott gut, han er alltid blid og glad (bortsett frå når han slår seg, såklart), han seier masse "hei!", det er alltid ein god dag i bhg når han er der, han er ein racer på trehjulssykkel, han er flink med måltida, et masse, flink med puslespel og leik, eeelsker sangstundene og lærer bevegelser til songar kjempefort, sit stille og høyrer på eventyr etc. i 10-15 minutt utan problem, motorisk flink, viser følelser, ein sjarmør og hjerteknusar, og kjempesnill. Det einaste "negative" (som ikkje treng å vere negativt, sånn eigentleg) er at han er skeptisk til nye ting, f.eks. viss dei skal bort på storeavdelinga, eller bake, eller feire Lucia. Ting han ikkje veit så mykje om.. Men skepsis til nye ting er jo forsåvidt ikkje dumt, det viser jo berre at han bruker fornuften sin.

Håper vi får høyre slikt på alle foreldresamtalar resten av livet :fnise: Det er i alle fall ingen tvil om at han liker barnehagen! Han blir så glad når han kjem dit, eg får ein klem og han vinkar hadet, og så går han inn og koser seg :)

Språkleg sett så merker vi at han får stadig fleire ord, og han prøver seg til og med på fleire ord i ei setning, f.eks. "hei pus" "hei pappa" og "pappa, meir mjelk" :) Så det er i ferd med å løsne, sjølv om det er eit stykke opp og fram enda :)

Og så er han ein slik god gut <3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Annonse

[1] Category widget

Her var ting lagt verkeleg øde :P

Mykje har skjedd dei siste månadane :) M er blitt ein så stor og fin gut, vi er så stolte over han :) Språket har eksplodert, VELDIG mykje skjedde litt etter jul :) Han seier stort sett det han vil, etterliknar alle ord vi bruker, kan masse tekniske uttrykk, bilmerker, kva familiemedlem som har kva bil, har fleirordssetningar, tell til ca 20 etc. Så no når vi var på ekstrakontroll på helsestasjonen så var det absolutt ingen problem med språket lenger ;) Han er også blitt veldig flink til å leike seg, held på med fantasileik (butikkleik er favoritten :) ), puslar puslespel, elsker å kike i bøker, kan nokre få bokstavar, og er innmari glad i sang og musikk :)

Og så har han ei enorm viljestyrke, både på godt og vondt :fnise:

Sjølv trivast eg på jobb, og har det fint heime :) Er framleis ikkje gravid, etter snart 2 år utan prevensjon, så over sommaren så tenker eg at eg bestiller legetime om ingenting har skjedd :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Då var sommarferien over, og det er straks nytt bhg-år. M skal opp i storeavdelinga no, han har blitt så stor gut! Dei har hatt tilvenning i løpet av våren, så eg trur det skal gå greit :)

Ellers så må eg vel få tatt og bestilt meg ein legetime snart, det er på tide at M får seg eit småsøsken..og då ser det ut til at vi treng hjelp.. Eg anar ikkje korleis slike ting føregår, men kanskje legen tek litt blodprøver og sånn..?! Og sender henvisning vidare? Jaja, eg finn vel ut :P

Har hatt ein kjempefin sommarferie med masse nydeleg ver, og ein flott ferietur også :) Trur M likte campinglivet veldig godt :) Vi leigde hytte, håper vi etterkvart kan kjøpe campingvogn :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Stakkars M, han får ikkje så mykje oppdateringar lengre, han.. Endå der er jo så mykje å seie om den fantastisk fine guten vår! :rodmer: Han er altså slik ein flott gut, det er så kjekt å sjå han vekse opp! Han er god og snill, intelligent, morosam, koseleg, nussete, rampete, pratete..alt ein 3-åring skal vere :jepp:

I barnehagen får han mykje skryt fordi han er så høfleg og snill, og han prater som ein foss og fangar opp masse ord som dei ansatte bruker :tommelsmil: Det gjer han heime også, og sjølv om han såklart innimellom trassar slik som dei skal i den alderen, så er han generelt sett ein veldig fin fyr! :)

Vi skulle gjerne ha gitt han eit søsken, og det gjekk neeeesten..forrige veke var eg inne på sjukehuset og måtte ta utskraping etter ein MA, kom meg til 10 veker (fosteret døydde etter ca 6), så det gjekk nesten. Vi får satse på at det ikkje tek 2,5 år før neste fullklaff, og at det då følger mønsteret med MA - baby - MA - baby :)

Og så har eg klart å ta lappen denne mnd, og det er jo ei heilt ny verd! :fnise: Det har ikkje gått heilt opp for meg enda, at eg faktisk kan ta bilen og køyre til/frå bhg og jobb..at eg kan køyre dit eg vil.. Det er ein enorm frihet :) Må berre køyre såpass ofte at eg føler det blir naturleg ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åh, så trist å høre om MA! Ikke noe kjekt. :( Får håpe det klaffer fort slik at du går god og gravid i sommer. :)

Herlig med fine tilbakemeldinger fra bhg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...