Gå til innhold

Daybreak sitt vesle hjørne


Daybreak

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Eg stramma salgjorda og leide ho ut av stallen. Siste turen på ei lang stund i lag. Kvar skulle vi fare? Eg steig opp medan Linndi var mest oppteken med og ete nokre tustar med gras i kanten. Ho spissa øyre i det vi la i veg. Lyden av metall som traff asfalten for kvart steg, og ein avslappa, men våken hest :) Det var 12 grader ute og sol. Ein perfekt haustdag som samstundes var avskjeden våra. Eg lêt tankane vandre medan eg tenkte på kva som skulle vere ein fin avskjedstur for Linndi. Då sprang det ei jente rett bak hesten og Linndi satte i galopp! Heldigvis så roa ho seg fort av stemma mi (sidan tøylane hang og dingla laust rundt halsen på hoppa). Vi gjekk i roleg tempo vidare til vi kom forbi badeplassen og der slo vi over i friskt trav. Eg tok ho ned i skritt før brua til fotballbana. Linndi var særskilt våken her og klar til meir fart. Det ønskjet fekk ho raskt oppfylt og vi trava i høg fart rundt nesten heile vatnet før vi slo over i galopp i ein sidebakke. Kjensla av dundrandes høver mot sandmala grus. Linndi langa verkeleg ut og spissa øyre. Det var ikkje tvil om at ho kosa seg like mykje som meg. Vi skritta roleg ned att og gjekk ned til vatnet for ho skulle få drikke litt. Så skritta vi roleg heim att. Sola varma oss begge to resten av vegen. Etter og sala ho av så venta tre saftige gulrøter som var velfortent etter ein perfekt tur. Ho dulta i handa mi på veg ut akkurat som ho sa at "du veit det er ikkje eigentleg avskjed? Berre midlertidleg, så snart er vi ute og galopperer att". Då brast eg og gav ho ein god klem før ho fekk kome attande til sine to venninner. Inst inne så veit eg at ho har rett. Takk for ein nydeleg tur og flotte rideturar i haustferien, Linndi. I'll see you again :rodmer:

Har faktisk fått snakka med Linndi sin eigar,og truleg så kan eg få ho på heilfôr (som min eigen hest, berre ikkje på papira) frå hausten av :strix:

Det håper eg verkeleg vert noko av :jepp:

529051_10150918895546297_313056433_n.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var virkelig gode nyheter! Håper at det går som ønsket! :jepp:

p.s. hvorfor er den barbert over hele seg nesten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det ante jeg faktisk ikke....hvorfor gjør en det da? :klo:

Er det slik om sommeren også, eller har det med kulde og vinter å gjøre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei,det kan ein gjere heilårs,kjem litt an på bruken av hesten,dei som trenar mykje gjer det vel sommaren også :)

Ein gjer det for at hesten skal sveitte mindre under trening så det vert mindre travelt ;) Er litt som om vi trenar med litt mindre klede enn vi brukar ellers :fnise:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse

[1] Category widget

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...