Gå til innhold

*Frida*


*Frida*

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Ingen klaff denne månaden. Blei beint fram overraska, for eg har hatt så mange tegn dei siste par dagane. Litt skuffa og... Måtte faktisk ta ein test i dag tidlig, berre for å sjekke om det kunne vere ein veldig tidlig sa. Men testen var krittkvit, så det var jo på ein måte veldig greitt.

(Og då treng eg ikkje ha dårlig samvittighet for alkoholen eg drakk i Dublin, 1 og 2 dagar etter EL :gjeiper: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tickeren er veldig feil, har ikkje justert den sidan eg laga den. Trur kanskje EL var i går, men er usikker. Hadde ingen 'vondter' sånn som eg har hatt tidligare. Hadde egentlig berekna EL i dag eller i måro.

A har hatt ei rivande utvikling i språket dei siste 2 månadane. Ho har vel vore litt sein med språk, og brukt mest kroppsspråk for å gjere seg forstått. No kjem det meir ord, og i det siste har ho også satt samen 2 ord. I går sa ho "hei pappa" heile dagen :fnise:

Det er mange lydar ho liksom ikkje greier å få til, blant anna er melk 'mne'. Det har ho sagt sidan i vår.

Det blir plutselig vinter og kaldt (sjølv om det er skikkelig haustregn i dag), og eg har endelig fått på plass vinterkle til A. Det blei Helly Hansen dress med uttagbart for. Kjøpt samme dag som testen i tv2 hjelper deg kom, men der var dressen ikkje med. Håpar den er ok.

Har hatt lyst å kjøpe skikkelig gode og varme sko til henne i vinter, og har sett på Kamik og Sorel. Det blei et par Sorel. Kjøpte str 24, som viste seg å vere ganske stort, men då blir det til behovsbruk i vinter, og så har ho også til neste år.

I går las eg ein Intersportreklame i lunsjen med McKinley aquamax vintersko til 199! Sprang ned på den lokale Intersporten, og fann skoa i str 23. Men, skoa der kosta 499. Etter litt om og men (eg hadde jo ikkje reklameavisa med meg, og innehavaren der visste ikkje om salget), fekk eg skoa til 299. Heilt ok!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei!

Jeg er tilbake etter en laaaang pause og kom plutselig over deg! Hvordan går det? Ser dere prøver på nr to - det er koselig da! Kanskje du havner i samme klubb som iingvild og meg? Blir gøy å lese hva som skjer framover :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Usikker på når IKM er denne gang. Har hatt sykluser på 28 dager dei siste gongane, mot 30-31 dagar tidligare.

Usikker på når eg hadde EL og, men antar det var mandag 4. Om det stemmer er eg 15 DPO i dag.

Forrige månad hadde eg masse 'menssmerter' heile veka før IKM, no kjenner eg ingenting.

Heime frå jobb i dag. Me har vore litt småforkjøla dei siste par vekene alle 3, men i går blei eg mykje verre.

Sat under teppet med verk overalt etter jobb i går. Godt å ta ein dag heime :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blør i dag. Føles som om eg har hosta det på meg, for nå har eg så tung og slitsom hoste at eg er heime frå jobb. Igjen.

Dårlig dag i dag altså. Blæ!

Skal til lege om et par timar. Må be om sjukemelding, siden eg brukte egenmelding på tirsdag. Ute er det 12-15 cm nysnø, glad eg har piggdekk...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

No er det snart leggetid kjenner eg, men eg får med ei lita oppdatering her.

Skal på jobb-kurs i Bergen i måro, så i kveld har eg og ein kollega kjørt hit. No sit eg på eit hotellrom, og det skal bli rart å sove heilt åleine her i natt. Savnar jo vesle familien min heime, både stor og liten :)

Eg har budd omtrent 5 år i denne byen, så eg måtte ut og rusle litt på Torgallmenningen når me hadde komt fram. Underlig, men koselig å 'sjå igjen' denne byen. Det føles slett ikkje heime lenger, og det er greitt :jepp:

Me har framdeles ikkje fått internett heime. Begynner å bli ganske så lei av å vente på at noko skjer no. Me har bestilt Altibox, men det er ein lokal leverandør som skal levere tjenesten og legge fiber til huset vårt. 8 veker sidan me sendte søknaden no...

Så det blir mykje 3G på mobilen for tida, og eg savnar å 'fungere skikkelig' på nettet.

Eggløysing er vel over, og no er det vente, vente. Testar ikkje for EL, men hadde relativt vondt i mage/underliv denne gang, tydelig på høgre side. Om smertene er samme dag som sjølve EL, var EL på mandag. Litt seint, så mulig det blir ein lang syklus denne gang, ca 32 dagar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Neida, ikkje denne gang heller. Fekk mens på IKM 22. november, dag 31. Hadde symptomer, bla. spreng i brystene, sidan fredag, så eg lot meg jo lure...

Jaja!

Neste IKM er 23. desember... Det blir tungt, om eg får mens då og. Men, som min samboer sa: det du ikkje kan forandre må du ikkje bruke energi på. Når mensen først kjem, kan ein ikkje gjere noko frå eller til!

Skal bestille legetime, for å sjekke hormonverdiane. (Har kronisk sjukdom og unormale hormonverdiar) Har ikkje mistanke om at noko er (langt) unna normalen, men har lyst til å utelukke muligheten.

Snart jul (det gjekk opp for meg når neste ikm er lille julaften), i alle fall advent! Har planlagt julebaksten (krumkaker, serinakaker, havreflarn, pepperkaker, kokostoppar og 'flesk', pluss pepperkakehus), og adventskalenderen er under produksjon. Pakkane til kalenderen har eg ikkje kjøpt ennå, men tenker å finne et par sett som eg skal dele utover. For eksempel kaffeservise/kjørler og lego. Kalenderen eg lagar er forresten denne frå Panduro.

Er på jobb, og skal forsøke å gjere noko. Framdeles ikkje internett heime.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Usj, så kjedelig, søte deg. :troest: Man blir jo så utålmodig når man først har satt i gang med prøvingen, også. Håper det klaffer i desember!

Den julekalenderen er kjempefin, kikket på den jeg også. Endte opp med noe egenkomponerte greier, men dog. Lurt med kaffeservise og Lego! Jeg har begynt å hekle epler og gulrøtter og poteter som lillejenta skal få i sin kalender. :ler:

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

Endelig fiber to the home! Deilig med trådlaust nett igjen, og kunne ha nett på dataen. Nett på mobil er tungvint...

Har ikkje fått kobla tven til Altibox ennå, men me har jo parabolen her ennå så det hastar ikkje.

Adventskalenderen blei ferdig på kvelden 30. november :) Veldig fornøyd med den! Alle pakkane er ikkje pakka inn og hengt opp ennå, men alle er i alle fall innkjøpt. Legosettet blei fordelt utover dei første 9 dagane, og det var visst ikkje så spennande dei siste dagane. Pakken var spennande å pakke opp, men når ho fekk fram legoen sprang ho og kasta den i kassen med resten av legoen :gjeiper:

No har ho fått 3 pakkar med kaffeservise, og det var moro! No er det veldig mykje kaffeselskap her :fnise:

Me var på konsert fredag kveld, hotell i byen og shopping på lørdag. Når me kom heim lørdag i fem-tida var det null vatn i kranane her. Røyrene i feltet er frosne... Så no har me varmluftsovnar rundtom i kummane ute. Håpar me kanskje har vatn i kveld. Trur eg må låne meg ein dusj hos svigers no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

11. januar 2011. Tida flyr!

Jula var fin og rolig her. Me 3 var åleine her i nyehuset, åleine på julafta for første gang. Koselig! A pakka opp pakkar, og var strålande fornøyd med den minste vott :rødme:

Ho fekk ski (som ein festar på vanlige sko) og akebrett av oss, stolar og bord til rommet sitt, musikkspelar, togbane, bøker og masse anna fint.

pp6 no. El var på søndag, og for første gang brukte eg el-testar. Testen var positiv fredag og lørdag, men negativ søndag. Søndag var forventa el-dag, så testane bekrefta berre det eg trudde. Har begynt å ta Yam-rot no etter eggløysing.

IKM 23. januar. Håpar, håpar! Syns det har tatt lang tid no. Har veldig lyst på 2011-baby. :kgbaby:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper du følger etter! :)

Eg og! Så kjekt å sjå tickeren din :jepp:

Må ta med litt om A. Ho imponerer oss med språk om dagane!

I dag når me hadde henta henne i barnehagen, høyrer me frå baksetet ¨henta post¨! Jepp, me plar hente posten på veien heim, og det hadde ho fått med seg.

Ellers kjem det nye ord kvar dag, og ho set saman inntil 3 ord. Ho har øvd seg på preposisjonar i det siste, td. ¨oppå der¨ og ¨bleia på¨. Ho hermar mykje når me snakkar.

Gode snille store-jenta mi :rødme:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...