Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

I morgon er det jobb igjen, så då får vi prøve å komme inn i betre og sunnare rutiner :) Jobbmat går heldigvis bra, men vi må jobbe meir med kosthaldet heime. Vi skal også få inn meir trening :)

Får loggføre ein gåtur på 5 km i dag da, det er jo slett ikkje verst (til å vere meg ;) ).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Skal vi sjå..Mandag var første dag i ny veke, og slutt på ferien.. Mannen fekk trena på mølle..min trim bestod i 1,5 km gåing (750 kvar veg) og 1 time blåbærplukking :P Kan vel ikkje telle så mykje. Men, no har eg friske, heimeplukka, norske, ekte blåbær! Som eg har hatt som dessert til lunsj tirsdag og onsdag - nam! :)

 

I dag var det litt betre, fekk tatt ein time på tredemølla :tommelsmil: Jogga såklart ikkje, forma mi er ALTfor elendig til det! Men eg gjekk, om enn ikkje så fort, 4,5 km. Veksla mellom 5 minutt med 5 km/t og 5 minutt 4,5 km/t + oppvarming og nedtrapping.  Fekk sett to episodar SATC :) Appen seier ca 340 kcal, så det er eg godt nøgd med :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opp 200 gram denne veka, det er ok :)

Skal prøve å få til ei treningsøkt i kveld :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Plutseleg var helga over!

 

Dagens "trening" var å klippe plenen. Her vi bur må vi benytte dei fineversdagane vi får, og i morgon skal det visst regne. Så eg tenkte som så at å klippe plenen i 1,5 time er vel ca like bra som å gå på tredemølla i 1 time... Satte 60 minutt på "Yard Work" med lav intensitet på appen, og den viste 330 kcal. Om det stemmer eller ikkje, anar ikkje eg..men sliten vart eg i alle fall! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fekk til ei lita treningsøkt i kveld :) Ikkje så mykje, men såg 2 episodar SATC medan eg gjekk på tredemølla. 60 minutt, 4,5 km og ca 320 kcal :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Minus 700 gram denne veka, det er eg fornøgd med :) Då held eg meg nokonlunde stabil, og går verken voldsomt opp eller ned. Vil prøve å halde vekta stabil lengst mogleg, slik at eg ikkje blir altfor tung om eg skulle gå opp nokre kg mot slutten av svangerskapet :) Det var jo det legen også ville sist svangerskap, og sjølv om eg ikkje gjer noko for det, så er det heilt greitt å ikkje legge på meg noko særleg foreløpig :) Er uansett fornøgd med å vere over halvvegs og ikkje ha lagt på meg noko :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Er veldig fornøgd med å ha kome oss ut i naturen i dag :) Vi gjekk opp til eit vatn, og hadde ein fin tur. Det ligg ca 150 moh, og vi var ute i eit par timar. Det gjekk ikkje særleg fort, og vi hadde ein del blåbærpauser ;) Appen stod på hiking, og seier 910 kcal forbrent, men eg veit ikkje om det stemmer.

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dagens "trim" vart å slå plenen :) Eg blir i alle fall sveitt av det, så LITT må det vel hjelpe på :) Appen seier 385 kcal på 70 min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var opp ca 1,5 kg denne veka :P Det var da voldsomt til svinging, men så lenge eg framleis er under startvekt så tek ikkje eg det så tungt. Så lenge det ikkje blir 1,5 kg auke KVAR veke framover, såklart! ;)

Gjekk ein fjelltur i dag, saman med gullet :) Tok ca 5 timar i det nydelege veret :) Appen seier ca 2000 kcal forbrent, det er jo flott om det stemmer ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ned 300 gram denne veka, glad for det mtp oppgangen forrige veke! :P Held meg framleis nokså stabil og er ca 2 kg under pre-graviditetsvekt.  Håper å halde meg under så lenge som mogleg. Er snart komt til 24 veker, så eg er eigentleg ganske fornøgd :)

 

Denne veka har det vore minimalt med bevegelse på fritida! :P Har vore veldig trøtt på ettermiddagstid! Eg får jo heldigvis bevegd meg mykje i jobben, og jobbar framleis 100%, så alt kjem jo godt med der :) Og eg har meldt meg på sånn dytt.no-konkurranse via jobben :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Har blitt forkjøla, igjen! Trur det er 3. gong sidan i vår! Det er tydeligvis hardt for immunforsvaret å begynne å jobbe i bhg :P

Det vart ein liten skogstur forrige søndag, og det var det ang. trim denne veka..

Vektmessig går det bra :) Ned 1,2 kg denne veka, så det held seg framleis stabilt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opp 600 gram denne veka, litt forventa sidan nedgangen var så stor forrige veke ;) Har gomla ein del sjokolade i løpet av veka, ikkje bra! Er heldigvis også flink å ete frukt og grønt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ned ein halvkilo forrige veke, så eg held meg fortsatt eit par-tre kg under startvekt. Det er også jordmora godt fornøgd med :)

Ellers så er eg med på dytt.no sin konkurranse via jobb, men foreløpig er eg ikkje av dei beste :P Får gått ein del på jobb, men f.eks. i helgene slit eg litt! Må jobbe meir med aktivitet i helgene. For å hjelpe på, tok eg meg ei økt på tredemølla i går. Gjekk i ein halvtime, ca 2,1 km og 160 kcal. Merker at det er litt tyngre med mage (all ære til dei som joggar fram til termin!), så eg trur det var plassproblem som gjorde at etterpå kasta eg opp :P På onsdag har eg fri (20% sjukmeldt), så då håper eg å få gått ein fin og rolig tur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Opp 700 gram denne veka, greit nok, så lenge det ikkje er 700 gram kvar veke ;) Held meg framleis stabil :) Skal på jentetur til London om eit par veker, så då blir det sikkert 5 kg opp på 3 dagar :P Eg har i alle fall planar om å ete store mengder pubmiddag, Munchies og potetgull! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag vart det 3 km gåtur heim frå bhg. Held meg på over 10000 skritt pr dag, ifølge skrittellaren, så eg er fornøgd med den gjennomsnittlige aktivitet :) Har kome til eit punkt der eg føler at no er det ok om eg legg på meg f.eks. 500 gram i veka i snitt. Då vil eg legge på meg ca 6 kg fram mot fødselen, og havne på 2-3 kg over startvekt. Det er greit, då blir eg ikkje altfor tung :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...